Fra venstre: Maren Høyland (servitør/nattevakt), Synne Svalestad (frokostvert), Wendy Andreassen (resepsjonist/nattvakt), Kardis Hetland (frokostvert), Shatri (vaktmester), Tonje Egeland (bookingansvarlig for kurs/konferanse) og Hjørdis Hetland (resepsjonist).
Håvard Sæbø
Lokale forhandlingar
Suksess-hotellet: Her er oppskrifta på vellykka lønnsforhandlingar
Sjå til Egersund! seier folk i Fellesforbundet. Der har dei tilsette og leiinga på Grand Hotell knekt koden for gode lokale forhandlingar som har gitt betre lønns- og arbeidsvilkår.
tormod@lomedia.no
Egersund: Sola skin over «Okka By» ein times biltur sørover frå Stavanger, og det passar bra til ei solskinshistorie.
På ærverdige Grand Hotell Egersund har dei nemleg lykkast med noko mange andre har slite med:
Dei har fått lokale forhandlingar til å fungere.
Vi må spole tilbake til 2016. Hotell og restaurantar var i streik med steile frontar. Kravet var retten til lokale forhandlingar, noko mange håpa ville få opp lønna i låglønnsbransjen.
– Dette er ein fantastisk bransje, men det blir ikkje verdsett. Vi treng eit løft, vi tener dårleg i forhold til resten.
Det seier klubbleiar Wendy Andreassen. Ho har jobba på hotellet i Egersund i 15 år, som nattevakt i resepsjonen.
Fellesforbundet vann til slutt fram med kravet.
Seinare har dei lokale forhandlingane vore ein kontroversiell affære. Tillitsvalde og Fellesforbundet har skulda arbeidsgivarane for ikkje å føre reelle forhandlingar.
Resultata av forhandlingane har mange stadar vore lite å skryte av.
Hotellet i Egersund blir derimot trekt fram som eit eksempel til etterfølging av tillitsvalde i Fellesforbundet.
Klubbleiar Wendy Andreassen er nattevakt i resepsjonen. Ho meiner hotelltilsette på sikt må opp på industriarbeidarlønna. Dit er det eit godt stykke igjen.
Håvard Sæbø
Betre og betre for kvart år
I 2017 skulle Wendy Andreassen sette seg ned til forhandlingar med hotelldirektøren for første gong, fortel ho.
– Vi visste ikkje heilt korleis det skulle gå føre seg. Men det har gått betre og betre for kvart år. Og vi forventar litt i år også.
Andreassen har smørbrødlista klar:
Obligatorisk tenestepensjon har auka frå to til tre prosent, og skal utvidast til fem prosent innan 2025.
Ansiennitetsstigen er utvida til 30 år. Kronetillegget er 3,50.
Dei fast tilsette har også fått ei skoavtale med ein lokal butikk, som gjer at dei årleg kan hente ut eit par valfrie sko på bedrifta si rekning.
Og oppkasttillegget har auka frå 150 til 300 kroner. Hotellet har dessutan eit tillegg for ansvarleg nattevakt som har auka frå 75 til 85 kroner gjennom forhandlingar.
– Skoavtala set eg verkeleg pris på, og lønna hjelper, kommenterer frukostvert Kardis Hetland som har jobba på hotellet i 44 år, på tampen av ein arbeidsdag der ho vanlegvis går mellom 11.000 og 15.000 skritt.
Frokostvert Kardis Hetland sjonglerer heimelaga matjesild og omelettar når Magasinet er innom. Det blir litt mindre gåing enn da ho var servitør, men framleis blir det 11.000 til 15.000 skritt per dag. Derfor er ho veldig fornøgd med skoavtala klubben har forhandla fram.
Håvard Sæbø
Suksessoppskrifta
Magasinet spør tillitsvalt Andreassen om suksessoppskrifta bak vellukka lokale forhandlingar.
– Det er ein gjensidig respekt mellom leiing og tilsette som har blitt styrka for kvart år. Vi er slettes ikkje alltid einige – det kan gå ei kule varmt – men vi er gode vennar etterpå.
– Vi må forstå kvarandre – både når økonomien er dårleg og når det ikkje er rom for å gi, men også når det går bra og tilsette skal få sin del av kaka.
– Og det er viktig å vere førebudd, legg ho til.
Sjølv fekk Andreassen god nytte av å gå på Fellesforbundet sitt kurs i forhandlingar. Det same gjorde resepsjonist Hjørdis Hetland. Ho var tillitsvalt saman med Andreassen dei to første åra med lokale forhandlingar.
Det første året fekk dei også med seg avdelingsleiaren i Fellesforbundet, som bidrog med erfaring frå lokale forhandlingar i byggeindustrien.
