JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

International Transport Workers Federation:

Transportarbeidarar allierer seg med paven i kampen mot sosial dumping

International Transport Workers Federation (ITF) og Vatikanet møttest i starten av mars for å diskutere blant anna sosial dumping. No er konklusjonen klar.

Colourbox

tormod@lomedia.no

– Det er ein direkte samanheng mellom at bedrifter får meir makt og nedbygginga av rettane, lønna og jobbtryggleiken til arbeidarar. Som fagforeiningar må vi bli meir effektive for at arbeidande menn og kvinner skal vere i stand til å møte dei omfattande utfordringane i den moderne verda, sa ITF-president Paddy Crumlin på møtet ifølge ei pressemelding.

Hendinga var ikkje ei ukontroversiell sak, fortel Lars Morten Johnsen, Norges representant i ITF-styret. Han fortel at manglande openheit rundt deltakinga var diskusjonstema på førre styremøte.

p

– ITF ønsker å ha denne dialogen med alle grupperingar fordi vi ser at desse problema brer om seg. Vi valde å ta møtet, men det burde kanskje vore diskutert på førehand. Gjennomføringa vart likevel akseptert og fråsegna var det ingen kritikk mot, seier Johnsen til FriFagbevegelse.

– Spørsmålet var kvifor ITF møter Vatikanet og ikkje andre religiøse grupper, noko blant anna representantar frå muslimske land reagerte på, seier Johnsen.

Møtet fann stad i Vatikanet 4. og 5. mars, arrangert av Det pavelege akademiet for sosialvitskap i samarbeid med ITF. Også representantar frå industrien og teknologibransjen deltok ifølge fråsegna på møtet.

Sosial, økonomisk og klimatisk rettferd vart diskutert på møtet. I fråsegna trekker partane fram både FNs berekraftsmål, klimaendringar, ny teknologi og sosial dumping.

– Alle deltakarane forpliktar seg til ein pågåande dialog for å finne felles grunn, med hensikt å fremme sosial rettferd, faglege rettar, anstendig arbeid og likskap, når det gjeld moderne transport og samfunnet som heilskap, heiter det i fråsegna.

Vidare heiter det at deltakarane forbliktar seg til FNs mål for ei berekraftig utvikling. Spesielt peikar dei på å få slutt på fattigdom, moderne slaveri og menneskeskapte klimaendringar. Dette er også krav i den engasjerte Pave Frans sitt politiske program.

– Vi reknar dette som starten på eit samarbeid og vårt gjensidige ansvar vil ta oss vidare, heiter det.

ITF og det pavelege akademiet

International Transport Workers Federation (ITF) er ein paraplyorganisasjon for fagorganisasjonar i 147 land med til saman 18,5 millionar medlemmer. Hovudkvarteret er i London med kontor i i ni byar spreidd over heile verda.

Frå Norge er desse LO-forbunda medlemmer: Fagforbundet, Fellesforbundet, Handel og Kontor i Norge, Industri Energi, Norsk Jernbaneforbund, Norsk Kabinforening, Norsk Lokomotivmannsforbund, Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffisersforbund. Det er også YS-forbunda Parat og Yrkestrafikkforbundet samt Unio-forbundet Det norske maskinistforbundet.

Det pavelege akademiet for sosialvitskap vart etablert i 1994 med mål om å fremme dei sosiale vitskapane, som økonomi, sosiologi, rettsvitskap og statsvitskap. Akademiet arrangerer konferansar og verkstadar om ulike tema. Funna skal brukast i utviklinga av den katolske kyrkja sitt sosiale program.

Kjelder: itfglobal.org og pass.va/content/scienzesociali/en.html

Annonse