JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Toppleiar-pensjonane

Ap-politikar: – Toppleiar-pensjonane er ikkje eit godt grunnlag for å mane til måtehald i pensjonsforhandlingane

Lise Christoffersen (Ap) meiner toppleiar-pensjonane ikkje er eit godt grunnlag for å mane til måtehald i forhandlingane om pensjon. Ho etterlyser handling frå regjeringa for å tette pensjonsgapet i selskap med statleg eigarskap.

Arbeiderpartiet (pressefoto)

tormod@lomedia.no

FriFagbevegelse har gått gjennom 2016-årsrekneskapa til landets største selskap og sett på kor mykje dei bruker på pensjonen til toppleiarane. Dei fleste av direktørene jobber for private selskap, men nokre jobbar også for selskap der staten er heil- eller deleigar.

Lise Christoffersen (Ap) er medlem av Stortingets arbeids- og sosialkomite og har sett på lista. Ho merkar seg at direktørane har ei årleg pensjonsutbetaling som er mange gongar ei vanleg årsinntekt.

– Det framstår som urettferdig og er ikkje noko godt grunnlag for å mane til måtehald når det no skal forhandlast om pensjonar, seier Lise Christoffersen (Ap), medlem i Stortingets arbeids- og sosialkomite.

Pensjon er en av dei aller viktigaste sakene i lønsoppgjeret for tilsette i privat sektor som starter om tre veker, der særleg avtalefesta pensjon blir sentralt. For to veker sidan starta dei kompliserte forhandlingane om pensjonen til 800.000 offentleg tilsette, der teneste- og avtalefesta pensjon skal forhandlast fram.

• Sjå heile lista her: Så mykje har direktørane i Noregs 100 største selskap i pensjon

– Forskjellane forplantar seg

Christoffersen fortel at Aps ufråvikelege krav, er at staten ikkje skal leie an i ein lønsspiral for toppleiarar. Ho meiner FriFagbevegelse si liste, viser at dei skyhøge leiarløningane også forplantar seg til pensjonen.

– Forskjellane blir dratt vidare inn i pensjonsalder, seier ho, og held fram:

– I private selskap er det ikkje mykje vi kan gjere, anna enn å mane til måtehald. Det er ikkje berre vanlege arbeidstakarar som skal ta ansvaret for innsparingane, seier Christoffersen.

I statleg eigde selskap har politikarane derimot meir spelerom. Christoffersen viser til at Stortinget har vedteke at regjeringa skal bruke eigarskapet sitt til å sørge for at leiarane si pensjonsopptening ikkje blir for stor.

Dette tjener direktørene i Norges 100 største selskaper

Norske toppsjefar tener ei vanleg norsk årsløn på under ein månad

Openheit om leiargodtgjering

Staten har hatt retningslinger for godtgjering til leiande tilsette i selskap med statleg eigardel sidan 2001. Desse skal formidle kva forhold staten skal legge vekt på i stemmegivinga på generalforsamling eller foretaksmøte, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet til FriFagbevegelse.

Retningslinjene vart sist revidert i februar 2015, kor ei sentral endring var at grunnlaget for pensjonsopptening vart stramma inn til maksimalt 12 gongar grunnbeløpet i folketrygda. 12 G utgjer omtrent 1.124.000 kroner.

Bakgrunnen er statens prinsipp om at fastløna skal vere hovudkomponenten i godtgjeringsordningane. På denne måten blir godtgjeringa til leiarane ikkje «skjult» i framtidige pensjonskostnadar.

«Regjeringen mener også at et slikt tiltak vil bidra til økt gjennomsiktighet når det gjelder nivået på lederlønningene,» heiter det i meldinga som vart behandla av Stortinget i 2015.

Dette er lønna i over 300 yrker

Departementet: – Styreansvar

På spørsmål om staten har fulgt opp retningslinjene sine om pensjonsopptening for leiarar, svarer Nærings og fiskeridepartementet at det er eit styreansvar å fastsette løn og andre vilkår og at styret må svare på vurderingane som er gjort i kvart enkelt selskap.

