JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Privat omsorg

Høgre såg eldreskandalar på TV – no droppar dei planar om konkurranseutsetting

TV-avsløringar av dårleg eldreomsorg er grunnen til at Høgre ikkje lenger trur privatisering vil koste mindre, seier helsetalsperson Hassan Nawaz. Fagforbundet er kritisk.
Etter ein vår med mykje kritikk mot valløftet om å starte privatiseringa av sjukeheimane på «dag ein» seier Høgre no at dei likevel ikkje skal spare på konkurranseutsetting. Illustrasjonsfoto

Etter ein vår med mykje kritikk mot valløftet om å starte privatiseringa av sjukeheimane på «dag ein» seier Høgre no at dei likevel ikkje skal spare på konkurranseutsetting. Illustrasjonsfoto

Anna Granqvist

oystein.windstad@fagbladet.no

Dei raudgrøne har styrt Oslo sidan 2015. Men til hausten kan Høgre ta over makta i hovudstaden saman med Frp og Venstre.

Skjer det, har dei borgarlege toppane lova endringar. Men allereie no har dei begynt å gå tilbake på nokre av planane. Mellom anna på privatiseringsfronten.

I alle dei tre partia sine alternative budsjett for 2023 står det at dei ville spare inn 32 millionar kroner på å føre tilbake sjukeheimar frå kommunen til private.

Men etter ein vår med mykje kritikk mot valløftet om å starte privatiseringa av sjukeheimane på «dag ein» seier Høgre no at dei likevel ikkje skal spare på konkurranseutsetting.

Valg 2023: Her er Erna Solbergs fem hovedgrunner for å stemme Høyre

Lovar ny kurs

I vinter kom NRK Brennpunkt med ein dokumentar om eldreomsorga i Oslo. Byrådsleiar Raymond Johansen tok sjølvkritikk og kalla situasjonen hjarteskjerande.

Hassan Nawaz seier dokumentaren har fått fram kor mykje viktigare kvalitet er enn pris når det kjem til eldreomsorg.

– Etter den kritiske situasjonen i eldreomsorga som har blitt avdekt i januar, februar og mars har vi vore tydeleg på at no må kvalitet trumfe priselementet i anboda. Det viktigaste for oss er å sikre trygg og verdig omsorg, og då er det kvaliteten som tel. Enten det er kommunale, ideelle eller kommersielle som er ansvarlege for tenestene. Dette er ny politikk og som gjer at innsparinga i det alternative budsjettet ikkje er aktuell.

LOVAR LIK LØN: Hassan Nawaz er medlem i Oslo bystyre for Høgre og helsepolitisk talsperson. Han seier ingen tilsette skal tape løn om det blir sjukeheimar på anbod.

LOVAR LIK LØN: Hassan Nawaz er medlem i Oslo bystyre for Høgre og helsepolitisk talsperson. Han seier ingen tilsette skal tape løn om det blir sjukeheimar på anbod.

Øystein Windstad

Lover lik løn: Erna Solberg bløffer om ansattes kår i privat velferd, mener Fagforbundet

– Tilsette vil ikkje gå ned i løn

Fagbladet har tidlegare intervjua tilsette i eldreomsorga i Oslo som fryktar at dei vil få dårlegare løn og Høgre vinn valet. Hassan Nawaz, helsepolitisk talsperson i partiet som no har 36 prosent på Oslo-målingane, seier det ikkje er grunn til å vera redd.

 – Lønsvilkåra som i dag ligg til grunn for private aktørar, og Oslo kommune, er bestilt av Raymond Johansen. Kommunen har handlingsrom for å stille krav om lønsvilkår i anbod som blir lyst ut, og det har vi vore tydelege på at vi vil gjere. Vi vil sørgje for at om ein kommunal sjukeheim skulle bli konkurranseutsett, så vil ikkje dei tilsette gå ned i løn. Det har Velferdsteneste-utvalet med sin NOU frå 2020 dokumentert er mogleg.

– Vil dei som jobbar på ein sjukeheim som skal på anbod få ein ny type tariffavtale når dei jobbar privat. Som gjer at avtalen er lik den kommunale tariffavtalen?

– Ifølge EU sitt regelverk for innkjøp er det mogleg i anbodet å stille krav om konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår ved ein virksomhetsoverdragelse. Det vil vi gjere, og målet er sjølvsagt at folk skal få skikkeleg betalt for å gjere ein jobb for kommunen, seier Nawaz, som tidlegare var leiar av Oslo Unge Høgre.

DEBATTMØTE: Fagforbundet Oslo arrangerte valgkampdebatt om privatisering nyleg. Det var over 120 tillisvalde tilstades, samt representantar for dei største partia i Oslo.

DEBATTMØTE: Fagforbundet Oslo arrangerte valgkampdebatt om privatisering nyleg. Det var over 120 tillisvalde tilstades, samt representantar for dei største partia i Oslo.

Øystein Windstad

Trur ikkje på Høgre

Anna Elisabeth Uran er Ap-politikar og 2. nestleiar av Fagforbundet Oslo. Ho har ikkje tru på at dei tilsette vil få like god løn om sjukeheimar kjem på anbod:

– Høgre påstår dette er noko dei skal gjere, men dei har ikkje moglegheita. Fordi når det blir virksomhetsoverdragelse, skal dei tilsette ha same løn ut tariffperioden. Han er på to år, vanlegvis. Når perioden er over kan ein ikkje bestemme kva slags ny avtale ein skal ha. Du kan ikkje bestemme at det skal vere ein tariffavtale ein gong.

IKKJE TRUA: Anna Elisabeth Uran er både Ap-politikar og tillisvald i Fagforbundet. Ho trur ikkje Høgre greier å halde lovnaden om at ingen tilsette skal site igjen med mindre løn om sjukeheimar kjem på anbod.

IKKJE TRUA: Anna Elisabeth Uran er både Ap-politikar og tillisvald i Fagforbundet. Ho trur ikkje Høgre greier å halde lovnaden om at ingen tilsette skal site igjen med mindre løn om sjukeheimar kjem på anbod.

Øystein Windstad

Fagforbundet jobbar med juridisk utgreiing

– Kan dei ikkje krevje det når dei set opp anbod?

– Nei, det har vi jobba heftig med. Vi prøvde å få byrådet til å krevje dette i anboda. Det gjorde vi då Høgre hadde makta også. Men det fekk vi ikkje til. Vi har EØS-reglane som gjer at krav om tariffavtale ikkje kan stillast, seier Uran.

Ho legg til at kampen for å sikre vilkåra sjølv mot privatisering ikkje er over av den grunn, men at tvilen på Høgre-løysinga er stor.

– Fagforbundet sjekkar vidare opp det med krav om tariffavtale for å sjå kva som er mogleg. Konklusjonen så langt er at dei ikkje kan krevje same tariff og lønsutvikling som i kommunen.

Annonse
Annonse