JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Permitterte under korona-krisa:

Studentar og 67-åringar får også korona-lønn

Også permitterte som ikkje har krav på dagpengar, får 18 dagar lønnskompensasjon frå Nav.

Colourbox

tormod@lomedia.no

Regjeringa sine nye reglar for den mellombelse lønnskompensasjons-ordninga, omfattar også permitterte arbeidstakarar som ikkje har krav på dagpengar. Dermed får også studentar og tilsette over 67 år 18 dagar lønnskompensasjon frå Nav.

– Vi er veldig glad for at studentar også blir inkludert. Veldig mange er bekymra for den økonomiske situasjonen sin no, seier Marte Øien, leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), til FriFagbevegelse.

– Eit viktig steg på vegen, seier Jan Davidsen, leiar i Pensjonistforbundet.

p

20 dagar full lønn

Stortinget har vedtatt at permitterte skal få ein lønnskompensasjon tilsvarande 18 dagar full lønn (av årleg inntekt opptil omtrent 600.000 kroner), samtidig som dei reduserte perioden arbeidsgivar skal betale full lønn frå 15 til 2 dagar. Formålet er å gi økonomisk hjelp frå staten, til både bedrifter og permitterte tilsette.

For grupper som ikkje har krav på dagpengar var det likevel ikkje klart om dei vart omfatta av den nye lønnskompensasjonsordninga som har tilbakeverkande kraft frå 20. mars.

I den nye forskrifta som trådde i kraft onsdag førre veke og gjeld fram til 31. oktober står det: «Stønaden gis til arbeidstakere som har mottatt permitteringslønn fra arbeidsgiver etter permitteringslønnsloven.

Det er ikke et vilkår for stønad etter denne forskriften at den permitterte fyller vilkårene for dagpenger under permittering i folketrygdloven.»

Får ikkje dagpengar

Folketrygdlova slår fast at verken studentar eller tilsette over 67 år har krav på dagpengar. Det vil dei framleis ikkje ha.

– Vi ser på dette som aldersdiskriminering, seier Pensjonistforbundet-leiar Jan Davidsen til FriFagbevegelse.

Han peikar han på at regelen om at tilsette over 67 år ikkje får dagpengar, rimar dårleg med dei tallause oppfordringane om at nordmenn skal stå lenger i jobb. Det same meiner han om at tilsette over 70 år ikkje har krav på sjukepengar.

– I realiteten blir dei over 67 og 70 år tvinga til å gå av med pensjon når dei blir permitterte og sjuke, seier Davidsen som leiar ein organisasjon med 251.000 medlemmer.

Pensjonistforbundet har bedd om at retten til dagpengar og sjukepengar blir utvida til å gjelde også tilsette over desse aldersgrensene.

– I eit aldersvennleg samfunn bør ikkje dette vere eit hinder dersom du har helse og lyst til å halde fram i arbeid.

Meir gjeld for studentane

Også studentane ønska i utgangspunktet rett til dagpengar, men har endra kravet til høgare stipend frå Lånekassa for å avlaste Nav.

Regjeringa foreslo å utbetale stipend og lån for resten av semesteret, på forskot. I tillegg ville dei opne for at studentar som har mista arbeidsinntekt, kunne ta opp 26.000 kroner ekstra i lån.

– Ingen andre arbeidstakarar får stønad som lån, påpeikar NSO-leiar Marte Øien som representerer 240.000 studentar.

p

Stortinget vedtok regjeringa sine forslag, men gav i tillegg 1 milliard kroner i støtte. Dermed kjem Lånekassa til å gjere 8000 kroner av ekstralånet om til stipend.

– Det er eit viktig framsteg, men vi har framleis forhåpningar om at Stortinget kan sjå på delen stipend ein gong til, seier Øien.

Warning
Annonse
Annonse