JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Barnevern

Mannen som tok dottera frå Solveig, blei seinare overgrepsdømt

Mannen som er dømt for overgrep mot eigen fosterson eig framleis eit aktivt barnevernsselskap.
Fagbladet kjenner den ekte identiteten til «Solveig».

Fagbladet kjenner den ekte identiteten til «Solveig».

Werner Juvik

oystein.windstad@fagbladet.no

– Heilt uakseptabelt. Politikarane må forandre lovene, seier ei mor som urettmessig blei fråteken dottera av mannen.

Han jobba då som sakshandsamar og konsulent i barnevernet.

I juni blei denne mannen som har jobba 20 år i barnevernssektoren på fleire stadar i landet, dømt for overgrep mot eigen fosterson og ein sovande mann.

Domen er anka til Høgsterett og er ikkje rettskraftig enno. Det er venta at Høgsterett skal ta stilling til anka i haust.

Mannen avviser alle skuldingar frå rettssakene via sin advokat, og vil ikkje stille til intervju eller svare på spørsmål.

«Vår klient er skuffa og uenig i Borgarting lagmannsretts avgjørelse. Han erkjenner ikke straffeskyld», skriv advokat Thomas Randby i ein SMS til Fagbladet.

Fleire overgrepsmeldingar

Det har vore mange medieoppslag om mannen.

VG har dokumentert at han jobba med barn og unge samtidig som han sto tiltalt for seksuelle overgrep. Mannen er meldt av til saman fem personar for overgrep som skal ha skjedd i perioden frå 1997 til 2013.

Han er dømt i to av desse sakene. Bortsett frå fostersonen har personane som har meldt mannen, så vidt Fagbladet har kjennskap til, ikkje vore i hans omsorg eller på anna måte møtt mannen som sakshandsamar i barnevernsystemet.

Sjå også tidslinje nedst i saka.

Omsetning for fleire hundre millionar

Gründeren har jobba for barnevernet som tilsett, og gjennom eigne selskap i fleire kommunar på Austlandet og Vestlandet.

Etter at det har blitt avdekka kritikkverdige forhold, mellom anna i form av dobbeltroller, har mannen fått jobb i ein ny kommune.

Selskapa han eig heilt eller delvis, har omsett for rundt 218 millionar kroner frå 2014 til 2022, ifølge tal frå proff.no.

Kvinna er kritisk til at mannen kan eige eit barnevernselskap. Han var med å plassere dottera hennar i fosterheim. Vedtaket blei seinare omgjort og kvinna fekk dottera tilbake.

Kvinna er kritisk til at mannen kan eige eit barnevernselskap. Han var med å plassere dottera hennar i fosterheim. Vedtaket blei seinare omgjort og kvinna fekk dottera tilbake.

Werner Juvik

Tok frå ho dotter på sju månader

– Eg kan ikkje fatte korleis det er mogleg at ein mann som har gjort alt dette, får fortsette og at systemet har så dårleg bakgrunnssjekk, seier «Solveig».

Ho heiter eigentleg ikkje Solveig, kvinna i 40-åra som bur ein stad på Austlandet. Fagbladet kjenner den eigentlege identiteten og historia til «Solveig». Ho har vore i kontakt med barnevernet før ho møtte den no overgrepsdømte mannen.

Ho ønsker å vere anonym for å beskytte dottera si, som ikkje veit noko om kva som skjedde den dagen for snart ti år sidan.

Ho har tidlegare delt historia med Drammens Tidende om då ho møtte mannen i 2014. Han jobba då som innleidd konsulent og sakshandsamar i barnevernet.

22. oktober 2014 starta Solveig dagen saman med dottera si. Då kvelden kom, var mora åleine i leilegheita, etter å ha blitt fråteken dottera av to politifolk som kom saman med to frå barnevernet i Drammen.

Ein av dei var mannen som no er dømt for overgrep mot eigen fosterson. Han hadde fatta vedtaket om omsorgsovertaking og at dottera skulle bli plassert i fosterheim. 

Drammens Tidende lagde ein serie artiklar om «Solveig». Ho har teke vare på artiklane i ei utklippsbok som dottera skal få når ho blir vaksen.

Drammens Tidende lagde ein serie artiklar om «Solveig». Ho har teke vare på artiklane i ei utklippsbok som dottera skal få når ho blir vaksen.

Werner Juvik

Slost for dottera og vann i nemnd

«Solveig» fortel at ho sank ned i eit mørkt hol og var heilt knust. Nokre dagar etter, bestemte ho seg for å ta kampen i fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker.

