JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

Putin, skatteparadisa og vi 

Vi har ikkje snakka så mykje om det, men vestlege land som har støtta opp om skatteparadis har i praksis rulla ut ein raud løpar for Putin og venene hans, men også for andre diktatorar og kriminelle rundt om kring i verda, skriv Trine Østereng.

Vi har ikkje snakka så mykje om det, men vestlege land som har støtta opp om skatteparadis har i praksis rulla ut ein raud løpar for Putin og venene hans, men også for andre diktatorar og kriminelle rundt om kring i verda, skriv Trine Østereng.

Christine Roy/Unsplash

Dette er et meningsinnlegg. Det er skribentens mening som kommer til uttrykk. Du kan sende inn kronikker og kronikkinnlegg til FriFagbevegelse på epost til debatt@lomedia.no
Warning
Vi treng ein debatt om korleis skjulte pengar bidrar til å styrke autoritære leiarar over heile verda.

Mange av oss er bekymra over Russland for tida. Tidleg på 1990-talet stod Russland i ei skjebnetid. Sovjetunionen hadde gått i oppløysing og eit nytt Russland skulle byggast opp. Håpa var store mange stadar om at vi no ville sjå eit framveksande demokrati, som kunne leve roleg i sameksistens med landa rundt. Diverre gjekk det ikkje sånn.

Regimet blir stadig meir autoritært, har atomvåpen og fører ein brutal krig i Ukraina. Det bør vere tid for å sjå litt i bakspeilet og tenkje på om Noreg kunne gjort noko meir for demokrati i landa rundt oss dei siste tiåra.

Ein av faktorane som bidrar til at demokrati no går tilbake over heile verda, er skatteparadis og skjulte pengestraumar. Sjølv om ordet skatteparadis kanskje kan få oss kanskje til å tenkje på hyggelege ting som langstrakte strender, palmer og kokosnøtter, er det eit problematisk konsept. Og skatteparadisa er ikkje nødvendigvis plassert i varme land.

Sveits, Nederland og Luxembourg er nokre eksempel på ikkje særleg tropiske skatteparadis. Regnfulle Storbritannia er ein versting. Desse landa har blitt populære blant rike menneske fordi dei tilbyr låge skattar. Men også fordi dei tilbyr hemmeleghald.

Aage Borchgrevink skriv i si siste bok, Putin – krigsherren i Kreml, godt om korleis Putins makt er bygd på eit reisverk av ekstrem økonomisk ulikheit. Mykje av rikdommen er skjult, og utanfor russiske landegrenser.

Dei rikaste russarane har faktisk like mykje pengar bunkra opp ulike stadar utanfor Russland som den samla formuen til alle hushaldningane i Russland til saman, dokumenterte forskarane Filip Novokmet, Thomas Piketty og Gabriel Zucman i ein artikkel i 2017.

Desse pengane forsvann til land som Storbritannia, Dubai, Sveits og Kypros, som konkurrerte om å tiltrekke seg mest mogleg pengar og til best mogleg vilkår. Pengar gir makt, og skjulte pengar enno meir, og farlegare, makt.

I praksis blei pengar tatt frå det russiske fellesskapet og endte opp i private hender. Desse investerte dei vidare igjen, for eksempel i eigendomsmarknaden i London. Det er ikkje tilfeldig at byen har fått kallenamnet «Londongrad».

Forfattaren Oliver Bullough, som har skrive fleire bøker om skjulte pengestraumar og skatteparadis, fortel i bøkene Pengeland og Butler for verden om sightseeing-turane han og nokre vener av han arrangerer i London der ein kan sjå på husa til forskjellige russiske oligarkar. Desse russiske rikingane fordømmer gjerne Vesten politisk, men har samtidig valt å flytte både seg sjølv og pengane sine dit.

Russiske pengar har deretter gått frå skatteparadis og over til problematiske føremål som innblanding i val, styrking av høgreekstreme krefter i ei rekke land og produksjon av falske nyhende over heile verda.

Desse pengane har spelt ei viktig rolle for å halde Putin i posisjon så lenge. Det vaks fram ein allianse mellom oligarkane og Putin, samtidig som dei oligarkane som tok til motmæle blei hardt straffa. Det har vore mange mistenkelege dødsfall blant rike russarar dei siste tiåra.

Vi har ikkje snakka så mykje om det, men vestlege land som har støtta opp om skatteparadis har i praksis rulla ut ein raud løpar for Putin og venene hans, men også for andre diktatorar og kriminelle rundt om kring i verda. Lekkasjar som Panama Papers viste at det var ei lang rekke statsleiarar og politikarar som viste seg å ha skjulte pengar rundt om kring.

Ved å tilby hemmeleghald har ein lagt til rette for at pengar kan gøymast unna frå legitimt innsyn og legitim fordeling. Skatteparadis legg til rette for korrupsjon.

Det har vore sjølvransaking, som då det britiske parlamentet fekk ein rapport som slo fast at London fungerte som ei vaskemaskin for ulovlege pengestraumar, og at det var etablert band mellom Putins vener og britiske politiske toppar. Og det blei innført sanksjonar mot Russland etter Ukraina-krigen starta, både i Sveits og i Storbritannia.

Men for alle land er det vanskeleg å finne sanksjonar som er treffsikre nok. I tillegg finst ei heil næring av advokatar og økonomiske rådgivarar som livnærer seg av å hjelpe til med å unngå denne typen sanksjonar.

Det er grunn til å sjå på kva rolle Noreg har tatt. Har vi sagt i frå til vår nære britiske allierte om at denne politiske praksisen med å konkurrere om mest mogleg hemmeleghald og lågast mogleg skatt er problematisk? Har vi hatt dialog med Sveits om korleis deira politikk i praksis styrkar autoritære leiarar rundt om kring?

Vi kan og bør ta på oss ei større rolle i det internasjonale arbeidet mot skatteparadis. Det kan vi for eksempel gjere ved å få på plass betre system for openheit om eigarskap, betre informasjonsutveksling mellom land og meir einskapleg skattlegging av selskap på tvers av land.

Men fyrst trengst det eit haldningsskift i diskusjonen om skatt og openheit. Er ein opptatt av å styrke demokrati, bør det å bekjempe skatteparadis tufta på hemmeleghald bli sett som det det eigentleg er – sikkerheitspolitikk.

Dette innlegget ble først publisert hos Agenda Magasin

Annonse
Annonse