JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Strid om arbeidarboliger

Bergensarane jubla for millionsiger over fagforeininga. No vert dommen anka til Høgsterett

Rettstvistane om bustadene har hagla i fleire enn ti år. I haust sa lagmannsretten sitt. Men gleda over sigeren varte ikkje lenge.
PUNKTUM: Carl-Åke Karlsson og Mariann Fossum bur i Trikkebyen i Bergen. Til jul vil det truleg vere slutt på over ti år med rettssaker.

PUNKTUM: Carl-Åke Karlsson og Mariann Fossum bur i Trikkebyen i Bergen. Til jul vil det truleg vere slutt på over ti år med rettssaker.

Eivind Senneset

oystein.windstad@fagbladet.no

I haust vakna rundt 100 bebuarar i Trikkebyen i Bergen til ei nyheit. Lagmannsretten gav dei fullt seier: Dei kan alle fritt selje leilegheitene dei har fått nesten gratis. Og sitte igjen med millionar dei får behalde:

– Ja, vi er kjempeheldige. Det er som å vinne i lotto. Men også som å vinne i lotto utan å kunne hente ut gevinsten, på grunn av alle rettstvistane. Det har teke over tolv år å få vinnartelefonen, seier Mariann Fossum, som bur i Trikkebyen.

Les også: Anne-Lise kan bli tvungen til å selje heimen sin. Det skulle være ein billig bustad for fagorganiserte

Ankar til Høgsterett

Dei over 100 leilegheitene i Bergen sentrum er rekna å ha ein samla verdi på over 250 millionar kroner.

Krangelen handlar om kva Fagforbundet-foreininga Bergen sporveisfunksjonærers forening, som eig 15 prosent av bustadaksjeselskapet, har krav på.

Talsmann for foreininga, Morten Ulevik, seier dei tek saka til Høgsterett.

KRITISK: Morten Ulevik er tidlegare leiar i Bergen sporveisfunskjonærers forening. Han er talsperson i saka om Trikkebyen og meiner det er feil at foreninga som tok initiativet til å bygge Trikkebyen, ikkje skal få noko av verdiane på over 250 millionar kroner.

Ulevik ristar på hovudet av den nye domen:

– Vi er veldig overraska over Gulating lagmannsrett sin dom. Vi har heldt på med denne saka i ti år og dette er ein heilt annen dom enn i tingretten. Til og med advokaten til motparten sa i Fagbladet at han er overraska, fortel Ulevik.

VERDIAR: Dei to bygardane i Bergen sentrum er verdsett til over 250 millioner kroner. Dei blei bygd på starten av 1900-talet for å gje arbeidarar rimeleg tak over hovudet.

VERDIAR: Dei to bygardane i Bergen sentrum er verdsett til over 250 millioner kroner. Dei blei bygd på starten av 1900-talet for å gje arbeidarar rimeleg tak over hovudet.

Øystein Windstad

Tapte 17 millionar i lagmannsretten

Fagforeininga har saksøkt Bergens Sporveisfunksjonærers byggeselskap. Eit bustadaksjeselskap som dei eig 15 prosent av – og som dei rundt 100 bebuarane eig 85 prosent av.

Dommen i tingretten slo fast at fagforeininga hadde krav på 17 millionar kroner. Men, med den nye dommen i lagmannsretten mista Bergen sporveisfunksjonærers forening alt av verdiar i Trikkebyen.

Foreininga Ulevik representerer har 270 medlemmer. Bergen sporveisfunksjonærers forening er ein del av Fagforbundet.

Saka og konflikten er den einaste i sitt slag i Norge og har gått sidan 2011.

Noko av det mest spesielle er at ingen av dei som budde i Trikkebyen visste at dei eigde leilegheitene. Alle trudde dei var leigetakarar.

Heilt til ein advokat gjorde ei juridisk gransking av finjussen. Og kom fram til at dei eigde leilegheitene.

Dommen i Gulating lagmannsrett i september slo fast at bebuarane er dei som eig leilegheitene, som fritt kan selje dei og som vil sitte igjen med verdiane. 

Sidan oppstarten har dei som flytta inn betalt ein liten sum for å kunne bu i Trikkebyen.

I dei seinare åra har bebuarane betalte mellom 2000 og 10.000 kroner for å få nøklane til leilegheitene dei trudde dei leigde.

Om Høgsterett avviser anka til fagforeininga, vil bebuarane sitte igjen med leilegheiter verdt opp mot 4 millionar kroner, som dei har betalt nokre tusenlappar for.

Mariann Fossum, som har budd mange år i Trikkebyen, anerkjenner at dei er heldige.

Og samtidig at alle rettssakene har vore tøffe for bebuarane:

– Folk har levd og døydd her og ikkje vore sikre på kva dei kan gjere med leilegheitene sine. Det har vore fleire som har vore fastlåst her og som ikkje har kunne flytte eller selje grunna den låste konflikten, seier Fossum.

GLAD: Mariann Fossum vann saman med boligselskapet i retten: - No er det kun jussen som avgjer. Vi er forplikta til å følge aksjelova og foreninga sine aksjer har då like liten verdi som mine, så lenge selskapet ikkje skal slaktast, seier Fossum. Om fagforeininga hadde vunne fram, kunne boligaksjeselskapet ha blitt oppløyst.

Kan bli endeleg avgjort til jul

Bergen sporveisfunksjonærerers forening tok initiativet til å bygge arbeidarbustadene i Trikkebyen på starten av 1900-talet.

Før jul kan det vere endeleg punktum for saka som har gått over fleire tiår. Det er venta at Høgsterett enten ser på saka eller avviser ho innan desember. 

Om Høgsterett avviser anken, risikerer saksøkande Bergen sporveisfunskjonærers forening å sitte igjen med millionutgifter: Sakskostnadane til bebuarane på over 4 millionar kroner, i tillegg til sine eigne advokatutgifter.

Det vil koste foreininga dyrt, ifølgje Ulevik.

– Vi likar ikkje dei store beløpa i sakskostnader. Vi snakkar samtidig om eit tap på bortimot 25 millionar kroner på foreininga. Ut frå dommen i lagmannsretten får vi ikkje taksten på 17 millionar kroner som voldgiftsretten har funne ut at det er verdt.

– Vi er veldig overraska over utfallet etter ti år. Vi må nesten forsøke å finne ut om denne dommen er rett. Vi meiner jo at han ikkje er rett, seier Ulevik.

Ulevik fortel at dei framleis er opne for eit forlik med bebuarane:

– Vi ønsker å få betalt det voldgiftsretten har sagt at aksjane våre er verdt. Og bli ferdig med saka. Vi ønsker å bli kjøpt ut. Det er rundt 100 leilegheiter. Vår andel er verdt 17 millionar kroner. Det vil i snitt seie at kvar leilegheit må ut med 170.000 kroner, seier Ulevik.

KONFLIKT: I over ti år har det vore konflikt mellom ein stor del av bebuarane og Bergen sporveisfunksjonærerers forening. Konflikta tok av då bebuarar fann ut at dei kunne selge leiligheitene sine. Spørsmålet var om foreininga hadde krav på ein andel av verdiane.

– Vinn-vinn

Ulevik meiner om dei blir kjøpt ut, vinn alle partar:

– Eg meiner det er ingen som kjem dårleg ut av dette. Mange har betalt 2000 kroner og har fått ein gevinst på mellom 2 og opp mot 4 millionar kroner. Den dyraste leilegheita blei seld for 3,6 millionar kroner. Eigentleg er det berre vinnarar.

– Vi skulle gjerne ha blitt ferdig med ei konflikt som har vart i ti år. Det er foreininga som har bygd Trikkebyen i 1913. Utan foreininga ville aldri dette ha eksistert, seier Ulevik som er tidlegare leiar i foreininga og som har følgt saka i fleire rettsrundar.

Meiner dommen er løysinga

Trikkeby-bebuar Mariann Fossum er ikkje interessert i forlik:

– Vi er langt forbi den tida.

– Kva løysing ser du på denne saka?

– Løysinga er denne dommen som har falt.

– Foreininga tenkjer det er urettferdig at dei som eig 15 prosent sit igjen med ingen ting. Medan kvar bebuar kan sitte igjen med fleire millionar ved sal. Kva tenkjer du om det?

– Det kan opplevast som veldig urettferdig. Men det hjelp veldig lite. Det opplevast også urettferdig at foreininga vil ha 17 millionar kroner, utan å ha lagt ned ei krone, seier Fossum.

– Har lagt ut for alt

Fossum fortel at bebuarane har teke eit stort lån som dei – og ikkje fagforeininga må betale tilbake:

– Bebuarane har betalt felleskostnader og sørga for at bygga ikkje har ramla ned. Vi har betalt to millionar i året i vedlikehald. Foreininga har betalt null. Det er ikkje aksjane i bustadselskapet som har verdi, men burettane. Bebuarane har også teke opp eit lån på 60 millionar kroner for å totalrenovere Trikkebyen. Eit lån som skal betalast over felleskostnadane. 

