JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Budsjett mot auka arbeidsløyse

Regjeringa spår at arbeidsløysa vil auke frå nå 3,2 til 3,7 prosent i 2010. I statsbudsjettet har den difor teke høgd for det - gjennom eit auka tiltaksnivå, endringar i reglane for bedriftsintern opplæring og ved å føre endringane i dagpenge- og permitteringsreglane vidare.

– Desse tiltaka er viktige i kampen mot arbeidsløysa, og det er no behov for ein auka innsats mot langtids arbeidsløyse, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Dagpenge- og permitteringsreglar føres vidare

Regjeringa har gjort fleire endringar i dagpenge- og permitteringsregelverket for å hjelpe verksemdene med å halde på arbeidskrafta i nedgangskonjunkturen.

I Regjeringa si tiltakspakke i januar 2009 vart maksimal periode med dagpengar under permitteringar auka, frå 30 til 52 veker, og perioden der arbeidsgivaren har lønnsplikt vart redusert frå 10 til 5 dagar. I revidert nasjonalbudsjett 2009 blei kravet til arbeidstidsreduksjon for rett til dagpengar redusert frå 50 til 40 prosent for permitterte.

Regjeringa fører alle endringane vidare i 2010, noko som har ein samla kostnad på 540 millionar kroner i 2010.

78.200 arbeidsmarknadsplassar

Nivået på arbeidsmarknadstiltaka aukar med 3.000 plassar i snitt i 2009. Auka skal medverke til å gi arbeidsretta bistand til arbeidslause og arbeidssøkjarar med nedsett arbeidsevne. I 2010 gir løyvinga til arbeidsmarknadstiltak rom for totalt om lag 78.200 plassar. Innanfor det totale tiltaksnivået er det rom for ein auke i talet på plassar til forsøket med tidsubestemt lønnstilskott.

Meir til Arbeids- og velferdsetaten

Etaten skal i 2010 særleg prioritere betre forvaltning av ytingar og legge vekt på arbeidet med å motverke langtidsarbeidsløyse. Oppfølgingsarbeidet av sjukmeldte vil også bli styrka. Det skal leggast til rette for ei god innføring av arbeidsavklåringspengar og arbeidsevnevurdering.

Bedriftsintern opplæring

På grunn av situasjonen på arbeidsmarknaden innfører regjeringa midlertidige endringar i regelverket for BIO. Inngangsvilkåra blir mjuka opp, slik at tilskott til bedriftsintern opplæring ikkje berre kan gis ved omstillingar, men også til bedrifter som blir ramma av forbigåande marknadssvikt på grunn av konjunkturmessige forhold. Vidare blir den maksimale tida ein kan gå på tiltak utvida ut over grensa, som i dag er på 13 veker.

Pensjon og arbeidsinntekt

Regjeringa ønskjer å stimulere eldre til å stå lenger i arbeid. Frå 1. januar 2008 blei inntektsprøvinga av alderspensjon til 67-åringar oppheva, frå 1. januar 2009 for 68-åringar. Erfaringane syner at fleire eldre kombinerer arbeid og pensjon.

Regjeringa ønskjer difor å leggje ytterligare til rette for å behalde eldre i arbeidslivet, og gjer difor framlegg om å oppheve inntektsprøvinga for 69-åringar frå 1. januar 2010. Alle alderspensjonistar kan dermed kombinere pensjon og arbeidsinntekt utan at pensjonen blir avkorta. Dei samla meirutgiftene for folketrygda blir på om lag 175 millionar kroner i 2010.

Utvida langtidsarbeidslausegaranti

Regjeringa utvidar også målgruppa for langtidsarbeidsløysegarantien. Garantien skal sikre tilbod om arbeidsretta bistand til personar som har vore arbeidslause over ein lengre periode.

Den vil frå og med 2010 omfatte personar som har hatt ein arbeidssøkjarperiode på to år og har vore samanhangande ledige dei siste seks månadene.

Annonse
Annonse