To tilsette frå Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) i Drammen var blant dei som vitna i saka som gikk i nemnda i november same år. Dei to fortalde ei heilt anna historie om «Solveig» si evne til å ta seg av dottera.

«Solveig» vann i fylkesnemnda 20. november 2014 og fikk dottera tilbake etter at ho hadde vore i fosterheim i ein månad.

«Solveig» er ikkje den einaste som vart fråteke barnet sitt av mannen i 2014. Fagbladet har vore i kontakt med ei anna mor som også klaga og vann.

Mora vil ikkje stille til intervju.

Feilinformerte

Dei to BUP-tilsette var så kritiske til den innleigde konsulenten at dei sende ei klage på han til Fylkesmannen i Buskerud. I klaga står det blant anna at:

«Det bekymrer BUP at vi gjentatte ganger har erfart at saksbehandler har ytret 'faglige/psykiatriske' vurderinger og konklusjoner som ikke samsvarer med vurderinger fra spesialhelsetjenesten, og som saksbehandler ikke anses å ha faglig kompetanse eller grunnlag for».

Vidare skriv BUP at dei meiner mannen kom med ein rekkje uriktige opplysningar.

Dei skriv også at BUP har gjentakande erfaringar med at sakshandsamaren i barnevernet har: «Feilinformert og framsatt udokumenterte påstander i saken, hva gjelder både faktaforhold og vurderinger av mor».

Det kjem også fram at BUP meiner barnevernsgründeren ikkje tok omsyn til kva som er best for barnet.

Fordi klagen gjaldt ein tilsett og ikkje eit vedtak, sende den dåverande Fylkesmannen i Buskerud klagen tilbake til Drammen kommune. Kommunen fornya ikkje kontrakten til mannen.

«Solveig» meiner alarmen burde gått i barnevernet etter desse sakene. Ho spør seg om kvifor mannen blei rekna som skikka for å jobbe med barnevern i andre kommunar.

Kvinna i 40-åra har jobba mange år som sjukepleiar. I dag tek ho vidareutdanning og fortel at ho har slite svært tungt psykisk, mellom anna som ein konsekvens av at ho vart fråteke dottera.

Kvinna i 40-åra har jobba mange år som sjukepleiar. I dag tek ho vidareutdanning og fortel at ho har slite svært tungt psykisk, mellom anna som ein konsekvens av at ho vart fråteke dottera.

Werner Juvik

Økonomisk vekst

Eit halvår seinare, våren 2015, blir mannen deleigar og styreleiar i eit selskap som blant anna skaffar fosterheimar til barnevernet i ulike kommunar. Samtidig jobbar han også som avdelingsleiar på eit omsorgssenter, seier ein tidlegare kollega av mannen til Fagbladet.

I 2016 jobbar han i barnevernsvakta i Oslo kommune. Det ender med at han vert sagt opp for dobbeltroller. Grunnen er at det blei oppdaga at han dreiv formidling av fosterheimar samtidig som han skulle hjelpe familiar i akutt krise.

I 2017 omset selskapet hans for 35 millionar kronar. Året etter blir det teke eit utbytte på over to millionar kronar, ifølge tal frå proff.no.

Våren 2019 kjøper han opp eit nytt selskap som driv barnevernsinstitusjon, som omset for 26 millionar kronar dette året, ifølge proff.no.

Samla sett har begge selskapa hans ei inntekt på 42 millionar kronar i 2019. Han har no blitt ein mellomstor aktør i det private barnevernet på Austlandet. Mannen har eit stort kontaktnettverk innan barnevern.

Bomba sprekk

I 2019 blir han tiltala for seksuelle overgrep mot sin eigen fosterson. Samtidig som han har den alvorlege tiltalen hengande over seg, fortset han å jobbe i barnevernsselskapa, som han også eig.

Fagbladet er det første mediet som omtalar saka.

Bufdir, som kjøper tenester frå selskapa, finn først ut at han er tiltalt for seksuelle overgrep mot fostersonen når Fagbladet deler informasjonen med dei i samband med ei sak.

Etter tiltalen om overgrep trekk han seg som styreleiar for selskapa, og broren kom inn i staden. Fagbladet har orientert broren om denne saka, men han har ikkje besvart journalistens førespurnad.

Det andre selskapet, som blant anna dreiv to barnevernsinstituasjoner, mistar no løyva etter vedtak frå Bufdir.

Rettssaka mot mannen blir stadig utsett. I 2021 før saka om overgrep skal opp i retten, tek fostersonen livet sitt.

Saka gjekk etter dette i to rettsinstansar. Oslo tingrett dømde mannen i 2023, og Borgarting lagmannsrett dømde han i ankesaka i juni i år.