Dette er Trikkebyen på Møhlenpris

• 110 leilegheiter på Møhlenpris i Bergen bygd mellom 1914 og 1924.

• Første byggetrinn i 1914 blei bygd etter initiativ frå Bergen Sporveisfunksjonærers foreining.

• Formålet var å gje fagorganiserte arbeidarar rimelege leilegheiter.

• Fagforeininga starta eit bustadaksjeselskap som stod for utbygging og som eig bygga.

• I dag eig Bergen Sporveisfunksjonærers foreining 15 prosent av Bergens Sporveisfunksjonærers byggeselskap. 85 prosent av aksjane er eigd av bebuarane.

• Her ligg konflikten: Har bebuarane krav på alt når leilegheiter blir seld, eller har fagforeininga gjennom sine aksjar krav på 15 prosent av dei samla verdiane i Trikkebyen?

• Den samla verdien av leilegheitene i Trikkebyen er i dag antatt å vera verdt mellom 230-300 millionar kroner.

• Frå hausten 2021 til i dag er det seld 14 leilegheiter. Prisen har variert frå 1,5 til 3,6 millionar kr.

• 26. september 2023 vant bebuarane i Gulating lagmannsrett.

Dette er saka

• På starten av 1900-talet vart leilighetene byggd for å gje billege heimar til fagorganiserte.

• I over ti år har partane vore ueinige om korleis verdiane som ligg i bustadane, skal fordelast. 

• No har lagmannsretten gjeve bebuarane medhald, og fagforeininga har tapt saka. 

• Bergen tingrett meinte at fagforeininga skulle få 17 millionar kroner. 

Sjå tidslinje: Dette er Trikkeby-konflikten

• Bergen Sporveifunksjonærers forening startar Bergen Sporveisfunksjonærers byggeselskap i 1913.

• Bygginga av Trikkebyen startar i 1914 og begge bygardane er ferdige i 1924.

• I 1917 får fagforeininga 15 prosent av aksjane til byggeselskapet i gåve.

• I 2003 blir det opna for at folk som ikkje er medlemmar i fagforeininga til sporveisfunksjonærane kan eige aksjar i selskapet.

• Som ei følgje av endringar i likningslova i 2010 engasjerte byggeselskapet advokat for å klargjera at bebuarane ikkje eig leilegheitene i skattemessig omsyn. Advokaten kjem i 2011 derimot fram til at bebuarane faktisk eig leilegheitene, og at vedtektene må endrast.

• I 2013 endrar byggeselskapet vedtektene: Frå no av kan aksjonærar med burett selje aksjane – og altså leilegheita dei gjev burett til – på den frie marknaden. Same år tek Bergen Sporveisfunksjonærers forening ut det første søksmålet mot byggeselskapet. Dette skjer i samband med at bebuarane startar å selje leilegheitene. Fagforeininga, som eig 15 prosent av aksjane i byggeselskapet, men ingen burettar, krev å få verdiar frå sal.

• I 2015 kom Gulating lagmannsrett fram til fagforeininga hadde krav på verdiar ved sal av leilegheiter.

• I 2016–2020 ønska eigedomsselskapet Daimyo å kjøpe Trikkebyen.

• Daimyo tilbydde bebuarar som ville selje til dei ein signeringsbonus på mellom 50.000 og 250.000, mellom anna med krav om at dei stemte for sal på generalforsamlinga i selskapet. «Kuppforsøk» og «djupt umoralsk», meiner bustadselskapet, og nye advokatrundar er i gang.

• Etter ein voldgiftsdom i 2017, i kjølvatnet av lagmannsrettsdommen frå 2015, kjem ein opsjonsavtale på plass: Bebuarane skal kjøpe ut fagforeininga for 17 millionar kroner. Styret i byggeselskapet vedtek å gjera det, men «Daimyo-fraksjonen» blant bebuarane går til sak for å stoppe utkjøpet. Opsjonsavtalen blei utsett på grunn av søksmålet, og byggeselskapet meiner no tidsfristen for avtalen har gått ut.

• I desember 2020 avslår høgsterett ei anke frå «Daimyo-fraksjonen». Daimyo gir opp å overta Trikkebyen.

• Hausten 2021 blir fleire leilegheiter selde.

• I januar 2022 tek fagforeininga ut eit nytt søksmål mot byggeselskapet. No er kravet at selskapet tvangsoppløysast.

• Gulating lagmannsrett gav bebuarane medhald i september 2023.

Annonse