JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

La dei bli sjukepleiarar

I år har me sett nedgang på søkjarar til sjukepleiestudia. Studieplassar står faktisk tomme. Då kan me ikkje setje opp kunstige barrierar som hindrar dyktige, motiverte fagfolk å kome inn på studiet, skriv Sigrun Bøe Perez.

I år har me sett nedgang på søkjarar til sjukepleiestudia. Studieplassar står faktisk tomme. Då kan me ikkje setje opp kunstige barrierar som hindrar dyktige, motiverte fagfolk å kome inn på studiet, skriv Sigrun Bøe Perez.

Colourbox

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no
Det er ei side ved utdanningssystemet i Noreg eg aldri heilt har forstått. 

Trua på at ungdommar som har hatt tre år med allmennfag er betre rusta til å bli ein sjukepleiar enn dei som har hatt fire år med helsefag.

At folk med praktisk erfaring i å jobbe med sjuke menneske og solid pleiefagleg kunnskap ikkje er eigna med mindre dei lærar seg meir litteraturhistorie og matematikk. 

Ikkje ein gong tilleggspoeng får helsefagarbeidarar for fagbrevet sitt! Slik det er no får ein tilleggspoeng til opptak ved sjukepleia for folkehøgskule. Det er i og for seg greitt, folkehøgskule er bra for mange.

Likevel er det eit noko urovekkande i at staten seier til helsefagarbeidarar at ein er betre kvalifisert til å studera sjukepleie om ein til dømes har eit år med japansk sverdfekting, «design og fashion» eller «multisport» frå folkehøgskule, enn om ein har deira fireårige helsefaglege utdanning.

«Ah, men medikamentrekning er viktig» høyrer eg du seier. Det er heilt rett, men for det fyrste forklarar det ikkje behovet for at sjukepleiarar kan meir litteraturhistorie enn ein helsefagarbeidar, og for det andre så er medikamentrekning grunnskulematematikk. Det er sjølvsagt viktig at den vart rett, men me må ikkje gjere det vanskelegare enn det er.

Så, viss det ikkje er matematikk, og heller ikkje eit behov for litteraturhistorisk kompetanse på norske sjukehus, kva er det då? Er det «studiekompetanse»? Altså ein lett nedlatande tanke om at ein ikkje er førebudd på å kunne studere når ein har praktisk kompetanse? Det er vel å sjå bort frå at fagarbeidarar har moglegheit til å studere på fagskular, høgare yrkesfagleg utdanning, og opparbeide seg studiepoeng der. Men det er vel òg å vise svært låg tillit til evna til å formidle kunnskap hos våre universitet og høgskular?

Samstundes har me gode overgangar for ingeniørar, med såkalla «yrkesfaglege vegar» eller «y-veg», til dømes ved Høgskulen på Vestlandet. Dei som tek denne utdanninga blir dyktige og ettertrakta ingeniørar.

Kva er det som gjer helsefagarbeidarane så spesielle at dette ikkje er mogleg å få til i helseutdanningane?

Det er på tide å tenkje nytt. Me treng y-vegar innan helse. Helsefagarbeidarar som ynskjer det må kunne bli sjukepleiar. Ambulansearbeidarar som ynskjer det må kunne bli paramedisinarar.

Ikkje fordi det ikkje er godt nok å vere fagarbeidar, men for å gi ein ekstra veg til å vidareutvikle kompetansen sin, i tillegg til fagskuleutdanningar og realkompetansen ein opparbeider seg på jobb.

I år har me sett nedgang på søkjarar til sjukepleiestudia. Studieplassar står faktisk tomme. Då kan me ikkje setje opp kunstige barrierar som hindrar dyktige, motiverte fagfolk å kome inn på studiet.

Lag ein skikkeleg y-veg, og fjern dei meiningslause karakterkrava.

La dei bli sjukepleiarar!

Warning
Annonse
Annonse