Klubbleiar Wendy Andreassen og tidlegare tillitsvalt Hjørdis Hetland har jobba på hotellet i fleire titals år til saman. I 2017 var lokale forhandlingar heilt nytt, men med kursing, hjelp og erfaring har det gått betre og betre for kvart år.
Håvard Sæbø
Lokal eigar og leiing
Begge trur dessutan det er ein fordel at hotellet er lokalt eigd.
Grand Hotell Egersund er etter 2004 eigd av den pengesterke Teigen-familien, med Ole Teigen i spissen.
– Det hadde ikkje vore så bra utan ham. Han pussar opp og bryr seg om folk som jobbar her, seier Andreassen.
Det var også med bidrag frå eigaren, i tillegg til tips-pengar, at heile staben kunne dra på ein femdagars tur til Barcelona i januar – med besøk på ostefabrikk og vingard.
Og mens tilsette i hotellkjedene ofte har både eigarar og toppleiing i ein annan by, landsdel eller land – er det annleis når toppleiinga har same arbeidsplass som ein sjølv.
– Sjefen vår møter dei tilsette kvar dag, og det er full openheit, seier Hetland som fekk sin første jobb på hotellet i 1997.
Andreassen fortel at ho får fullt innsyn i rekneskap og drifta, gjennom jamlege møte med hotelldirektøren og som tilsetterepresentant i styret.
– Openheita er ein stor fordel, seier ho.
Frokostvert Synne Svalestad rydder tallerkenar og bestikk og serverer påfyll med kaffe under frokosten. Ho har jobba på Grand Hotell Egersund i fem år og seier ho stortrivast med det.
Håvard Sæbø
God dialog med sjefen
Hotelldirektør Geir Sølve Hebnes Sleveland er einig. Han er på ein konferanse utanbys når Magasinet er på besøk, men vi får tak i han på telefon.
– Vi har ein god dialog gjennom jamlege møte med dei tillitsvalde der vi får lufta ulike tema. Dei tettare møta kom under koronaen for å diskutere situasjonen, og vi har halde på det. Da får vi tatt hand om ueinigheiter og misnøye fort.
– Vi er gode på å diskutere sak og ikkje person. Det er nøkkelen. Vi kan vere veldig ueinige i møte, men er godt forlikt etterpå. Dei har ein jobb dei skal gjere, det har eg også. Det har vi felles forståing for.
– I og med at vi har jamleg dialog, har dei også ei god forståing for drifta. Vi ønsker å løfte lønna til dei tilsette, men i tråd med drifta. Vi må tole det som blir av tillegg, og prioritet nummer ein er jo sunn drift og å sikre arbeidsplassar, avsluttar hotellsjefen.
Usikker på de lokale forhandlingene? Dette må du vite om lokale forhandlinger
Grand Hotell Egersund.
Håvard Sæbø
Stein på stein
I år er planen lokale forhandlingar i september/oktober, og dei tilsette har altså forventingar.
– Det var eit godt lønnsoppgjer sentralt, men det blir jo ete opp av prisveksten, seier Andreassen.
– Vi vil opp på industriarbeidarlønna på sikt, forklarer ho, og legg til at dei store hotellkjedene må vere lokomotivet for at heile bransjen skal få eit løft.
– Men tolmod er ein dyd. Denne klubben er bygd stein på stein, understrekar Andreassen.
Og i mellomtida er det jo sånn:
– Vi jobbar ikkje i denne bransjen for å bli rike på pengar, men for glede over at andre har det godt, seier resepsjonist Hetland.
– Det er ein fin jobb, samtykkar Andreassen.
Fire råd om lokale forhandlingar
... frå klubben på Grand Hotell Egersund:
• Skap ein gjensidig respekt, forståing og openheit mellom leiinga og tilsette.
• Ver sakleg og ryddig med kva roller du har i og utanfor forhandlingane.
• Ver førebudd, gjennom forhandlings-kurs og innsyn i økonomien til bedrifta.
• Bruk erfaringa i Fellesforbundet-avdelinga.
Grand Hotell Egersund
Grand er det einaste hotellet i Egersund, og mange av gjestane er innleigde på hjørnesteinsbedrifta Aker Solutions. Men hotellet har også gjestar i samband med kurs og konferansar, ferie og fritid.
– Det er fine folk som jobbar her, og vi har ein grunnstab som har vore her over mange år, seier klubbleiar Andreassen for 24 Fellesforbundet-medlemmar.
Hotellet er frå 1878. Det har vakse og vakse sidan, og har bygd seg inn i til saman ti av husa i kvartalet. I dag har det 101 rom, og ingen av dei er like.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.