JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Storbritannia kan få verdas høgaste minstelønn

Ei minstelønn på 66 prosent av medianlønna kan føre til ein slutt på låglønn i Storbritannia.

Colourbox.com

tormod@lomedia.no

Finansminister Philip Hammond, frå det konservative partiet, vurderer no eit kjempehopp i den britiske minstelønna, ifølge avisa the Observer. Ifølge kjelder skal han vere ute etter å sikre ettermælet sitt ved å få slutt på låglønn ein gong for alle, gjennom å auke minstelønna til eit høgare nivå enn noko anna samanliknbart land.

Storbritannia hadde i fjor verdas niande høgaste minstelønn, ifølge ei utrekning gjort av tyske forskarar. Justert for ulik kjøpekraft, hamna britane bak Australia, Luxembourg, Frankrike, Nederland, Belgia, Tyskland, New Zealand og Irland.

p

Møter fagorganisasjonar

Eit forslag om ei minstelønn over 66 prosent av medianlønna (OECDs definisjon på låglønn) blir no diskutert, ifølge avisa. Dette gi ei lønn på 9,61 britiske pund, eller rundt 110 norske kroner, i timen. Forslaget kan føre til lønnsauke for så mykje som ein fjerdedel av den britiske arbeidsstyrken.

Finansministeren skal ha møtt generalsekretæren i britisk LO (TUC) i førre veke og skal møte fleire fagorganisasjoner denne veka, for å diskutere minstelønna. Dette er dermed nye toner frå Hammond, som argumenterte mot minstelønna i forkant av innføringa for tjue år sidan.

2 millionar tener 94 kroner timen

Det britiske arbeidarpartiet har uttalt at dei ønsker å heve minstelønna til 10 britiske pund i timen innan 2020. Britisk LO støttar kravet om ei minstelønn på 10 pund i timen, i tillegg til kravet om at alle over 21 år får ordinær minstelønn, ikkje alle over 24 år som i dag.

Den britiske minstelønna vart sist heva for ein dryg månad sidan, med nærmare 5 prosent, til 8,21 pund i timen. Dette utgjer omtrent 94 norske kroner. Rundt 2 millionar britar har minstelønna.

6 millionar utan lønn å leve av

For å kunne dekke gjennomsnittlege levekostnadar treng ein brite å tene 9 pund i timen og 10,50 pund i London, ifølge the Living Wage Foundation sine utrekningar. Rundt 6 millionar har framleis ikkje ei lønn å leve av, ifølge organisasjonen.

Til forskjell frå Storbritannia har ikkje Norge ei lovfesta minstelønn, men såkalla minstelønnssatser i tariffavtaler forhandla fram av partane i arbeidslivet. Nokre av desse satsane er likevel lovfesta, gjennom såkalla allmenngjering, fordi organisasjongraden er spesielt låg i enkelte bransjar.

Warning
Annonse
Annonse