«Som eier benytter vi eierdialogen til å følge opp statens forventninger til selskapene, også på lederlønnsområdet,» skriv Magnus Thue (H), statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet i ein e-post til frifagbevegelse.no.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Marte Garmann / Regjeringa (pressefoto)

Han viser også til at retningslinjene vart vedtekne i 2015 og at leiarane kan ha eldre avtaler.

«Innstrammingen gjelder avtaler inngått etter ikrafttredelse av de reviderte retningslinjene, noe som innebærer at staten aksepterer at avtaler inngått før ikrafttredelse kan opprettholdes selv om de skulle bryte med dagens retningslinjer.»

– Det kan vere at leiarane fekk med seg pensjonsgode før meldinga kom, men det regjeringas ansvar å følge opp dette og tette gapet. Det er regjeringa som er generalforsamling i desse selskapa, kontrar Christoffersen.

Hva skal konsulenten, fengselsbetjenten, postbudet og konduktøren leve av når de blir pensjonister?

Dette er lønna i over 300 yrker

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Statlege selskap

Staten er hovudaksjonær i:

Statoil: Staten har aksjemajoriteten, med 67 prosent av aksjene. (Folketrygdfondet omtrent 3 prosent av aksjene.)

Telenor: Staten har aksjemajoriteten, med omtrent 54 prosent av aksjene, gjennom Nærings- og fiskeridepartementet. (Folketrygdfondet omtrent 5 prosent.)

Kongsberggruppen: Staten eig 50 prosent av aksjene, gjennom Nærings- og fiskeridepartementet. (Folketrygdfondet eig omtrent 7 prosent.)

Yara: Staten eig omtrent 36 prosent av aksjene, gjennom Nærings- og fiskeridepartementet. (Folketrygdfondet omtrent 6 prosent.)

Hydro: Staten eig omtrent 34 prosent, gjennom Nærings- og fiskeridepartementet. (Folketrygdfondet eig omtrent 6 prosent.)

DNB: Staten eig 34 prosent av aksjene, gjennom Nærings- og fiskeridepartementet. (Folketrygdfondet omtrent 6 prosent.)

SAS: Staten eig omtrent 11 prosent.

Staten er heileigar i:

Norsk Tipping: Eigd av staten gjennom Kulturdepartementet.

NSB: Eigd av staten gjennom Samferdselsdepartementet.

Posten: Eigd av staten gjennom Samferdselsdepartementet.

Statkraft: Eigd av staten gjennom Nærings- og fiskeridepartementet.

Vinmonopolet: Eigd av staten gjennom Helse- og omsorgsdepartementet.

Warning
Annonse
Annonse

Statlege selskap

Staten er hovudaksjonær i:

Statoil: Staten har aksjemajoriteten, med 67 prosent av aksjene. (Folketrygdfondet omtrent 3 prosent av aksjene.)

Telenor: Staten har aksjemajoriteten, med omtrent 54 prosent av aksjene, gjennom Nærings- og fiskeridepartementet. (Folketrygdfondet omtrent 5 prosent.)

Kongsberggruppen: Staten eig 50 prosent av aksjene, gjennom Nærings- og fiskeridepartementet. (Folketrygdfondet eig omtrent 7 prosent.)

Yara: Staten eig omtrent 36 prosent av aksjene, gjennom Nærings- og fiskeridepartementet. (Folketrygdfondet omtrent 6 prosent.)

Hydro: Staten eig omtrent 34 prosent, gjennom Nærings- og fiskeridepartementet. (Folketrygdfondet eig omtrent 6 prosent.)

DNB: Staten eig 34 prosent av aksjene, gjennom Nærings- og fiskeridepartementet. (Folketrygdfondet omtrent 6 prosent.)

SAS: Staten eig omtrent 11 prosent.

Staten er heileigar i:

Norsk Tipping: Eigd av staten gjennom Kulturdepartementet.

NSB: Eigd av staten gjennom Samferdselsdepartementet.

Posten: Eigd av staten gjennom Samferdselsdepartementet.

Statkraft: Eigd av staten gjennom Nærings- og fiskeridepartementet.

Vinmonopolet: Eigd av staten gjennom Helse- og omsorgsdepartementet.