JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Diettskatten fører til forskjellsbehandling, seier skatteekspert

– Det er eit særdeles dårleg handverk frå direktoratet, seier skatterådgivar Ivar Grøndahl om den nye diettskatten.
Ivar Grøndahl, seniorrådgivar ved juridisk avdeling i Visma.

Ivar Grøndahl, seniorrådgivar ved juridisk avdeling i Visma.

Visma (pressebilde)

tormod.ytrehus@lomedia.no

Han er ein av fleire skatteekspertar som no er frustrerte etter at regjeringa innførte ein ny diettskatt frå 2018.

– Heile poenget med endringa var å gjere systemet enklare for lønsmottakarar og arbeidsgivarar. Men den nye ordninga er verken enkel for arbeidsgivarar eller tilsette som reiser. No er vi tilbake til skjønnsmessige vurderingar igjen, seier Grøndahl, som er seniorrådgivar i juridisk avdeling i Visma Software AS, og har rettleia arbeidsgivarar om arbeidsgivarpliktar i over tretti år.

– Vi meiner det burde vore ein enklare variant, med føreseielegheit for tilsette og arbeidsgivar. Vi lever av å rettleie om gjeldande regelverk, men det er vanskeleg å rettleie når vi ikkje har klare svar. Det går ei smertegrense for oss også.

Avdelinga hans rettleiar små og mellomstore bedriftar, hovudsakleg i privat sektor, og har 12.650 kundar med til saman 18 millionar lønsslippar.

Bjørnar og Aleksander tapar 29.000 kroner årleg på regjeringas nye diettskatt

Ikkje likebehandling

– Det kjem nok til å bli ein del ulike vurderingar rundt om i Norge, spådde Espen Øren, rådgivar i Infotjenester, når arbeidsgivarane sjølv skal vurdere om kostgodtgjeringa er skattefri eller ikkje. Dei må no vurdere kor føreseieleg og regelmessig tilsette si reise er.

Grøndahl seier seg einig og trekk fram at det i tillegg sannsynlegvis vil vere ulike vurderingar på kemnarkontora.

– Arbeidsgivarane bestemmer sjølv. Då blir det langt frå likebehandling for tilsette i ulike bedrifter. Det er eit særdeles dårleg handverk frå direktoratet, seier Grøndahl.

Rolf Lothe, fagsjef i Skattebetalerforeningen, reagerer også på rettferda ved den nye ordninga og at ein ikkje lenger kan få skattefri diett når ein har kokemoglegheiter der ein bur. Han viser til at meirkostnaden kan variere.

– Kor mykje det kostar å lage mat i pendlarbustaden er avhengig av livssituasjonen – om ein har familie eller ikkje. Det kostar jo meir å ha to hushaldningar. Dei vil også fjerne frådraget for losji. Desse to endringane vil ramme dei som jobbar borte frå arbeidsplassen betydeleg. Og det er det mange yrkesgrupper som er, seier Lothe.

I tillegg kritiserer han misforholdet mellom den skattefrie satsen for å overnatte på høvesvis pensjonat (159 kroner) og hotell (569 kroner). Han har sjølv undersøkt prisforskjellane, som han meiner er ikkje-eksisterande.

– Du kan ikkje ete for 159 kroner på pensjonat – det skjøner alle.

Ny diettskatt vil ramme 500.000 nordmenn

Rolf Lothe, fagsjef i Skattebetalerforeningen.

Rolf Lothe, fagsjef i Skattebetalerforeningen.

Bo Mathisen (pressebilde)

Uføreseielege reglar

– Om den politiske beslutninga er at ordninga skal vere føreseieleg for arbeidsgivarar og tilsette, er det enklaste å seie at alle som er på reise for arbeidsgivar – anten det er normalsituasjonen eller sporadiske reiser – skal ha skattefri diett om dei leverer vedlegg (kvitteringar, journ.mrk). Får du godtgjering utan billag kan det vere skattepliktig. Det vil vere mykje enklare, meiner Grøndahl.

Gråsonene er for store i den nye ordninga, meiner rådgivaren.

– Det er mange tilfelle kor arbeidstakar ikkje har meirkostnadar til mat. Men det er vanskeleg å finne ut kor grensa går. Ytterpunkta er greie: Dei med mobil arbeidsstad (om du jobbar på for eksempel fly og tog, journ.mrk.) har for eksempel ikkje rett til skattefri diett. Gråsona er mykje større enn før, seier han og utdjupar:

– Snekkaren og handverkaren veit når ein skal reise - då er det føreseieleg. Om ein journalist sit på kontoret og får beskjed om at ein skal reise, er det ikkje føreseieleg. Men om du får beskjed om at du skal reise om tre veker – er det då føreseieleg?

