Debatt
Det held ikkje å hylle modige fagforeiningsleiarar éin gong i året. Me må velje side
Årets prisvinnar, Joe Ajaero, er eit tydeleg døme på kvifor Arthur Svenssons-prisen trengst.
NLC
Saken oppsummert
Dersom me meiner alvor med solidaritet, må me også vere villige til å stille politiske og økonomiske krav.
Internasjonal rådgjevar, Forbundet Styrke
Faglege rettar er under angrep. Ikkje i teorien, ikkje i langsame, tekniske forskyvingar, men i praksis. Kvar einaste dag. Arbeidarar som organiserer seg, blir møtte med arrestasjonar. Fagforeiningsleiarar blir utsette for vald og trugslar. Streikeretten blir avgrensa.
Dette skjer i land etter land, og det skjer oftare enn før.
Når demokratiske rettar blir svekte, er fagrørsla blant dei første som blir ramma. Det er heller ikkje tilfeldig.
Ei fri fagrørsle utfordrar makta. Ho krev omfordeling og ho insisterer på at arbeidstakarar skal ha reell innverknad over eigne liv.
Dette er ubehageleg, både for autoritære styresmakter og for sterke økonomiske interesser. Når rommet for demokrati blir mindre, blir rommet for fagleg organisering enda mindre.
Arthur Svenssons International Pris for Faglige Rettigheter er ikkje ein nøytral pris. Han løfter fram dei som står i frontlinja i kampen for faglege rettar, ofte under tilhøve som inneber personleg risiko.
Han sender ei melding til styresmakter og selskap som bryt rettar: de er ansvarlege. Og han sender ei like viktig melding til fagforeiningsfolk verda over: de står ikkje åleine.
Årets prisvinnar, Joe Ajaero, er eit tydeleg døme på kvifor denne prisen trengst.
Som leiar for Nigeria Labour Congress har han blitt ein av dei mest markante kritikarane av styresmakter og økonomiske maktstrukturar som undergrev arbeidstakarrettar.
Han har betalt ein pris for det. Arrestasjonar. Vald. Truslar. Forsøk på å kneble han politisk. Likevel held han fram. Det er dette som gjer Ajaero til meir enn ein fagforeiningsleiar. Han er del av ei global motstandsrørsle.
Det er ein feil å redusere fagrørsla sin kamp til berre eit spørsmål om løn og arbeidsvilkår. Dette handlar om makt, om kven som får bestemme, kven som blir høyrde og kva samfunn me ønskjer å byggje.
Når fagrørsla blir svekka, blir også demokratiet svekt. Når forbunda og fagforeiningar blir knuste, forsvinn ikkje berre kollektive forhandlingar, då forsvinn også viktige motstemmer.
Ingen står utanfor
Det er freistande å tru at dette er problem langt borte, men i ein global økonomi heng dette tett saman.
Når arbeidstakarar mister rettar éin stad, påverkar det presset på løns- og arbeidsvilkåra overalt. Når fagrørsla blir svekt globalt, blir ho også svekt heime. Internasjonal solidaritet ikkje berre eit moralsk spørsmål. Det er eigeninteresse.
Tildelinga av Arthur Svensson-prisen til Joe Ajaero er ei tydeleg melding. Ho seier at kampen hans er legitim, at overgrepa han blir utsett for er uakseptable og at verda følgjer med. Men ho reiser også eit spørsmål til oss: kor tydelege er me sjølve?
Det held ikkje å hylle modige fagforeiningsleiarar éin gong i året. Dersom me meiner alvor med solidaritet, må me også vere villige til å stille politiske og økonomiske krav.
Det inneber å:
• stille krav til selskap som opererer internasjonalt
• bruke politiske verkemiddel mot land som bryt rettar
• styrkje samarbeidet mellom fagrørsla på tvers av grenser
Alternativet er stillheit. Men stillheita er ikkje nøytral, det er også eit standpunkt.
Joe Ajaero har valt å stå saman med arbeidstakarar, sjølv om det inneber personleg risiko. Arthur Svensson-prisen minner oss om at me også må velje. Mellom rettar og undertrykking, solidaritet og likegyldigheit. Det er ikkje eit vanskeleg val, men det er eit val som må takast – igjen og igjen.
Arthur Svenssons International Pris for Faglige Rettigheter blir delt ut 10. juni kl 11 i Samfunnssalen, Oslo.
Nå: 0 stillingsannonser

