JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

Høgre bør lytte til Joe Biden 

Universelle velferdsordningar, at alle har rett på den same hjelpa, er gullet i samfunnet vårt, skriv Trine Østereng. (Illustrasjonsfoto)

Universelle velferdsordningar, at alle har rett på den same hjelpa, er gullet i samfunnet vårt, skriv Trine Østereng. (Illustrasjonsfoto)

Colourbox

Dette er et meningsinnlegg. Det er skribentens mening som kommer til uttrykk. Du kan sende inn kronikker og kronikkinnlegg til FriFagbevegelse på epost til debatt@lomedia.no
Warning
Det er når vi ser kva privatisering gjer med velferda på lang sikt det blir skikkeleg skummelt.

Det store spørsmålet i haustens lokalval er korleis vi skal organisere velferda vår.

Privatisering kan ta mange former, og finst i ulike sektorar. Vi vekslar mellom å høyre historier frå barnevern, heimetenester, psykiatri, helsevesen, barnehagar og skular. Alt dette er ikkje i spel no i haust, men velferdstenestene organisert under kommunane er det.

I Oslo lover Høgre-kandidatane å konkurranseutsetje sjukeheimar med ein gong, mens Høgre-kandidaten i Trondheim lover å ikkje konkurranseutsetje sjukeheimar, samtidig som han har budsjettert med å gjere det og spare mykje pengar på det.

Nokre stadar høyrer vi historier om privatisering som har gått bra, andre stadar om der det har gått skikkeleg dårleg. Det finst for eksempel ideelle private aktørar som gir veldig gode tilbod.

Men ser ein på korleis det har gått i land der store delar av velferda har blitt organisert av kommersielle aktørar, er det overordna biletet at vi ikkje bør overlate drifta av velferda til dei.

Før sommaren ga For Velferdsstaten ut eit omfattande notat om det dei kaller «bendelormøkonomi». Det ga ein debatt om tittelen på notatet, men uavhengig av ordbruk har notatet ei rekke viktige eksempel og dokumentasjon frå andre land om kva privatisering kan føre til.

Dei viser for eksempel til amerikanske erfaringar med at 70 prosent av sjukeheimane i landet er drive av kommersielle aktørar. Under pandemien fekk dette utslag som at dei sjukeheimane som har vore eid av Private Equity-selskap hadde 30-40 prosent høgare smitte av korona enn dei andre sjukeheimane, i følgje presidentadministrasjonen.

Det fekk Joe Biden til å ta opp dette i sin tale til nasjonen i mars fjor. Han sa at «Når firmaer på Wall Street tar over sykehjem, så har kvaliteten på disse hjemmene sunket og kostnadene gått opp. Dette ender på min vakt.»

I Sverige har det vore debatt om heimetenestene, som i stor grad er privatisert. Boka Hemtjänstmaffian kom i 2021 og hadde tal som viste at frå 2013 til 2020 avslutta svenske kommunar samarbeidet med 66 selskap som dreiv med heimetenester. Årsaka var at selskapa hadde juksa.

Privatiseringa har bidratt til omfattande kontrollbehov med kommersielle aktørar, samtidig som det er vanskelegare for byråkratane i kommunane å setje ned foten om dei mistenker misbruk av offentlege ressursar.

Notatet til For Velferdsstaten har også eksempel frå Frankrike og Storbritannia som bør få dei som ivrar for privatisering til å nøle.

I Klassekampen 10. juli fortel Berit Tevik, leiar i Fagforbundet Barn og Oppvekst, om korleis dei tilsette i eldreomsorga tapar på lang sikt når arbeidsplassen deira blir konkurranseutsett. Gjennom svakare tariffavtaler og dårlegare lønnsutvikling over tid kan forskjellane på arbeidsvilkåra mellom kommersielle og offentlege aktørar bli store.

Høgres fyrstekandidat i Oslo, Anne Lindboe, har lova at ingen skal tape i lønns- og pensjonsvilkår på privatisering. Det er eit løfte ho ikkje kan halde, fordi denne lønnsutviklinga vil vere utanfor Rådhusets kontroll.

I spesialisthelsetenesta, som blir styrt nasjonalt, ser vi eit anna utviklingsmønster. Private legekontor tar over mange av dei enklaste og mest rutineprega oppgåvene frå sjukehusa. Dei lar pasientar kjøpe seg ut av køen og få raskare hjelp, og med det bryte prinsippa dei offentlege må legge til grunn – at dei viktigaste operasjonane kjem fyrst. Legar og sjukepleiarar kan få høgare lønningar og meir pausar i det private enn i det offentlege.

I det lengre løp er det skadeleg for fellesskapet, og det vil lage større forskjellar mellom pasientane. Nokon må vente månadsvis i kø, mens andre kan kjøpe seg til raskare behandling.

Universelle velferdsordningar, at alle har rett på den same hjelpa, er gullet i samfunnet vårt. Nok av det beste med Noreg og dei nordiske landa har vore at vi har laga ordningar der alle bidrar med skatt, og så får alle etter behov.

Når det offentlege forvitrar, svekkar vi også det offentleges kapasitet til å gi «etter behov». For er vi sikre på at vi har nok kirurgar igjen til å ta unna dei vanskelegaste operasjonane, når dei private behova er dekka? Vil dei av oss som ikkje har råd til å kjøpe seg rundt køen få god nok helsehjelp i tide?

Samtidig blir det stadig vanlegare at arbeidsgivarar kjøper helseforsikring til sine tilsette. Helseforsikring kan gi rask hjelp, som vi alle vil ha, men problemet med dette systemet er for det fyrste at ikkje alle får vere med.

Har du ein underliggande sjukdom, får du ikkje helseforsikring. Det er eit system for utestenging, der berre dei friske får vere med på ferda. Helseforsikringane bryt med tanken om at alle skal få like god hjelp.

Det andre problemet med helseforsikringane, i kombinasjon med privat helsehjelp, er at det forrykkar prioriteringssystemet til helsevesenet.

At privatisering svekkar det offentlege, og at det offentlege velferdstilbodet må forsvarast, betyr ikkje at det offentlege er perfekt. Både sjukehus, barnehagar, heimetenester og sjukeheimar kan bli betre på mange vis. Og debatten om korleis dei kan bli det, er det viktig at vi har.

For eksempel bør ventetidene til fastlege, legevakt og spesialistar ned. Og bemanninga i helsevesenet opp.

Eg fordømmer ikkje folk som har gått til privat legehjelp i ein situasjon der ventelista til det offentlege var for lang. Det har eg gjort sjølv. Det offentlege er ikkje alltid godt nok i dag. Men for politikarane bør svaret vere å vri ressursane inn i å styrke det offentlege.

Det er der vi har systemet som kan gi hjelp til dei som er sjukast og har dei største behova fyrst, uavhengig av om dei kvalifiserer for forsikring eller ikkje.

Fleire kommersielle aktørar vil ikkje gjere velferdsstaten vår betre. Det har den amerikanske presidenten heilt rett i.

Mer debattstoff: Desse pengane har spelt ei viktig rolle for å halde Putin i posisjon så lenge

Annonse
Annonse