600 bedrifter har svart om koronakrisa
Undersøking: Halvparten av reiselivsbedriftene vil seie opp tilsette utan utviding av permitteringsperioden
Reiselivsbedriftene melder om høgare omsetnad i juli, men har færre bestillingar enn normalt til hausten.
MASSEOPPSEIINGAR: NHO Reiseliv-sjef Kristin Krohn Devold fryktar masseoppseiingar i norsk reiseliv dersom permitteringsperioden ikkje blir utvida.
Terje Pedersen / NTB scanpix
tormod@lomedia.no
Det viser ei medlemsundersøking blant 600 bedrifter i NHO Reiseliv. Halvparten av bedriftene trur dei kjem til å seie opp tilsette dersom perioden permitterte kan få dagpengar ikkje blir utvida lenger enn til oktober.
– Myndigheitene må forlenge permitteringsperioden til over nyttår sånn at desse bedriftene slepp å seie opp tilsette unødig, seier NHO Reiseliv-sjef Kristin Krohn Devold til eigne nettsider.
Nordmenn redda omsetnaden
Magasinet for fagorganiserte har fått sjå heile medlemsundersøkinga. Den viser at ferierande nordmenn har lagt igjen godt med pengar hos reiselivsbedriftene i juli. 37 prosent svarer at omsetnaden har auka samanlikna med fjoråret, mens 36 prosent svarer at den er lågare.
Forskjellane er store mellom dei typiske turiststadane i distrikta og storbyane. I Agder melder to av tre bedrifter om auka omsetnad, mens berre éin av ti gjer det same i Oslo.
Fekk du med deg denne? Anne Marie mistar halvparten av kollegaane: – Den svartaste dagen i livet mitt
Usikker haust
Fem månader etter at dei strengaste koronatiltaka vart innført, er framleis mange permitterte. To av fem bedrifter har permitterte tilsette. Éin av fem har permittert over halvparten. Delen er størst innanfor hotell og overnatting, i tillegg til servering og uteliv.
Fire av fem bedrifter seier samtidig at dei har færre bestillingar i september, oktober og november samanlikna med fjoråret. Hausten er høgsesong for kurs- og konferansemarknaden.
– Bli arrangementsgrensa auka til 500 personar frå 1. september som planlagt, kan aktiviteten ta seg opp igjen med blant anna gjenopning av konferansemarknaden. Først då har bedriftene moglegheit til å ta tilbake dei tilsette, seier Devold.
Masseoppseiingar
Det er særleg innanfor hotell og overnatting bedriftene trur dei må seie opp tilsette. Scandic har allereie varsla at dei skal kvitte seg med 1000 årsverk. For å unngå masseoppseiingar i dei andre store kjedene, krev også Fellesforbundet og deira tillitsvalde at permitteringsperioden blir utvida ut året.
– Arbeidsgivarane og tillitsvalde burde fått tid til å sjå på framtidsutsiktene for hausten og neste år, sånn at dei kan gjennomføre eventuelle oppseiingar ut frå kunnskap om korleis framtida blir, sa forbundssekretær Clas Delp til Magasinet tidlegare i sommar.
Skal vurdere i august
Arbeidsministeren har sagt at regjeringa skal vurdere å utvide permitteringsperioden etter sommaren. Onsdag var han i møte med NHO Reiseliv for å lytte til arbeidsgivarane sine argument.
– Dersom situasjonen i arbeidsmarknaden tilseier det, er regjeringa innstilt på å utvide perioden ytterlegare, uttaler statssekretær Saida Begum (H) i ein epost til Magasinet.
– Det er viktig å halde hjula i gang, og samtidig sette norsk økonomi og næringsliv i enda betre stand til å fornye seg, sånn at folk får nye jobbar å gå til dersom dei gamle jobbane forsvinn, uttaler ho også.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.