Tormod Ytrehus
Integrering av flyktningar i arbeidsmarknaden:
Her er lista Norge toppar: Flyktning Zebib fekk jobb med ein gong
Norge er best i Skandinavia på å inkludere flyktningkvinner og flyktningar med låg utdanning i arbeidslivet, viser ein ny rapport.
tormod@lomedia.no
– Eg vil jobbe fordi eg vil vere sjølvstendig. Eg vil ikkje vere avhengig av Nav eller nokon andre. Jobben er fridommen min, seier Zebib Mesgina som kom til Norge som politisk flyktning frå Eritrea for seks år sidan.
– Det er veldig vanskeleg å komme inn i norsk arbeidsliv. Ein får ikkje arbeidserfaring utan å ha kontaktar, ein skjønner ikkje reglane i arbeidslivet og jobbar med folk som snakkar perfekt norsk, seier Mesgina når ho skal skildre møtet med norsk arbeidsliv gjennom arbeidstrening.
p
Rett ut i jobb
FriFagbevegelse møter ho på mathallen Vippa i Oslo før eit skift. Mesgina jobbar 80 prosent i matbodane Aleppo bahebek og Injera palace, som serverer høvesvis syrisk og eritreisk mat, samt på Interkulturelt museum sin kafe Frodig på Grønland. I tillegg har ho ein 20 prosent stilling med barnepass for deltakarar på norskkurs i kommunen.
– No er det betre. Eg har hyggelege kollegaer og sjefar som forstår meg, forklarer ho. Og norsken har blitt betre.
For eitt år sidan vart Mesgina ferdig med Oslo kommune sitt introduksjonsprogram for flyktningar, med opplæring i norsk språk og samfunn samt arbeidstrening i både butikk og barnehage. Etterpå gjekk ho rett ut i jobb, hovudsakleg for Mestringsguiden AS, eit ideelt aksjeselskap som driv dei to matbodane og kafeen, i tillegg til cateringverksemd.
– Det gir ein annan verdi å tilsette folk som har andre syn på livet. Ein må slutte å tilsette folk som er heilt lik som ein sjølv og som kan det same som ein sjølv. Då kan bedriftene både bli meir mangfaldige og meir lønnsame. Og så får ein ein meir spennande arbeidskvardag, er dagleg leiar Ragnhild Slettner sin melding til andre arbeidsgivarar.
Best i klassen
Den nye rapporten «Nordic integration and settlement policies for refugees» er laga for Nordisk ministerråd og er utarbeidd av forskarar ved Oslo Met, Universitetet i Oslo, Stockholms universitet og danske Rockwool Fondenes Forskningsenhed.
I rapporten har forskarane sett på statistikken for flyktningar og sameinte familiemedlemmer, som har opphaldsløyve og har delteke i introduksjonsprogrammet i dei tre skandinaviske landa. Statistikken omfattar 250.000 personar i perioden frå 2008 til 2016, frå dei vart busette. Tala er henta frå landa sine statistikkbyrå og direktorat.
– Det viktigaste funnet frå eit norsk perspektiv, er at Norge lukkast godt med å få flyktningkvinner og flyktningar med låg utdanning ut i jobb, samanlikna med Sverige og Danmark, seier forskar og medforfattar Kristian Rose Tronstad ved Oslo Met til FriFagbevegelse.
Dei første åra etter busetting har Danmark flest flyktningar i arbeid, viser rapporten. Etter to til fire år, er det derimot blant deltakarane i det norske introduksjonsprogrammet flest er i arbeid. Forskjellen minskar over tid, men blir større i forhold til Danmark når det gjeld flyktningkvinnene.
Satsar på utdanning
– Norge og Sverige bruker i større grad utdanning som verkemiddel. Ein er meir opptatt av å kvalifisere flyktningane enn at dei kjem raskt i jobb. Danmark får folk raskt i jobb, men på lengre sikt går det betre for flyktningane i Norge og Sverige, seier Tronstad.
Alle tre land har introduksjonsprogram, som består av språk- og samfunnsopplæring samt arbeidsretta tiltak. I Norge tar i tillegg over 30 prosent av flyktningane ordinær utdanning gjennom programmet, mot 20 prosent i Sverige og under 10 prosent i Danmark, ifølge rapporten.
Lønnstilskot er likevel tiltaket som har aller største effekt på sysselsetting, påpeikar forskarane. Det er ei ordning der arbeidsgivarar får støtte til å betale ein del av lønna til tilsette, i Norge gjennom Nav. 30 prosent deltar i ei sånn ordning gjennom det svenske programmet, medan berre ti prosent gjer det same i Norge.
– I Norge seier vi ofte at lønnstilskot berre verkar for ei gruppe nært arbeidsmarknaden. I Sverige bruker dei lønnstilskot for ei større gruppe, og det har likevel størst effekt, seier Kristian Rose Tronstad.
p
– Kva er det viktigaste myndigheitene bør gjere for å integrere flyktningar i arbeidsmarknaden?
– Det er viktig at ein kvalifiserer flyktningar til å få ei ordentleg fagutdanning og eit fotfeste i arbeidsmarknaden, sånn at dei ikkje forblir ein ukvalifisert del av arbeidsmarknaden med dårlege arbeidsforhold. Det opplever eg at vi forsøker i Norge, gjennom å oppkvalifisere flyktningane i staden for å få dei raskast mogleg ut i arbeid.
Forslag frå regjeringa
– Når resultata er relativt sett betre i Norge enn Sverige og Danmark, betyr ikkje det at resultata er veldig gode. Vi kan ikkje slå oss på brystet og seie at vi lukkast. Det er framleis eit stort forbetringspotensiale. Integreringa går ikkje så det susar, seier Tronstad som meiner norskopplæring er essensielt og at mange kommunar kan ha forbetringspotensial.
I fjor var det over 27.000 deltakarar i introduksjonsprogramma, ifølge tal frå SSB og Imdi. Av dei 8300 som avslutta programmet i fjor, gjekk 55 prosent vidare ut i arbeid eller utdanning. Mellom 60 og 70 prosent er vanlegvis i arbeid eller utdanning eitt til fem år etter at dei har avslutta.
Sjølv om delen som går rett ut i arbeid eller utdanning er rekordhøg, vil regjeringa at delen skal bli enda høgare. Nyleg sendte dei derfor ut forslag til ei ny integreringslov med ei rekke endringar i introduksjonsprogrammet.
I Norge har introduksjonsprogrammet vore lovfesta sidan 2004, og det er obligatorisk å tilby for kommunar og delta på for flyktningar og sameinte familiemedlemmer. Det er på fulltid, og ein introduksjonsstønad følger med.
Meir tilpassa opplæring er eit sentralt verkemiddel i regjeringa sitt forslag. Dei foreslår at dei med høg utdanning kan gjennomføre programmet på ned til tre månader, medan dei som treng meir opplæring kan gjennomføre på opptil fire år.
I tillegg skal krava til kommunane og flyktningane bli tydelegare. Flyktningane skal få betre kartlegging av kompetansen sin samt karrierevegleiing før dei startar på programmet. Regjeringa vil også ha krav om deltakarane skal ha oppnådd eit visst nivå på norsken, framfor eit visst tal timar norskopplæring.
Aleine i arbeidslivet
– Språket er nøkkelen. Ein mistar mykje om ein ikkje skjønner språket, seier Zebib Mesgina som sjølv var nøgd med introduksjonsprogrammet, men meiner det også har sine svakheiter.
– Etterpå er det vanskeleg. Ein står aleine om å finne jobb og klare seg i arbeidslivet. Det er mange som får arbeidstrening gjennom introduksjonsprogrammet, men ikkje jobb. Mange sjefar vil ha gratis arbeid, men ikkje tilsette dei etterpå, forklarer ho.
Arbeidsgivaren hennar, Mestringsguiden AS, tilset nettopp flyktningar i matbodane, kafeen og cateringverskemda dei driv. Dei har 25 tilsette fordelt på 14 årsverk, der mange kombinerer jobben med introduksjonsprogram eller anna utdanning.
– Vi har også tilsett eldre kvinner som har vore i Norge lenge utan å vere i nærleiken av å få seg arbeid, trass i at dei har gjennomført introduksjonsprogrammet og hatt masse arbeidstrening i ulike kantiner. I tillegg har eg vore i kontakt med veldig mange som ikkje har vore i arbeidstrening i det heile, seier dagleg leiar Ragnhild Slettner.
– Det er mykje kunnskap og kvalifikasjonar folk har som blir oversett. Der ligg det mykje gull, og vi har skapt ei bedrift på bakgrunn av det gullet, seier Slettner som sjølv har bakgrunn frå frivilleg arbeid på asylmottak.
p
Zebib Mesgina trivest med jobben, men tenker no på å ta ei fagutdanning. Helst vil ho utdanne seg til å bli barne- og ungdomsarbeidar. Ho har eitt råd til dei som leiter etter jobb:
– Ein må prøve. Det er ikkje lett å jobbe med folk som snakkar perfekt norsk når ein ikkje gjer det sjølv. Det kan også vere keisamt med arbeidstrening på ulike stadar. Men ein må prøve.
Mest lest
ELENDIG BEHANDLING: Tommy Storeide Vangen har jobba i varehandelen i mange år.
Erlend Angelo
Tommy jobba seg i senk og ble sykmeldt: – Jeg har aldri blitt så dårlig behandla som av Coop
Barbro Major er regiontillitsvalgt for Fellesforbundet i region Buskerud, og har snakket mye med medlemmene i året som har gått.
Privat
– Dette er helt jævlig. Det er kolleger som jeg har jobbet sammen med i ti år. Hva kan jeg si?
Charlotte Rødland Kristiansen er 22 år og må betale alle utgifter til tannlege selv. SV vil at det skal bli gratis.
Aslak Bodahl
Charlotte (22) får ikke fikset tennene fordi det er for dyrt: – Ekstremt frustrerende
KRISE: Valgforsker Johannes Bergh mener Jonas Gahr Støre og Arbeiderpartiet har kommet helt i skyggen av Senterpartiets sentraliseringskritikk.
Jan-Erik Østlie
Bunnotering for Ap: – Utrolig hvordan partiet sliter, sier valgforsker
Folketrygda
Illustrasjon
Anna Granqvist
To pensjonistforeninger sier nei til stort løft i minstepensjonen, hvis det betyr mindre pensjon til andre grupper
SEKSUELL TRAKASSERING: Den eine kunden klapsa kvinna på rumpa då dei møttest på butikken, etter å ha fått beskjed av både kvinna og arbeidsgivaren hennar om at han skulla halde seg unna.
Colourbox
Kvinneleg mekanikar fekk to kundar dømt for tafsing, kiling og klaps: – Dommen har sett ein standard
Innsatsleder Kenneth Wangen er en av de flere tusen menn og kvinner som har jobbet med søk og redning i Gjerdrum. Bildet er tatt ved en annen anledning.
Werner Juvik
Redningsmannskapet i Gjerdrum var i konstant fare. Her er innsatslederens historie
Kantinekokken Monica Karlsen Moseby har vært permittert helt siden mars i fjor, og har søkt flere andre jobber uten å få napp. Hun er glad for at regjeringa nå vil forlenge permitteringsperioden. Samtidig sier hun: – Jeg forstår ikke hvorfor de ikke bare kan si at ordningene varer så lenge pandemien varer. Det er så usikkert for oss og for bedriftene, sier Moseby, som er medlem i Fellesforbundet.
Privat
Monica har snart vært permittert ett år: – Det er tøft. Bare å stå opp og vite at ingen har behov for deg
Mari Falck forteller at faren Morten alltid har vært en positivt innstilt person med et usedvanlig godt humør. Han ble veldig deprimert etter nedstengingen og følte seg innesperret.
Privat
Mari fikk besøke sin dødssyke far kun én gang i uka. Da kokte det over for overlegen
Harald Eia er sosiolog, komiker, programleder og forfatter.
Ida Bing
Harald Eia kurser Ap om Ulikhets-Norge. Her er hans advarsel
Illustrasjon
Håvard Sæbø
Rekordhøy arbeidsledighet i Lofoten – henter inn tusener av sesongarbeidere
I en intern LO-måling fra desember som TV 2 har fått tilgang til, får Ap og Jonas Gahr Støre 31,4 prosent oppslutning.
Jan-Erik Østlie
Kun tre av ti LO-medlemmer vil stemme Ap, viser intern måling
Vi mener ei regjering med Ap, SV og Sp, med Jonas Gahr Støre som statsminister, er best i stand til å styre landet, sier Mett Nord og resten av Fagforbundets forbundsstyre.
Jan-Erik Østlie
Mette Nord rykker ut etter utspill fra fylkesleder: – Støre er Fagforbundets foretrukne statsministerkandidat
Jonas Gahr Støre. Arkivfoto
Jan-Erik Østlie
– Skal regjeringen komme etter med enda nye innrømmelser, bør det være å gi feriepenger på dagpenger
537 ansatte ved sju Tine-meierier kan bli tatt ut i streik fra lørdag.
Jan-Erik Østlie
Over 500 ansatte i Tine kan bli tatt ut i streik
Trygve Slagsvold Vedum for skryt for sitt lederskap av tidligere LO-topp Sture Arntzen.
Jan-Erik Østlie
Tidligere LO-topp: Ap-ledelsen er så utydelige at Senterpartiet blir folkets parti
Ansatte i Frelsesarmeen er blant dem som blir tatt ut i streik etter at NHO og Fagforbundet ikke kom til enighet i oppgjøret for private behandlingsinstitusjoner.
Eirik Dahl Viggen
Streik i private omsorgsbedrifter
Bjørnar Moxnes mener svekkelsen av lønns- og arbeidsvilkårene til togrenholderne er ønsket politikk fra regjeringens side.
Jan-Erik Østlie
Togrenholdere kjemper for å beholde lønna: – Stjerneeksempel på borgerlig politikk, mener Moxnes
En forhøyet dagpengesats er viktig for å sikre lavtlønte gjennom koronakrisa, ifølge tillitsvalgt Djevat Hisenai.
Håvard Sæbø
Permittere og ledige får beholde dagpengesatsen: – Nå slipper de å leve under fattigdomsgrensa
I en ny anbudsrunde kan alle flyselskap i EU/EØS søke på rutene. Derfor er det lagt inn svært tydelige krav til tilbyderne.
Leif Martin Kirknes