JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ulovlege arbeidsforhold på byggeplass i København:

Rasande danske fagorganiserte velta Porsche og storma byggeplass

Ein stillasarbeidar og ein organisasjonsarbeidar skal ha blitt overfalne då dei forsøkte å dokumentere ulovlege arbeidsforhold på ein byggeplass i København.

Ritzau / NTB Scanpix

tormod@lomedia.no

Opp mot 400 stillasarbeidarar, som skal vere organisert i danske 3F, storma måndag ein byggeplass på Nørrebro i København.

Bakgrunnen skal vere at ein stillasarbeidar organisert i 3F og ein fagleg sekretær i Dansk El-Forbund vart overfalne av tilsette hos ein underleverandør på byggeplassen søndag kveld, skriv danske medium.

Det skal ha skjedd då dei forsøkte å dokumentere ulovlege arbeidsforhold for litauiske arbeidstakarar som set opp stillas for bedrifta.

p

Velta stillas og Porsche

Hendinga førte til at stillasarbeidarane i 3F arrangerte ein demonstrasjon i nærleiken av byggeplassen måndag morgon.

10-20 politifolk var til stade, skriv danske Ekstra Bladet, men klarte likevel ikkje å hindre stillasarbeidarane frå å kaste stein, bryte sperringane og storme byggeplassen.

Dei tilsette hos underleverandøren forskansa seg i brakkene sine, før dei rasande stillasarbeidarane velta eit fire etasjar høgt stillas over brakkene.

Dei skal også ha velta ein Porsche i nærleiken.

Ein kan sjå korleis det heile utspelar seg i videoane på Ekstra Bladet sine nettsider.

Fleire veker med frustrasjon

Hovudentreprenøren seier til danske DR at underleverandøren ikkje kjem til å fullføre prosjektet etter måndagen sine hendingar.

Hendinga er eit resultat av fleire veker med frustrasjon, skriv kanalen. Stillasarbeidarane reagerer blant anna på at det danske Arbeidstilsynet ikkje har gripe inn overfor brot på tryggleiksreglar.

Dei lokale fagforeiningane har dessutan avdekka brot på tariffavtala sine lønns- og arbeidsvilkår, ifølge Fagbladet 3F.

Leiinga i 3F seier til avisa at dei tar avstand frå vald og arbeidsstans som er i strid med tariffavtala.

Politiet opplyser at dei framleis etterforskar saka.

Annonse
Annonse