JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret:

LO må levere på likelønn, krev likelønnsaksjonistar

– Vi forventar at LO-leiaren set likelønn på agendaen, og at gruppene våre blir prioritert.

Jan-Erik Østlie

tormod@lomedia.no

Det seier Runa Hjertø, hovudtillitsvald for Fellesorganisasjonen i Trondheim kommune, som organiserer sosionomar og vernepleiarar.

I februar skal LO vedta retningslinjene sine for lønnsoppgjeret til våren. På Trondheimskonferansen laurdag, som samlar radikale delar av fagrørsla, var det fleire FO-medlemmer som uttrykte utolmod og aukande misnøye med den tradisjonelle frontfagsmodellen.

p

Lønnsoppgjeret

– Kvinner tener 87 prosent av kva ein mann tener. Vi krev likelønn no, var meldinga på eit postkort adressert til LO-leiaren som likelønnsaksjonistar delte ut på konferansen. Blant dei med fire års høgare utdanning er lønnsforskjellen nede i 82 prosent av mannelønna.

Fellesorganisasjonen vart i fjor så lei av manglande framgang gjennom ordinære lønnsoppgjer, at dei bestilte sin eigen likelønnsrapport som blant anna skal vurdere LO sin rolle i likelønnsarbeidet.

Saka held fram under bildet.

Likelønnsaksjonen i Trondheim omfattar over tjue lokale fagforeiningar innanfor og utanfor LO, i tillegg til politiske parti. Dei håpar alle LO sine forbund krev likelønn i årets tariffoppgjer.

Likelønnsaksjonen i Trondheim omfattar over tjue lokale fagforeiningar innanfor og utanfor LO, i tillegg til politiske parti. Dei håpar alle LO sine forbund krev likelønn i årets tariffoppgjer.

Jan-Erik Østlie

Kjønnsdelt arbeidsliv

Då førstesekretær Julie Lødrup i LO gjesta konferansen for å snakke om likelønn, trekte ho fram to forklaringar på lønnsforskjellane.

Den eine er at kvinner jobbar meir deltid. Den andre er det kjønnsdelte arbeidslivet der kvinnedominerte yrke er dårlegare betalt.

– Dersom like mange kvinner og menn hadde jobba i dei ulike yrka, hadde likelønnsgapet vore halvert. Arbeidet med å få folk til å ta utradisjonelle yrkesval må systematiserast. Det handlar om kvinner sin økonomiske fridom, men også jenter og gutar sin fridom til å vere seg sjølv, sa ho.

Verdsetting

Mona Berger, likelønnsaksjonist og tidlegare FO-leiar i Trøndelag, er skeptisk til denne tilnærminga. Å bli kvitt dei tradisjonelle kjønnsforskjellane i arbeidslivet tar for det første lang tid.

– Men uavhengig av om vi hadde hatt ein arbeidsmarknad utan store kjønnsforskjellar, meiner eg ein sjukepleiar må verdsettast like mykje som ein ingeniør. Når det er like lang utdanning, gir det ingen meining at det er så stor forskjell, seier Berger til FriFagbevegelse.

p

Likelønnspott

Eit konkret tiltak meiner ho er likelønnspottar i offentleg sektor, bevilga av Stortinget til fordeling i kommande lønnsoppgjer.

Dette er også anbefalinga frå den såkalla likelønnskommisjonen, i ei norsk offentleg utgreiing frå 2008.

– Det må settast av pengar i både sentrale og lokale oppgjer, som skal brukast på å utjamne lønnsforskjellane. Eg greier ikkje sjå for meg ei anna innretting som kan vere like effektiv, seier ho.

Ikkje noko for LO

Likelønnskommisjonen meinte frontfagsmodellen, der forhandlingsresultatet i bransjar utsette for konkurranse frå utlandet er førande for andre bransjar, er til hinder for gjere noko med den relative lønnsforskjellen mellom kvinner og menn.

Skepsisen var stor i LO, til politisk innblanding i lønnsoppgjer og at berre ein av sektorane skulle få pengar.

– Likelønnsproblemet er jo større i privat sektor og då ofte i grupper som er meir lågtlønna enn dei aktuelle gruppene i offentleg sektor. Så likelønnspott er ikkje LO sitt føretrekte verkemiddel for å oppnå likelønn, seier Julie Lødrup til FriFagbevegelse.

p

Sentrale forhandlingar

Lødrup har meir trua på kravet om avvikle det lokale lønnssystemet i offentleg sektor, som tillitsvalde erfarer at fører til meir individuell avlønning og større lønnsforskjellar mellom kvinner og menn.

– Sentrale forhandlingar er heilt avgjerande for likelønn. I 2010 vart det sette av ekstra pengar til oppgjeret i stat og kommune, som reduserte lønnsforskjellane. Den reduksjonen har i stor grad blitt reversert av lokale forhandlingar, sa ho under konferansen.

Annonse

Flere saker

Annonse