Eig framleis

I dag eig framleis mannen eit selskap som tilbyr fosterheimar, ettervern og sakshandsaming, ifølgje proff.no.

Som ein følgje av domen frå Borgarting lagmannsrett, har han ikkje lov til å jobbe med barn og unge, og kan heller ikkje vere styreleiar i sitt eige barnevernsselskap.

Om Høgsterett opphevar overgrepsdomen, kan han juridisk sett jobbe med barn og unge igjen. Om domen blir ståande, kan han framleis eige barnevernsselskap, men ikkje vere i direkte kontakt med barn og unge.

Slik systemet er i dag, er det ikkje krav om rein vandelsattest for å eige eit selskap som driv innan privat velferd som til dømes barnevern.

Som eigar kan barnevernsgründeren blant anna påvirke kven som blir tilsett i selskapa, og ta ut overskot frå selskapet, men skal i prinsippet ikkje delta aktivt i sjølve drifta.

Styreleiarar og folk som jobbar aktivt i barnevernet, må derimot ha ein slik attest – altså dokumentasjon frå politiet på at rullebladet deira er i orden. Dei har plikt til sjølve å seie ifrå til myndigheitene om rullebladsituasjonen endrar seg.

– Heilheitsvurdering

Barnevernsmyndigheitene seier at sjølv om nokon juridisk sett har lov til å jobbe med barn og unge, vil dei også gjere vurderingar om personen er egna.

– Bufetat kan etter ei heilhetsvurdering kome til at eigaren ikkje har dei personlige føresetnadane som er foreineleg med institusjonsverksemd, seier Jan Kato Fremstad, divisjonsdirektør i Bufdir.

Slik kan dei konkludere med at drifta er uforsvarleg.

– I slike tilfeller kan konsekvensen for eigar bli bortfall av godkjenning av intitusjonen, fortel Fremstad.

Han vil ikkje kommentere denne saken, men svarar generelt.

I 2021 tok Bufdir initiativ til at barnevernet i større grad skal kunne kontakte politiet om det er mistanke om nokon som jobbar i barnevernet har gjort noko ulovleg.

Les meir om dette her.

– Alle sakene hans bør granskast

«Solveig», som fekk dottera si urettmessig teke frå seg, har sitte fleire dagar i Borgarting lagmannsrett i april og følgt saka:

– Etter det eg og den andre mora og mange andre har opplevd, er ein ting klart for meg: Alle sakene der denne mannen har vore sakshandsamar må granskast, meiner «Solveig».

For ho er det ufatteleg at systemet ikkje har fanga han opp betre.

– Mannen har kunne hoppe frå den eine kommunen til den andre. Utan å bli stoppa. Eg kan ikkje fatte korleis dette kan vere mogleg og at det ikkje er eit betre system for bakgrunnssjekk, seier kvinna.

Ho er sterkt kritisk til at mannen framleis kan eige selskap i barnevernet om Høgsterett forkastar anken og dommen mot han blir rettskraftig.

– Det er heilt uakseptabelt. Ingen som er dømt for overgrep bør kunne eige ein privat skule, barnehage eller barnevern. Her må politikarane på banen og forandre lovverket.

Tidslinje

2014: Var innleidd som sakshandsamar og konsulent i barnevernet i Drammen kommune. To vedtak om å fråta foreldre ungar vert omgjort etter klage. Han mister jobben.

2017: Vert sagt opp av barnevernet i Oslo kommune grunna dobbeltroller.

2018: Får ikkje fortsette i barnevernsvakta i naboregion til Oslo, grunna dobbeltroller.

2019: Blir tiltalt for overgrep mot eigen fosterson 6. februar.

2019–2021: Fire andre personar retter meldingar mot mannen i kjølvatnet av rettssaken om fostersonen. Meldingane gjeld forhold fra 1997 til 2013. Tre av sakane vert lagt bort.

2023: Dømt i Oslo tingrett for overgrep mot eigen fosterson og ein 22 år gamal sovande mann.

2024: Blei i mai dømt til å sone 15 dagar i fengsel for å ha forfalska ein politiattest slik at det såg ut som han hadde reint rulleblad. Denne saka er ikkje direkte relatert til barnevern.

2024: Dømt i juni i ankesaka for overgrep mot sovande mann og eigen fosterson. Straffa er to år og fire månader i fengsel og 240.000 kroner i oppreisning til familien til fostersonen. Og 120.000 kroner til mannen som meldte gründeren for eit overgrep medan han sov. Dommen er anka til Høgsterett og er ikkje rettskraftig enno.

Warning
Annonse
Annonse