Korona-krisa:
Puma gir permitterte tilsette full lønn, mens toppsjefane får lønnskutt
– Nokre set tilsette rett på gata. Vi prøver å gå fram på ein måte som gir folk håp, seier Puma-sjef Bjørn Gulden.
JOBB
Den tyske sportsklede-produsenten Puma, ein av verdas største, har blitt hardt ramma av korona-krisa. I ei rekke land er butikkane deira stengde som følge av myndigheitene sine smittevern-tiltak.
Puma sette førre veke ned arbeidstida til alle 1.400 tilsette i Tyskland, fram til 13. april. Butikk-tilsette er ikkje på jobb i det heile, mens tilsette på hovudkontoret går 50 prosent ned i arbeidstid.
Alle får likevel full lønn.
p
Samtidig seier dei tre øvste sjefane i selskapet frå seg lønna for april. Resten av toppleiinga tar eit lønnskutt på 25 prosent.
– Det å kutte i si eiga lønn er veldig enkelt. Det kan eg bestemme på to sekund. Vi må kutte kostnader. Då må ein begynne med seg sjølv, seier Bjørn Gulden, administrerande direktør i Puma, til FriFagbevegelse.
Full lønn for tilsette
I motsetnad til leiinga, får tilsette på golvet full lønn. Grunnen er delvis den tyske lønnsrefusjons-ordninga. Den gir støtte til bedrifter med økonomiske utfordringar, som set ned arbeidstida i staden for å seie opp tilsette.
Staten dekker 60 prosent av lønnskostnadene for tida tilsette ikkje jobbar. For tilsette med minst eitt barn, dekker staten 67 prosent.(Sjå faktaboks nedst i saka.)
Bedriftene kan sjølv velje å betale mellomlegget. Det har Puma gjort.
– Så lenge vi har moglegheit, gjer vi det sånn, seier Gulden.
– Den største utfordringa vår er varekostnadene, ikkje lønnskostnadene, poengterer den tidlegare fotballspelaren frå Hallingdal.
p
Lågare omsetnad
Puma omset vanlegvis varar for 500 millionar euro i månaden. No er omsetnaden nede i 100 millionar, men kostnadene dei same som før.
Gulden seier dei likevel forsøker å gi alle 14.000 tilsette i 130 land, full lønn dei neste fire vekene.
– Nokre set tilsette rett på gata. Vi prøver å gå fram på ein måte som gir folk håp.
Det finst lyspunkt i krisa, understrekar han: Den kinesiske marknaden er på veg tilbake. Onsdag opna Puma butikken sin i Wuhan der dei første utbrota av koronaviruset vart oppdaga.
– Alle tilsette er friske og tilbake på jobb. Vi kan ikkje berre vere negative. Dette kjem til å gå over, seier Gulden.
Rettferdig
Puma har 2.500 butikkar i Kina, gjennom partnarar. Dermed fekk selskapet ein forsmak på korona-krisa, som dei klarte å komme seg gjennom.
– Har du eit råd til andre toppsjefar i same situasjon?
– Du må handtere krisa på kort sikt for å overleve, og samtidig sikte lenger. Du har eit ansvar for eigne tilsette, leverandørar og partnarar. Dei som er kyniske og prøver å dra fordelar av krisa, trur eg vil komme dårleg ut av det.
p
– Kommuniser godt og ver open med alle partar om kva som skjer. Prøv å vere så rettferdig som du kan, oppfordrar toppsjefen.