JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

Stortinget lyttar for mykje til dei pengesterke

Karin Andersen satt på Stortinget i 24 år og var kjent for lange arbeidsdagar, og på å bruke dei på å løfte sakene til dei som ikkje så mange andre lyttar til, skriv Trine Østereng.

Karin Andersen satt på Stortinget i 24 år og var kjent for lange arbeidsdagar, og på å bruke dei på å løfte sakene til dei som ikkje så mange andre lyttar til, skriv Trine Østereng.

Jan-Erik Østlie

Dette er et meningsinnlegg. Det er skribentens mening som kommer til uttrykk. Du kan sende inn kronikker og kronikkinnlegg til FriFagbevegelse på epost til debatt@lomedia.no
Warning
Politikarar burde lære meir av Karin Andersen.

Er det ein god idé å opne for bogeskyting som jaktform i Noreg? Ein gong blei eg nesten overtydd om det.

I min tidlegare jobb som politisk rådgivar for SV, var ein stor del av jobben å møte ulike aktørar som hadde bedt om å treffe oss for å fremja ulike gode og dårlege forslag.

Denne gongen måtte eg steppe inn i møtet på kort varsel, om eit tema eg ikkje kunne noko om på førehand. Eg var skeptisk før møtet, men etter 45 minutt med prat, var eg langt meir i tvil. Kunne det kanskje stemme at bogeskyting ikkje var så ille?

Etter møtet tok eg opp telefonen og ringte folk som kunne meir om dette enn meg. Dyrevernarar og forskarar var eintydige: Nei, bogeskyting er ikkje ei jaktform som heng i hop med dyrevelferd, og det er ingen god måte å auke turisme i distrikta på, sjølv om andre land har gjort det.

Eksempelet illustrerer problema med den travle kvardagen på Stortinget og informasjonstilgangen på huset. Det er lett å la seg rive med av dyktige lobbyistar.

Dei er ofte veldig gode til å presentere fakta som stør opp om deira syn, og utelate resten. Det er ikkje alltid ein har god tid til å sjekke gode historier opp mot andre aktørar.

I dag, måndag 12. juni, behandlar Stortinget i plenum saker om Statens pensjonsfond, Finansmarknadsmeldinga, Rapport frå Noregs bank representantskap, statsrekneskapen, jordbruksoppgjeret og reindriftsavtalen.

På denne tida av året går det i eit bankande køyr, med voteringar til seint på kveld. Ein stortingsrepresentant skal vere glad i å lese høge dokumentbunker dersom ein tenkjer å halde seg oppdatert på argument for og i mot alt som blir bestemt kvar einaste dag.

Samtidig er det stor pågang frå folk som vil møte representantane. Her kjem alle slags aktørar som meiner noko. Mange er godt drilla i korleis ein får gjennomslag. Godt lobbyarbeid er difor ofte formande på politikarars syn på verda.

Stortinget har ikkje noko eige embetsverk. Når representantar skal lage eigne forslag, eller vurdere regjeringa sine, har dei fleire kanalar dei kan bruke, som partitilsette rådgivarar, utredningsseksjonen til Stortinget og departementa via regjeringa, men det viser seg ofte effektivt å bruke fleire kjelder.

Då kan lobbyistane fort bli sentrale hjelparar. Det er ofte nyttig, og det er utruleg bra at stortingsrepresentantar snakkar med alle slags folk utanfor huset.

Men dette systemet er også krevjande i eit maktperspektiv. For alle grupper er ikkje likt representert.

Til saman gjer dette at informasjonstilgangen kan bli ubalansert, og den endelege vektinga av kva saker som er viktige og uviktige, og kva argument som veg tyngst, kan fort bli problematisk.

Noko av det som skil dei pengesterke frå andre aktørar, er at dei kan kjøpe seg makt til å lukkast med dette. Dei kan setje i gong eit heilt maskineri til å jobbe opp mot presse, lokallag og mange representantar på ein gong.

Det skjedde for eksempel då Solberg-regjeringa sette ned eit utval som skulle vurdere grunnrenteskatt på laks. Fleire parti gjorde vedtak mot skatten på landsmøta før NOU-en var ferdig.

Ein studie av Arendalsuka viste at aktørane med mest pengar på Arendalsuka oppnådde tettare kontakt med politikarar enn andre aktørar. Pengesterke aktørar kjem ofte frå næringslivet.

Eit eksempel på dette kom fram i den nye rapporten frå Fritjof Nansens Institutt og Menon Economics som gir solid dokumentasjon på korleis norsk miljøpolitikk er underlagt næringslivsinteresser, og meir konkret korleis petroleumssektorens interesser overstyrer klimapolitikken.

Oljeskattepakka er kanskje det fremste eksempelet på det.

Under pandemien klarte lobbyistar frå oljebransjen å få stortingsfleirtalet med på ei krisepakke som har ført til at vi i dag, i 2023, har rekordmange nye utbyggingar i oljesektoren.

Desse har fått skattelette til ein verdi på over 30 milliardar kroner. Resultatet var ordningar som ga næringa langt meir enn ei kortsiktig pandemi-krisepakke skulle tilseie.

Internasjonal forsking peikar i same retning. Pengar gir politisk makt. Gilens og Page har for eksempel studert samanhengen mellom offentlege meiningsmålingar og politiske avgjerder i USA.

Dei fann at dersom den rikaste tidelen av folket stør eit forslag, er det større sjanse for at forslaget blir vedtatt.

Førre tysdag var eg på eit seminar laga til ære for ei som på ingen måte har gått i dei pengesterke si lobbyfelle, men heller har gått sin eigen veg.

Karin Andersen satt på Stortinget i 24 år og var kjent for lange arbeidsdagar, og på å bruke dei på å løfte sakene til dei som ikkje så mange andre lyttar til.

På seminaret var det ei lang rekke av ideelle organisasjonar – NOAS, Blindeforbundet, Handikapforbundet, AAP-aksjonen og Besteforeldrenes Klimaaksjon, for å nemne nokre.

Andersen sa at hennar erfaring var at dei som har dei viktigaste sakene ofte ikkje snakkar like høgt som dei meir pengesterke.

No har for eksempel staten bestemt seg for å kjøpe nye tog som ikkje er universelt utforma. Det vil i praksis stenge ei stor befolkningsgruppe frå eit sentralt kollektivtilbod i fleire tiår, men eg har ikkje registrert overskrifter om dette nokon stad.

Det er eit paradoks at litt høgare skatt på den ekstremt lønnsame laksenæringa har opptatt spaltene i månadsvis, men at vi ikkje snakkar om at titusenvis av oss vil kunne bli utestengt frå å ha eit togtilbod i fleire tiår framover.

Både media og Stortinget hadde hatt godt av ein maktkritisk gjennomgang av kven ein gir verdifull møtetid og spalteplass til.

Det er ikkje alltid dei med den proffaste lobbystrategien det er viktigast å ha dialog med dersom ein skal gjere ein god jobb som stortingsrepresentant for veljarane sine.

Det er på høg tid med ei ny utredning av kven som har makt i Noreg. Ei sånn utredning bør sjå særleg på dei pengesterke si rolle i norsk politikk.

Det er lite tvil om at dei har mykje makt i dag.

Denne teksten ble først publisert hos Agenda Magasin

Annonse
Annonse