JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Tips Skatteetaten:

Sånn kan du hjelpe myndigheitene å ta skatteskurkane i arbeidslivet

No kan ein enkelt og anonymt sende inn tips om skattekriminalitet.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

I fjor fekk Skatteetaten inn 4.500 tips om skattekriminalitet. No har dei lansert ei nettside som skal gjere det enda enklare å tipse om personar og bedrifter som snik seg unna skatt.

Verdifull informasjon

Tidlegare måtte ein logge seg inn i Altinn, ringe eller sende epost dersom ein ønska å tipse om skattekriminalitet. Den nye nettsida skal sikre anonymitet og gi etaten sin etterretningsseksjon informasjonen dei treng for å handtere tipset.

p

– Tips gir oss mykje verdifull informasjon som hjelper oss i arbeidet med å sikre skattefundamentet, kjempe mot skattekriminalitet og sikre rettferdige konkurransevilkår, uttaler Erik Nilsen, Skatteetaten sin sjef for skattekriminalitet, i ein epost gjennom ein rådgivar.

Mange av tipsa dreier seg om arbeidslivskriminalitet, opplyser Skatteetaten. Men dei får også tips om utleige i eigedomsbransjen og skjulte inntekter og formuar i utlandet.

– Med den nye løysinga på plass, har vi ein felles kanal for innsending av tips der alle tips blir registrert, vurdert og handtert heilskapleg og likt. Dermed gir den nye løysinga oss også gode moglegheiter til å jobbe meir målretta og risikobasert enn tidlegare.

Tips frå tillitsvalde

Tillitsvalde og arbeidstakarar bør ta i bruk moglegheita til å tipse, meiner LO-sekretær Trude Tinnlund.

– Våre tillitsvalde er ute kvar dag, ser og høyrer ting som er nyttig for arbeidet mot arbeidslivskriminalitet, seier ho til Magasinet.

Tinnlund er LO sin representant i Samarbeidet mot svart økonomi, der Skatteetaten, arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar samarbeider i kampen mot skattekriminalitet. Ho viser til at årlege skatteinntekter mellom 12 og 60 milliardar kroner går tapt, ifølge ein rapport laga for Skatteetaten av Samfunnsøkonomisk analyse i 2017.

– Finansieringa av velferdssamfunnet, som vi nyt godt av alle saman, er eit spleiselag. Spleiselaget finansierer sjukehus, veg og skole. Om folk skal fortsette å ha tillit til at systemet verkar, må vi sørgje for at folk betaler skatt og handlar kvitt.

– Derfor har vi vore veldig opptatt av proffmarknaden, der dei store tinga skjer. Det er viktig å luke ut dei useriøse, som driv med lovbrot og skattesnyting, seier Tinnlund.

Useriøse bedrifter

To av tre medlemsbedrifter i NHO oppgir at konkurranse frå useriøse bedrifter er eit stort problem for si eiga bedrift, ifølge NHO sitt arbeidsgivarbarometer frå 2017. Delen er over 70 prosent blant småbedriftene.

– Det er ikkje store marginar innanfor tenestenæringa, og jo mindre bedrifter, jo mindre marginar. For jobbskaparane i næringa, er det spesielt viktig å få bukt med dei som juksar seg unna lover og reglar. Det er viktig å gjere det lett å drive seriøst og vanskeleg å drive useriøst, seier administrerande direktør Anne-Cecilie Kaltenborn i NHO Service og Handel til Magasinet.

p

Kaltenborn oppfordrer bedrifter til å tipse dersom dei mistenker skattekriminalitet. Ho viser til at myndigheitene har eit krevjande arbeid.

– Vi vil gjere alt vi kan for å gjere det vanskelegare for dei som ikkje bryr seg om lover og reglar.

Warning
Annonse
Annonse