JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bemanningsbransjen

Verftsarbeidarar om innleige-forbod: – Vi kan ikkje forhandle medlemmene våre ut av porten

Er Fellesforbundet for eller mot eit landsdekkande forbod mot bemanningsbransjen? Verfts- og byggforeiningane er ueinige.
Richard Storevik.

Richard Storevik.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Magasinet for fagorganiserte skreiv førre veke om ei usemje blant dei raudgrøne partia om korleis ein skal sikre faste jobbar og heile stillingar.

Raudt, Senterpartiet og SV foreslo å forby kommersiell utleige av arbeidskraft, men Arbeidarpartiet stemte ned forslaget saman med regjeringspartia og Frp.

Omstridd vedtak

Ap-politikar Arild Grande forklarte dette med at Fellesforbundet hadde avvist eit landsdekkande forbod mot bemanningsbransjen, og at eit forbod vil svekke fagforeiningar og tillitsvalde sin innverknad.

Bakgrunnen er eit vedtak frå Fellesforbundet sitt landsmøte. Verfts- og byggforeiningane var ueinige om innleige-forbod, men kom til slutt fram til eit kompromiss.

Resultatet er eit vedtak som delar av forbundet meiner medfører eit landsdekkande forbod. Den andre delen meiner det ikkje opnar for eit sånt forbod før eit alternativ er på plass.

p

Ap leverer

– Her gjer Arbeidarpartiet akkurat det vi har bedd om, seier Richard Storevik, organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet sin største fagforeining, avdeling 5 i Bergen, til Magasinet.

Han meiner det er riktig av Ap å seie nei til eit totalforbod mot kommersiell utleige. Inntil nyleg var Storevik klubbleiar på verftet Apply Leirvik, og ein del av landsmøtekomiteen som i oktober laga teksten som vart samrøystes vedtatt.

Der heiter det at forbundet vil «jobbe for at bemanningsbransjen i sin nåværende form avvikles, og at arbeidsformidling blir en sterkere offentlig oppgave». I tillegg ønsker dei eit forbod «i bransjer og områder der vi mener det er nødvendig».

Overraska

Fagforeiningsleiar og forbundsstyremedlem Joachim Espe sa til Magasinet torsdag at forslaget som Arbeidarpartiet stemte mot, ville ha oppfylt vedtaket frå landsmøtet.

Det reagerer Storevik på, som i eit Facebook-innlegg skriv at «flere tillitsvalgte er ute og hakker på Ap igjen».

– Joachim tar den eine linja av vedtaket, set punktum etter avvikling av bemanningsbransjen, utan å ta med heile ordlyden. Eg opplevde ei semje i redaksjonskomiteen om innhaldet i vedtaket, og er overraska over at andre opplever det annleis, seier han.

Sikre arbeidskraft

Den offentlege arbeidsformidlinga må styrkast før eit forbod, meiner Storevik. Han peikar på at det ikkje er nok fast tilsette i verftsbedriftene til å handtere periodane med mest produksjon, heller ikkje gjennom innleige bedriftene imellom.

– Det blir framstilt som om vi er for sosial dumping, men vi kan ikkje forhandle medlemmene våre ut av porten. Eg er heilt einig i at bemanningsbransjen er eit tog som sporar av, men forslaget frå Raudt kunne potensielt ha flagga ut den gamle arbeidsplassen min, seier han.

p

Storevik meiner dei massive brota på regelverket i byggebransjen, ikkje kan halde fram. Derfor støttar han forslaget om eit forbod mot bemanningsbyrå i byggebransjen i både Oslo og Bergen.

– Vi må ha folk på Stortinget som er interessert i at offentleg arbeidsformidling skal bli ei sterkare oppgåve. Vi må endre på kven som styrer. Det er høgresida, seier han.

Tolkingskamp

– Eg skjøner ikkje kva Richard ikkje kjenner seg igjen i. Det har vore tolkingskampar om landsmøtevedtaket heile tida, svarer Joachim Espe, leiar i Rørleggernes fagforening i Oslo, avdeling 605.

Saka held fram under bildet.

Joachim Espe.

Joachim Espe.

Erlend Angelo

Han var som Storevik ein del av komiteen som laga landsmøtevedtaket. Espe meiner Arbeidarpartiet sitt forslag om å forby bemanningsbyrå i byggebransjen i Oslo, ikkje er nok til å oppfylle vedtaket.

– Det prinsipielle oppgjeret med bemanningsbransjen ligg der. Så har fleire gjort det til eit premiss at vi ikkje kan forby før eit alternativ er på plass. Det er eg ueinig i, seier Espe.

Strategien

– Eg synest det er rart at Storevik som representerer ein verftsbransje der faste tilsettingar har blitt erstatta med lausarbeid, ikkje ser at innstrammingane i bemanningsbransjen ikkje har fungert, seier Espe.

p

Han peikar på at Norge også hadde verftsindustri før frisleppet av kommersielle bemanningsbyrå for tjue år sidan. Trugselen om at bedriftene kjem til å flagge ut dersom dei ikkje får leige inn frå bemanningsbyrå, meiner han er eit argument fagforeiningar ikkje bør ta i bruk.

– Vi kan ikkje gå med på denne typen arbeidsgivarretorikk. Då blir det vanskeleg å drive lønnskamp og kjempe for rettane våre. Storevik må heller svare på kva strategien er. Vi kan ikkje sitte å vente, seier han.

Annonse
Annonse