Colourbox
Krisetiltak for studentar under koronaen:
Studentar må få dagpengar, krev LO
LO vil ha krisetiltak for korona-permitterte og -arbeidslause studentar.
tormod@lomedia.no
Mens næringslivet har fått milliardar i nye støtteordningar, har krisetiltaka uteblitt for studentar som har mista deltidsjobben og store delar av inntekta på grunn av koronakrisa.
LO krev no ei rekke krisetiltak som skal gjere at studentar og lærlingar får råd til å fullføre utdanninga:
• Mellombels dagpengerett under koronaen.
• Eit eige koronastipend gjennom Lånekassa.
• Vurdering av dagpengerettar på varig basis.
• Auka stipend og lån.
• Fleire og rimelegare studentbustadar.
• Løft i psykisk helsetilbod.
Denne skaper debatt: Permitterte Nathalie får ikkje dagpengar. No blir ho heimlaus
Strakstiltak
For det første bør studentar få ein mellombels rett på dagpengar frå Nav, krev LO.
I tillegg krev dei eit eige koronastipend frå Lånekassa for studentar som slit med å betale faste kostnader som husleige og straum.
– Regjeringa har satsa altfor lite på studentane som fell mellom to stolar, seier LO-sekretær Kristin Sæther til FriFagbevegelse.
LO-sekretær Kristin Sæther.
Bjørn A. Grimstad
Ho peikar på at delen arbeidslause er aller størst blant dei unge, og at den aukar mest i denne gruppa etter dei siste korona-innstrammingane.
– Dette er folk som har arbeidd, studert og gjort det samfunnet har forventa av dei. Så står dei heilt utan eit sikkerheitsnett, påpeikar Sæther.
Inn i dagpengeordninga
I tillegg til strakstiltaka, krev LO at dagpengerettar på varig basis må vurderast i samanheng med alternative tiltak for å betre den økonomiske situasjonen til studentane.
Regjeringa bør komme tilbake med eit konkret forslag til korleis dette skal gjerast, meiner hovudorganisasjonen.
– Koronakrisa viser kor sårbare studentar er for kriser og svingingar i arbeidsmarknaden, seier Sæther.
– Vi er avhengig av at unge folk har tillit til velferdsstaten i krisetider når dei verkeleg har bruk for den. Det er dei som skal bere den vidare, poengterer ho.
Krisetiltak i vår: Fellesforbundet rasar mot at studentane får meir gjeld
Meir frå Lånekassa
LO krev også ein generell auke i stipend og lån frå Lånekassa, for å sikre lik tilgang til høgare utdanning.
Heile sju av ti studentar jobba i fjor deltid for å ha råd til å studere.
Sæther peikar på at nokre studentar får hjelp heimanfrå, mens andre har foreldre med dårleg råd og som kanskje er permitterte sjølv.
– Forskjellane kjem til å auke med koronakrisa dersom vi ikkje set inn dei riktige tiltaka no, seier ho.
Bustad og psykisk helse
Hovudorganisasjonen ønsker også rimelegare studentbustadar, og fleire enn dei 1.650 som er foreslått i statsbudsjettet for neste år.
Også eit løft i psykisk helsetilbod for studentar som opplever einsemd og andre psykiske plager, er eitt av krava.
Så langt har regjeringa sette av 10 millionar kroner til tiltak for korona-einsame studentar. Det er altfor lite, meiner LO-sekretær Kristin Sæther.
– Det er 35 kroner per student, og det er ikkje nok til ein kopp kaffi ein gong.
Regjeringa vurderer
Krava om krisetiltak får ingen umiddelbar tilslutning frå regjeringa.
– Dei som får dagpengar i dag er arbeidstakarar som ikkje har noka anna form for inntektssikring, men det har jo dei fleste studentane heldigvis gjennom stønad frå Lånekassa.
Det skriv statssekretær Aase Marthe Johansen Horrigmo (H) i Kunnskapsdepartementet, i ein epost til FriFagbevegelse. Ho legg til:
– Vi vurderer heile tida kva slags økonomiske tiltak vi skal sette inn, så blir dette verre, er det klart at vi må ta ei vurdering på om vi skal gjere noko ekstra for studentøkonomien.
Ikkje småsummar
Horrigmo peikar på at dei 10 millionane til tiltak for den psykiske helsa til studentane, er i tillegg til 20 millionar studentsamskipnadane allereie har fått i statsbudsjettet.
– Det er ikkje ein liten sum, men pengar som skal brukast til å gi eit betre tilbod til dei som har behov for det, skriv statssekretæren.
Ho er dessutan heilt einig i at studentane skal ha tilgang på gode og rimelege studentbustadar.
