JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Elkjøp sa opp 40 tilsette etter at dei fekk tariffavtale. Det var ulovleg, slår retten fast

Dei tilsette hos elektronikk-giganten får mehald på alle punkt i ein fersk dom frå Nedre Romerike tingrett.

Elkjøp

tormod@lomedia.no

– Det er ein rettferdig dom som vart som forventa. I denne saka har Elkjøp opptrådd heilt urimeleg mot saksøkarane. No håpar vi at dei vil endre politikk, seier Bjørn Anders Jonassen, sekretær i tariffavdelinga til Fellesforbundet, til FriFagbevegelse.

Saksøkarane er 13 Elkjøp-tilsette som meinte oppseiinga av 40 tilsette i september i fjor var ulovleg. Oppseiingane skjedde då selskapet la ned Elkjøp Distribusjon AS. Grunnen var at bedrifta, etter sommarens seks dagar lange streik, signerte ei tariffavtale dei meinte var for dyr.

Varelageret i Lørenskog var det einaste i landet der Elkjøp sjølv stod for utkøyring av varer heim til kundane.

p

Medhald på alle punkt

Torsdag kom dommen frå Nedre Romerike tingrett. Der heiter det at oppseiingane er ugyldige.

Retten fastslår at Elkjøp Norge AS har brote arbeidsmiljølova si paragraf 15-7, ved at dei ikkje har sannsynleggjort at det var behov for nedbemanning og ikkje gjort nok for å finne anna passande arbeid til dei tilsette.

Vidare må Elkjøp betale til saman 500.000 kroner til saksøkarane i erstatning for tapt inntekt. I tillegg må selskapet betale saksøkarane til saman 620.000 kroner i oppreising. Elkjøp må også erstatte saksøkarane sine sakskostnader på totalt 555.000 kroner.

Saka held fram under bildet.

Bjørn Anders Jonassen, sekretær i tariffavdelinga til Fellesforbundet, saman med Marius Kristiansen, klubbleiar for dei tilsette på distribusjonslageret i Lørenskog.

Bjørn Anders Jonassen, sekretær i tariffavdelinga til Fellesforbundet, saman med Marius Kristiansen, klubbleiar for dei tilsette på distribusjonslageret i Lørenskog.

Martin Guttormsen Slørdal

Ein einstemmig tingrett gir dei Elkjøp-tilsette medhald, sett bort frå punktet om erstatning for økonomisk tap der eit mindretal meiner beløpet burde vore mindre.

Elkjøp er ueinige

Fellesforbundet håpar no ein såpass knusande dom vil gjere at selskapet gir seg. Elkjøp har to måneder på å bestemme seg for om dei vil prøve saka lenger opp i systemet. Dommen er rettskraftig frå 15. september.

– Vi har ikkje bestemt oss om vi vil anke eller ikkje. Vi er ueinige i dommen, men må sjå an kva vi gjer med den. Vi er nøgde med at vi iallfall fekk litt medhald, seier nordisk kommunikasjonssjef for Elkjøp, Christian Kamhaug, til FriFagbevegelse.

– Fellesforbundet karakteriserer dommen som ein full siger på alle punkt. Stemmer ikkje det?

– Vi kjenner oss ikkje heilt igjen i det. Dommen går meir på prosedyre enn sak, svarer Kamhaug.

p

– Det kan dei gjerne seie, men dette er ein full siger for Fellesforbundet. Vi veit at Elkjøp har brukt svært mykje ressursar på denne saka. Når dei likevel taper, er dette ein full siger som vi er nøgde med, svarer Fellesforbundets Jonassen.

Butikkjobbar

Etter ein streik med harde frontar i fjor sommar, signerte Elkjøp til slutt tariffavtala dei tilsette kravde, men varsla samtidig at dei ville vurdere å legge ned bedrifta og sette ut vareleveringa til eksterne verksemder. Grunnen var, ifølge selskapet, at tariffavtala var for dyr til å drive lønnsamt.

Etter kort tid la dei ned bedrifta og sa opp dei tilsette. 15 av dei 40 tilsette som mista jobben, meinte oppseiinga var ulovleg og tok saka til retten.

At dei 15 tilsette tok saka til retten førte også til ein strid om dei skulle ha rett til å stå i jobbane sine fram til hovudrettssaken var avgjort. Elkjøp fekk først medhald i tingretten, i at dei tilsette skulle fråtre stillingane sine, men før jul kom det ein kjennelse i Eidsvating lagmannsrett som gav dei tilsette medhald.

Dei har sidan vore utplassert på andre avdelingar i påvente av hovudrettssaken.

– Kva type jobbar har de til dei som vart sagt opp?

– Den typen vi hadde, har vi ikkje lenger, så det må bli å jobbe i butikk. Det var ikkje lønnsamt å drive utkøyring av varer sjølv, og det blir ikkje aktuelt å starte den typen verksemd igjen, svarer kommunikasjonssjefen i Elkjøp.

Prinsipiell kamp

Fellesforbundets Bjørn Anders Jonassen seier han ikkje vil legge seg opp i korleis Elkjøp driv forretning, men har likevel ei anbefaling:

– Vi oppfattar at Elkjøp slit med omdømmet på grunn av dårleg varelevering. Våre medlemmer har oppskrifta på korleis dette kan gjerast betre. Vi oppfordrar Elkjøp til å tilsette folk som er dedikerte til denne typen jobb, og det er medlemmene våre, seier han.

p

Jonassen meiner denne rettssaka også handlar om ein meir prinsipiell kamp for å hindre at arbeidsgivarane snik seg unna den såkalla grossistoverenskomsten, som Fellesforbundet meiner denne typen verksemd er omfatta av.

Elkjøp ville heller etablere billegare tariffavtaler, høvesvis speditøroverenskomsten eller transportoverenskomsten.

– Partane i arbeidslivet forhandlar om grossistoverenskomsten annakvart år og er einige om at den ikkje er for dyr, påpeikar Jonassen som har ansvar for grossistoverenskomsten i Fellesforbundets tariffavdeling.

– Det er ingenting som heiter fri frakt. Forbrukarane må vere klare over at det kostar å ha arbeidstakarar ute for å levere varer på døra, seier han

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse