Arbeidsliv
Bygde nytt sjukehus til 18 milliardar kroner: Jordmødrene har ikkje pauserom
Vi er avhengige rommet for eit godt arbeidsmiljø, seier tillitsvald jordmor.
Ei høggravid kvinne får måling gjort av jordmor.
Lise Åserud / NTB
Saken oppsummert
oystein.windstad@fagbladet.no
I oktober opna Drammen sykehus. Det nye bygget blei kalla eit sjukehus i verdsklasse av helseminister Jan Christian Vestre.
Jordmødrene etterlyser no at også dei skal ha eit pauserom:
– For at vi skal kunne ha eit godt arbeidsmiljø, er vi heilt avhengige av å kunne vere sosiale og lene oss på kvarandre emosjonelt, seier Arna Blikom til NRK. Ho er tillitsvald jordmor ved fødeavdelinga i Drammen.
Krevjande jobb
NRK skriv vidare at fødeavdelinga ved sjukehuset lenge har vore kjent for gode pasientresultat og eit svært godt arbeidsmiljø. Tillitsvalde Blikom seier jordmødrene treng å snakke ut etter tøffe hendingar:
– Eg har jobba her i 20 år, og mykje av det som gjer avdelinga så robust, handlar om at vi er så godt kjent med kvarandre og saman kjem oss gjennom ein mentalt krevjande arbeidskvardag. Den einaste staden vi har hatt moglegheita til det, er på eit pauserom som er fråskilt frå den jobben vi gjer, seier Blikom vidare til NRK.
Skal sjå på løysing
Mai Bente Myrvold er klinikkdirektør ved Drammen sykehus. Ho seier at pauserommet til jordmødrene var eit pengespørsmål. Myrvold seier vidare til NRK at leiinga no skal sjå på kor jordmødrene kan ha pause:
– Det er jo det vi må løyse for jordmødrene. For i dag har dei jo ikkje noko godt alternativ til å ta seg pause. Dei har ein friperiode, men ikkje nokon god stad å opphalde seg under den friperioden. Og det må vi løyse for jordmødrene.
Nå: 0 stillingsannonser