– Grunnen til at vi neste år har sett av pengar til 1.650 nye studentbustader er rett og slett fordi talet på byggesøknader har gått ned dei siste åra, avsluttar Horrigmo.
Mest lest
Anne Myklebust Odland
Mor ble innlagt i psykisk helsevern. Da flyttet barnevernet inn til far og babyen
Allmenngjorde minstelønna: Ulovleg for arbeidsgivarar å betale mindre lønn eller gi dårlegare arbeidsvilkår.
Colourbox
Lønnshopp før sommarferien: Sjekk den nye minstelønna i ni bransjar
Debatt
Det har vært fantastisk å være Norge lenge. De som har argumentert for at det er lurt for et lite land å ha en egen valuta, har hatt vind i seilene. Men regningen for en fest kommer alltid, skriver Kjetil Staalesen.
Erlend Angelo
Regninga kommer, og den sendes rett til norske arbeidstakere og pensjonister
En utbredt misforståelse er at IA-avtalen ikke gjelder lenger, forteller rådgiver i LO, Gry Gundersen.
Eirik Dahl Viggen
Sykefravær: Arbeidsgivere kutter i egenmeldingsdager
I dag er de enten 65, 63 eller 60 år, med en 85-årsregel som gir en mulighet til å gå av inntil tre år før aldersgrensen.
Colourbox
Pensjonen for 200.000 arbeidstakere i Norge på bordet
– Dette er en viktig seier for stillingsvernet og et seriøst arbeidsliv med faste ansettelser, sier faglig sekretær Joakim Gebhardt i Fellesforbundet.
Alf Ragnar Olsen
Peab Asfalt sa opp 150 arbeidere. Nå har de trukket oppsigelsene
Kan det bli slutt på nattarbeid for butikkansatte? Det er blant spørsmålene et utvalg nedsatt av Stortinget skal vurdere.
André Kjernsli
Butikkansatte jobber sene kvelder og netter. Nå kan det bli en endring
Den takhøyden som liksom er så høy … den er ikke alltid så høy likevel, mener Olav Neerland om organisasjonen han er medlem av.
Hanna Skotheim
Olav ble kalt kvinnehater: – Jeg er ikke redd for å stikke hodet fram
– Jeg håper tilsynsrapporten fører til endring, men usikker på om den gjør det i virkelighetene, sier Frid Melling Vågenes (f.v.). Her sammen med Robin Knutsen og Joakim Johnsen.
Leif Martin Kirknes
Sjefen sendte grove e-poster i fylla. Får kritikk fra Arbeidstilsynet
Høyre og Frp er ett mandat unna rent flertall dersom denne målingen hadde vært et valgresultat.
Stian Lysberg Solum / NTB
Høyresida knuser de rødgrønne på ny måling
Anna Granqvist
Pensjonistene vil være med når de skal få mer penger. Se hva partiene svarer
Hos Bilfinger i Porsgrunn har de ansatte tilgang til kantine. Men de som jobber på gulvet her, spiser helst i hallen.
Sissel M. Rasmussen
Status og hierarki på jobb: Dette avslører matpausen om oss
Bare i Oslo, Viken og Vestfold har ni av ti bygningsarbeidere i bemanningsselskaper mistet jobben etter innføringen av forbud mot innleie fra bemanningsforetak for byggenæringen i Oslo-regionen.
Håvard Sæbø
1200 oppsagt i byggebransjen
Høyre-lederen beskylder venstresiden for nærmest å bygge ned velferdsstaten Norge.
Frederik Ringnes / NTB
Erna Solbergs fem beste grunner for å stemme Høyre
Streik kan føre til fulle søppelkasser fra 14. juni.
Tina Brandt
Streik kan føre til søppelkaos neste uke
Gruvearbeider og tidligere forbundsleder Anita Johansen mener valget ikke var rettferdig. Brede Edvardsen vant med et klart flertall - 124 mot 83 stemmer.
Ylva Seiff Berge
Anita ble kasta som forbundsleder, men fikk aldri vite grunnen
Beate Oma Dahle / NTB
Rødt krever krisepakke før sommerferien
Asbjørn Jansen (18) har en god tone med lærer og barnevernspedagog Christian Dragøy mens de pakker vedsekker.
Hanna Skotheim
Denne skolen lager arbeidsfolk: – Vi har elever som hater ferie
Brannfolk er blant gruppene som i dag omfattes av særalderspesnjon.
Lars Magne Hovtun/OBRE
Forhandlingene om ny særalderspensjon i gang
Det er meir sannsynleg med eigenmeldt sjukefråvær på opne kontor. Det viser ei ny studie.
Vidar Ruud / NTB