Nå blir det nye skatteregler for alle ansatte som mottar matpenger på reise. Se tallene her

Meirkostnader

– I prinsippet meiner vi det er meirkostnadar som skal dekkast. Ser tilsette på utgiftsgodtgjeringa som ei skattefri løn, må dei revurdere kva ytelsen skal dekke. Då får dei heller forhandle om høgare løn, seier han og legg til:

– Men skattedirektoratets definisjonar av meirkostnadar er altfor kompliserte. Det blir forskjellsbehandling, og det er definitivt ikkje bra.

Han er spesielt kritisk til Skatteetatens haldningar når dei skildrar ein normalarbeidssituasjon.

– Etaten sa, på eit informasjonsmøte rett før jul, at dei som er ute på regelmessig reise har same arbeidssituasjon som dei som sit på kontor. Når ein sit i ein trapp og et … Det er heilt meiningslaust å forlange at ein norsk arbeidstakar skal ha sånne forhold, seier Grøndahl og sikter til saka om at Bjørnar og Aleksander ofte må ta lønsjen i trappa.

Rolf Lothe i Skattebetalerforeninga er enig.

– Den grad ein har meirkostnadar bør det vere skattefritt, seier Lothe og held fram:

– Har ein ikkje tilgang til kantine på jobb for å kjøpe eller oppbevare mat, har ein meirkostnader. Det er grunnhaldninga mi.

På ett punkt kan den nye diettskatten slå skeivt ut

Forhandlar om satsane

Grøndahl trur no forhandlingane om statens reiseregulativ står om å heve satsane, for å kompensere for at ein ikkje lenger får skattefri kostgodtgjering etter avtalen.

Forhandlingane skulle vere ferdig i fjor, men trekte ut. Randi Stensaker, sekretær i LO Stat, vil ikkje gå nærmare inn på krava.

– Men reint generelt går vi jo ikkje inn i forhandlingar for å justere ned satsane, seier ho og viser til både stigande lønsutvikling og prisutvikling som bakteppe.

Randi Stensaker, sekretær i LO Stat.

Randi Stensaker, sekretær i LO Stat.

Ole Palmstrøm (arkivbilde)

Ho opplyser om at dei blei ferdige med omtrent halvparten av dei 16 særavtalene i fjor haust og at sju-åtte avtaler står igjen. To av desse er særavtalene for reise innanlands og utanlands.

– Vi er opptatt av å sjå alle elementa i avtalene i samanheng. Kostsatsane går igjen i fleire avtaler og betyr noko for samanhengen. Ein et jo det same uansett kva avtale ein er på, seier Stensaker.

Snart må du betale skatt på diettgodtgjørelse

Mindre byråkratisk, meiner NHO

– Dei vil spare pengar, seier skatterådgivaren.

TORMOD YTREHUS

tormod.ytrehus@lomedia.no

Næringslivets hovudorganisasjon meiner, til skilnad frå rådgivarar innanfor arbeidsgivarpliktar, at den nye ordninga er mindre byråkratisk.

– NHO stør forslaget til avgrensingane i frådrag og satsar for skattefri godtgjering for meirutgifter til kost og losji. Den gamle ordninga kravde mykje byråkrati og var vanskeleg å kontrollere. Vi legg til grunn at dei gjenverande moglegheitene vil sikre frådrag eller dekning for dei reelle meirutgiftene ved å bu utanfor heimen på grunn av arbeidet. Det er av betydning for å sikre tilstrekkeleg mobilitet i arbeidsmarknaden, skriv Øyvind Lind-Fossen, informasjonssjef i NHO, på spørsmål frå frifagbevegelse.no om kva dei meiner om den nye diettskatten.

Nina Melsom, direktør for arbeidsliv i NHO.

Nina Melsom, direktør for arbeidsliv i NHO.

Moment Studio (pressebilde)

– Vil spare pengar

Ivar Grøndahl, rådgivar i Visma, trur ikkje det er mindre byråkrati som gjer at hovudorganisasjonen stør dei nye reglane.

– Det at NHO stør endringane trur eg er fordi dei ikkje er villig til å følge statens særavtale. Mange i privat sektor følger statens særavtale, men gjer no unntak, gjennom at ein berre får den trekkfrie delen eller liknande. Då vil norske arbeidsgivarar få lågare kostnadar. Eg trur det er økonomisk motivert at NHO stør endringane – den nye ordninga er definitivt ikkje enklare for norske arbeidsgivarar.

Men dei veit slettes ikkje at dette blir konsekvensen, svarer NHOs direktør for arbeidsliv Nina Melsom:

– Skattesatsane på diett er meint å reflektere dei faktiske utgiftene til ein arbeidstakar. At satsane er sett ned viser at Stortinget meiner at satsane er for høge i forhold til dei reelle kostnadane. Kva effekt endringane gir i praksis og for den enkelte bedrift avhengar av kva avtaler arbeidsgivar har med sine tilsette. Dette har NHO ikkje førebels full oversikt over.

Annonse
Annonse