JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kronikk

To myter om private i velferda

Det er grunn til å stille spørsmål ved om Høgre då eigentleg har ein plan for å sikre lønns- og arbeidsvilkår når dei skal konkurranseutsette, skriv Trine Østereng.

Det er grunn til å stille spørsmål ved om Høgre då eigentleg har ein plan for å sikre lønns- og arbeidsvilkår når dei skal konkurranseutsette, skriv Trine Østereng.

Jan-Erik Østlie

Dette er et meningsinnlegg. Det er skribentens mening som kommer til uttrykk. Du kan sende inn kronikker og kronikkinnlegg til FriFagbevegelse på epost til debatt@lomedia.no
Warning
Det er ikkje alt Høgre seier om private aktørar i velferda som er så lett å tru på. 

Ei av dei mest diskuterte sakene i denne valkampen er kommersielle aktørars rolle i velferda. Her er det greitt å vere ueinige om sak, men høgresida har også fleire påstandar som er upresise, eller forvirrande.

Her er to av dei: 

Myte 1: Venstresida undergrev den norske velferdsmodellen  

Høgre ga i vår ut eit hefte om sin politikk for private aktørar i velferda. Her skriv dei at den norske velferdsmodellen tradisjonelt er basert på eit samarbeid mellom offentlege og private, og at venstresida no undergrev denne tradisjonen.

Dei skriv: 

«Den norske velferdsmodellen har derfor historisk sett bestått av et samarbeid mellom det offentlige, private og ideelle – med det offentlige som bærebjelken – til det beste for innbyggerne, og for det offentliges regning. Venstresiden har de siste årene gjort det til en paradegren å utfordre den norske velferdsmodellen, og er i ferd med å lykkes med det. En utradering av de private og ideelle alternativene som finnes i landet, er i klar strid med den norske velferdsmodellen.»

Denne historiefortellinga er selektiv. Ja, norsk velferd blei utbygd på 1900-talet i eit samarbeid mellom ideelle aktørar (som sanitetskvinnene), små private aktørar og ikkje minst det offentlege, og det offentlege tok meir og meir ansvar på siste del av 1900-talet. Men på 2000-talet har dette endra seg.

No har også store, ofte utanlandskeigde kommersielle selskap kome inn og tatt ei sentral rolle i vesentlege delar av norsk velferd, som for eksempel i barnehagar og i heimetenester.  

Velferdstenesteutvalet går gjennom denne utviklinga og fortel om korleis ideelle på ei rekke område har fått ein mindre andel blant dei private, mens dei kommersielle har blitt fleire dei siste 20 åra.

Under er ein tabell frå utvalet som viser korleis ideelle utgjer ein stadig mindre del av kommunal helse og omsorg, mens dei utanlandske konserna har fått ein stadig større del.  

NOU 2020:13 Private aktører i velferdsstaten.

Venstresidepartia seier nei til denne utviklinga med stadig fleire kommersielle aktørar. Det er eit forsvar av den tradisjonelle norske modellen for velferd, ikkje i strid med den.

Og det er ingen parti som går til val på færre ideelle aktørar i velferda.

Myte 2: Høgre skal ikkje kutte lønn eller arbeidsvilkår på å konkurranseutsetje    

Høgre har sagt ei rekke gongar at dei skal stille krav om like lønns- og arbeidsvilkår ved konkurranseutsetting av sjukeheimar, for eksempel i landsstyretalen til Erna Solberg i juni.

Det er bra, for dei siste åra har vist oss at dei tilsette tapar store beløp på konkurranseutsetting. Verst er tilfella der folk tapar retten til AFP og kan gå glipp av millionbeløp. Problemet er at dette er vanskeleg politikk å gjennomføre i praksis. 

For det fyrste er dette eit løfte det er vanskeleg å levere på (sjå punktet under), men for det andre er det desto mindre sannsynleg når Høgre i kommune etter kommune har lagt fram alternative budsjett der dei har planlagt for store innsparingar gjennom konkurranseutsetting.  

I Oslo har Høgre budsjettert med å spare 95 millionar kroner på å konkurranseutsette sjukeheimar i 2023.  

I Stavanger har dei budsjetter med å spare 100 millionar på det same.  

I Trondheim er summen 80 millionar. Her har ordførarkandidat Kent Ranum tatt avstand frå Høgres alternative budsjett for 2023 og meiner det ikkje er relevant som utgangspunkt for kva Høgre vil gjere i neste fireårsperiode.   

Det er interessant å spørje kva Høgre har tenkt å spare på, om det ikkje er dårlegare lønns- og arbeidsvilkår eller redusert bemanning. 

Som velferdstenesteutvalet skriv: «Siden velferdstjenester gjennomgående er arbeidsintensive, er bemanning og lønnsnivå de viktigste elementene for virksomhetenes kostnadsnivå». 

Eit hovudpoeng frå Høgre har vore at dei skal stille krav ved konkurranseutsetting om at dei tilsette skal behalde lønns- og arbeidsvilkår.  

LO har vore ute og vist korleis dette løftet frå høgre ikkje er mogleg å levere på, og nyleg var det ei sak i KK som viste at dette var vanskeleg å gjennomføre innafor EØS-regelverket.   

Eg gjekk tilbake og såg på Høgres plan for private i velferda, som dei la fram i juni, for å sjå nærmare på korleis dei tenkjer å gjennomføre dette kravet om å ivareta lønns- og arbeidsvilkår, og då er det tydeleg at dei ikkje har det heilt klart for seg sjølv heller.

Dei skriv at dei vil utrede det, mellom anna ved at «det utredes hvilket handlingsrom Norge har til å stille strenge krav til lønns- og arbeidsvilkår i anskaffelser».   

Det er grunn til å stille spørsmål ved om dei då eigentleg har ein plan for å sikre lønns- og arbeidsvilkår når dei skal konkurranseutsette. 

Det er altså fleire ting som skurrar ved Høgres politikk for velferd i kommunane. Og 11. september er det valdag. Etter det får vi sjå korleis det går. Men jo betre Høgre gjer det, jo større sjanse er at vi får fleire kommersielle aktørar.

Og skal vi legge dei alternative budsjetta deira til grunn, vil dei fortsatt legge opp til å skulle spare pengar på konkurranseutsetting. Det er stor sjanse for at det vil gjere det vanskelegare å jobbe i helse- og omsorg.

Og er det noko brukarane av desse tenestene no treng, er det fleire, og ikkje færre, folk på jobb.

Dette innlegget ble først publisert hos Agenda Magasin

Annonse
Annonse