JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Korona-krisa:

No skal permitterte og arbeidsledige på skolebenken. Regjeringa gir 190 mill. til utdanning

Arbeidstakarar og arbeidsgivarar får stor innverknad på utdannings-tilbodet.

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

Fredag la regjeringa fram ei såkalla kompetansepakke på bestilling frå Stortinget. Dei legg 190 millionar kroner i potten, og gir dermed 40 millionar meir til utdanning for arbeidstakarar enn Stortinget bad om.

– Denne gongen er vi veldig nøgd med regjeringa sine tiltak. Dei har lytta til partane i arbeidslivet, seier forbundssekretær Per Skau i Fellesforbundet.

p

Mistar ikkje dagpengar

400.000 er no arbeidsledige, viste Nav-tal fredag. Auken den siste månaden, er den største nokon sinne.

– For å motverke konsekvensane av den økonomiske krisa, legg regjeringa no fram ei rekke tiltak retta inn mot arbeidsledige og permitterte som treng meir utdanning og opplæring, seier Henrik Asheim (H), minister for forsking og høgare utdanning, i ei pressemelding.

Asheim seier regjeringa er i gang med å endre regelverket sånn at permitterte og arbeidsledige kan delta i korte opplæringstilbod utan å miste dagpengane. Å bruke tida til utdanning er positivt for både enkeltpersonar, næringslivet og samfunnet, meiner statsråden.

Sånn vil regjeringa bruke pengane:

• 100 millionar kroner til treparts bransjeprogram

• 50 millionar til nettbasert opplæring

• 20 millionar til universitet og høgskolar for å skaffe fleire studieplassar

• 20 millionar til opplæring av ufaglærte

Arbeidslivets behov

For det største fagforbundet i privat sektor, Fellesforbundet, er den store sigeren at godt over halvparten av pengane, 100 millionar kroner, går til såkalla treparts bransjeprogram.

Dette er samarbeid om etter- og vidareutdanning, mellom fagforbund, arbeidsgivar-foreiningar og staten. I dei eksisterande bransjeprogramma for byggebransjen og industrien, samarbeider Fellesforbundet med NHO-foreiningane Byggenæringens Landsforening og Norsk Industri.

Både sentralt og lokalt, har dei gått saman med fagskolane for å utvikle utdannings-tilbod ut frå behovet til bedrifter og tilsette. «Den digitale fagarbeider» og «Industrifagskolen» tilbyr allereie etterutdanning i digitalisering og automatisering, i form av korte modular som kan kombinerast med jobb.

p

Tilbakemeldingane er gode og samarbeidet har vore ein suksess, ifølge Fellesforbundets Per Skau.

Kom i gang

– No får vi moglegheit til å utvide programma frå pilotprosjekt, til etterutdannings-tilbod over heile landet. Dette vil gi fagarbeidarane og bedriftene våre auka kompetanse i morgondagens omstilling og konkurranse, seier Skau til Magasinet for fagorganiserte.

Forbundssekretæren har ei viktig melding til tillitsvalde og arbeidsgivarar: Dei må raskt begynne arbeidet med å utvikle lokale tilbod saman med fagskolane.

– Tillitsvalde må ta kontakt med bedrifta, med forslag om å etablere utdanningstilbod i staden for permitteringar, eller for dei som allereie er permittert, oppfordrar han.

I tillegg til å utvide dei eksisterande bransjeprogramma, vil regjeringa opprette seks nye program, blant anna for den krise-ramma reiselivsnæringa.

Fagbrev til fleire

Regjeringa set også av 20 millionar kroner til opplæring for ufaglærte som vil ta fagbrev, gjennom tilskots-ordninga «Kompetansepluss» administrert av Kompetanse Norge.

Målgruppa er arbeidstakarar som har stått i arbeid lenge, men manglar formell utdanning. Opplæringa skjer på arbeidsplassen, og skal tilpassast sånn at permitterte kan delta.

– Årets utlysing kjem tidlegare enn i fjor, sånn at dei som har moglegheit og kapasitet kan starte opplæringa allereie i vår, seier Sveinung Skule, direktør i Kompetanse Norge, i ei pressemelding.

p

Internett

Direktoratet har saman med Diku også ansvar for utdeling av dei 70 millionane til digitale tilbod for arbeidsledige og permitterte.

50 millionar går til ein pott utdannings-institusjonane kan søke frå. 20 millionar går til universitet og høgskolar, som allereie underviser digitalt, sånn at dei skal kunne ta inn fleire studentar.

– På rekordtid har dei lagt om til digitale undervisningsformer. Framover må dei bruke denne erfaringa til også å tilby fleksible opplærings- og vidareutdannings-tilbod for ei anna målgruppe, nemleg dei som er ledige eller trua av omstilling, seier Skule.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse