JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Junckers europeiske arbeidmarknadstilsyn er på veg

Kommisjonen varslar at organet skal løyse grenseoverskridande konfliktar. Europeisk fagrørsle og den norske arbeidsministeren meiner tilsynet ikkje skal blande seg inn i sjølvstendet til partane i arbeidslivet.
Jean-Claude Juncker, president for Europakommisjonen.

Jean-Claude Juncker, president for Europakommisjonen.

EU / Etienne Ansotte (pressefoto)

tormod@lomedia.no

I mars kjem Europakommisjonen med eit konkret forslag om eit nytt grenseoverskridande arbeidsmarknadstilsyn (European Labour Authority).

Kommisjonen har varsla at tilsynet blant anna skal løyse konfliktar mellom dei nasjonale tilsyna i EUs medlemsland, men det er enno usikkert akkurat kva myndigheit det nye organet får.

Den europeiske faglegrørsla understrekar at tilsynet ikkje bør blande seg inn i sjølvstendet til partane i arbeidslivet.

• EU-avgjørelse kan løse et stort problem i tariffoppgjøret

Skal løyse konfliktar

Tilsynet skal styrke det administrative samarbeidet mellom medlemslanda, for å sikre mobiliteten i den indre marknaden, heiter det i EUs faktaark.

Dette inkluderer å løyse konfliktar mellom nasjonale myndigheiter. Tilsynet skal også slåss mot arbeidslivskriminalitet og organisere grenseoverskridande kontrollar, heiter det.

Forslaget var først lansert under Jean-Claude Juncker, president for Europakommisjonen, sin årlege «State of the Union»-tale i september i fjor.

– Vi bør sikre at alle EUs reglar for arbeidsmobilitet er handheva på ein rettferdig, enkel og effektiv måte, av eit nytt europeisk organ for tilsyn og handheving. Det verkar absurd at vi har eit europeisk banktilsyn som handhevar standardar for bankverksemd, men ikkje har eit arbeidsmarknadstilsyn som sikrar rettferdigheit i den indre marknaden, sa Juncker den gongen.

Fellesforbundets største avdeling sier klart nei til EUs energiunion

Sjølvstendet til partane

Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) ønsker tilsynet velkomme i eit høyringssvar, men meiner at tilsynets mandat må respektere den nasjonale myndigheita og ikkje blande seg inn i sjølvstendet til partane i arbeidslivet.

Derfor meiner ho tilsynet ikkje skal ha myndigheit til å fatte vedtak som er bindande for EØS-landa eller kunne pålegge landa tilsyn.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Anikken Hauglie (H), arbeids- og sosialminister.

Anikken Hauglie (H), arbeids- og sosialminister.

Martin Guttormsen Slørdal (arkivfoto)

Også europeisk fagrørsle påpeikar at sjølvstendet til partane i arbeidslivet må respekterast. ETUC (Den europeiske faglige samorganisasjon) påpeikar at det ikkje bør undergrave nasjonale ordningar der fagforeiningar bidrar i tilsyn og handheving av lovar og reglar. ETUC – der norske LO, Unio og YS er medlemmer – meiner også at det er viktig at partane i arbeidslivet er involvert i utviklinga av og overoppsynet med tilsynet.

– Forslaget er interessant, og vi forventar at at fagforeiningar blir fullt involvert i å utvikle forslaget og drive tilsyn, sa Luca Visentini, generalsekretær for ETUC, i fjor.

Ei rekke europeiske fagforeiningar har utarbeida ei kampanje som skal sørge for at det nye tilsynet blir innretta etter arbeidsfolk sine interesser.

• Følg oss på Facebook og Twitter

Strategi mot arbeidslivskrim

Hauglie viser elles til initiativet mot arbeidslivskriminalitet som statsministeren presenterte på EUs toppmøte om arbeidslivspolitikk i Gøteborg i fjor. Der er nettopp tettare samarbeid mellom dei nasjonale kontroll- og tilsynsmyndigheitene blant tiltaka.

«Vi er det nordiske landet som har hatt flest arbeidsinnvandrere fra EU-land, og vi har noen særskilte erfaringer,» sa Solberg til NTB den gongen.

Både LO og NHO støtta den gongen opp om tiltaka. Hauglie skriv i høyringssvaret, at tiltaka kan fylle det nye tilsynet med konkret innhald. I tillegg foreslår ho ein samanhengande strategi mot arbeidslivskriminalitet.

Ho påpeikar at Norge allereie har samarbeidsavtaler med andre europeiske land, men meiner det også er rom for koordinasjon på EU-nivå.

Før Norge kan bli omfatta av tilsynet, må direktivet bli vedteke i EU og innlemma i EØS-avtala. Det kan ta opp til fleire år.

Nytt forslag til EU-direktiv vil gjøre det enklere for tilkallingsvikarer å si nei til vakter

NHO-sjefen refser nytt EU-direktiv

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

16 millionar europearar bur og jobbar i eit anna medlemsland. Det er dobbelt så mange som for 10 år sidan. 1,7 millionar europearar pendlar kvar dag til eit anna medlemsland.

Kjelde: EU

Warning
Annonse
Annonse

16 millionar europearar bur og jobbar i eit anna medlemsland. Det er dobbelt så mange som for 10 år sidan. 1,7 millionar europearar pendlar kvar dag til eit anna medlemsland.

Kjelde: EU