JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret 2022

No stemmer Fellesforbundet-medlemmar om dei første lønnsoppgjera

– Om du ikkje stemmer, kan du heller ikkje klage, seier klubbleiar Karin Nilsen om uravstemminga i lønnsoppgjeret.
RETT OG PLIKT: Medlemmar i Fellesforbundet har rett og plikt til å stemme ja eller nei til lønnsoppgjer. Industriarbeidarane Morten Ingebrigtsen og Karin Nilsen har brukt stemmeretten og gjort plikta si.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

TRØNDELAG: Mekanikar Morten Ingebrigtsen kryssar av på stemmesetelen og legg den i urna, til ære for Magasinet for fagorganiserte sin fotograf.

På industribedrifta Orkel i Orkland i Trøndelag, har så godt som alle dei i overkant av 50 medlemmane stemt i årets uravstemming. Det har klubbleiaren sørga for.

Karin Nilsen har gått rundt til alle medlemmane, og forklart kvifor det er viktig å delta i medlemsdemokratiet.

– Om du ikkje stemmer, kan du heller ikkje klage, argumenterer ho.

Uravstemmingane er i gang

Torsdag skal Fellesforbundet-medlemmane ha stemt ja eller nei til resultata i tariffoppgjera i industrien, byggebransjen og byggeindustrien. Da skal nemleg den første runden med uravstemmingar vere ferdig.

Og da skal til saman 53.000 medlemmar ha fått sagt sitt.

Tariffoppgjera er altså ikkje ferdige når forhandlarane i Fellesforbundet har blitt einige med arbeidsgivarane. Medlemmane har alltid siste ord. Dei skal anten vedta eller forkaste resultatet.

Sånn stemmer du

Du har stemmerett dersom du er Fellesforbundet-medlem, og bedrifta di har tariffavtala som oppgjeret gjeld. Uravstemmingane skjer stort sett ute på arbeidsplassane i arbeidstida, og avstemminga er hemmeleg og skriftleg.

Du skal krysse av for «ja» eller «nei» på stemmesetelen som skal leggast i ei stemmeurne. På stemmesetelen er det informasjon frå forbundet om resultatet i oppgjeret ditt. Som regel er det også ei anbefaling frå forhandlingsutvalet om å stemme ja. Nokre medlemmar har moglegheit til å stemme elektronisk, og da skal du ha fått melding om det.

Fellesforbundet-avdelinga og klubben din har ansvar for å gjennomføre avstemminga på riktig vis, telje opp stemmene og melde inn tala til forbundet.

SEIE MEININGA SI: Morten Ingebrigtsen har sette seg godt inn i resultatet for industrien, og kan dermed krysse av på stemmeseddelen og legge den i urna.

SEIE MEININGA SI: Morten Ingebrigtsen har sette seg godt inn i resultatet for industrien, og kan dermed krysse av på stemmeseddelen og legge den i urna.

Tormod Ytrehus

… og dette skjer etterpå

Tariffoppgjeret er vedtatt dersom eit fleirtal av medlemmane med stemmerett har stemt ja til resultatet.

Dersom eit fleirtal har stemt nei, er resultatet i oppgjeret ditt forkasta. Da må forbundet tilbake til forhandlingsbordet, eller ta medlemmar ut i streik. Streik blir konsekvensen dersom uravstemminga gjeld eit meklingsresultat (som i industrien, bygg, byggeindustrien og hotell og restaurant).

Det er viktig at flest mogleg stemmer for at uravstemminga skal fungere. Om ikkje fleirtalet av medlemmane har stemt ja eller nei, må to tredelar av medlemmane ha deltatt for at avstemminga skal gjelde. Og om heller ikkje det har skjedd, må LO-sekretariatet bestemme om resultatet i oppgjeret blir vedtatt eller forkasta.

Dei som stemmer bestemmer

Som Fellesforbundet-medlem har du altså rett til å stemme i uravstemmingane som påverkar lønns- og arbeidsvilkåra dine. Men du har også plikt til å stemme, sånn at resultatet gir klart uttrykk for medlemmane sin vilje.

– Det handlar om demokrati. Når du har moglegheita til å bli høyrt, er det viktig å nytte seg av den, forklarer Ingebrigtsen som er tillitsvald i Orkel i Orkland, etter å ha lagt stemmesetelen i urna.

– Om du ikkje stemmer, blir det iallfall inga forandring, seier Kim Rødsten som allereie har stemt, til nikking frå kollega Kjell Lomundal som også har stemt i uravstemminga.

Dei første uravstemmingane

5. mai: Industrien med 29.000 omfatta medlemmar, byggebransjen med 17.300 og byggeindustrien med 6.500.

19. mai: Treforedlingsindustrien med 1.600 omfatta medlemmar, hotell og restaurant-bransjen med 6.600 og flyarbeidarar med 1.600.

2. juni: Førebels bilbransjen med 6.600 omfatta medlemmar og avis, avispakkeri og trykkeri med 600.

I alle tariffoppgjera har forhandlingsutvala einstemmig anbefalt medlemmane å stemme ja til resultatet.

Resultatet av avstemmingane blir vanlegvis offentleggjort dagen etter fristen.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse