Gule vester, Frankrike:
Gule vestar foreinar høgre- og venstre: – Kan inspirere ulike folk
Dei gule vestane i Frankrike er ei stor allianse av folk på høgre- og venstresida i politikken. No må vi følge med på kva retning det tar, åtvarar internasjonalt ansvarleg i LO i Trondheim.
JOBB
Det er ikkje berre i Frankrike folk har funne fram refleksvestane. Folk over heile verda ser no mot den franske protestrørsla, og dei gule vestane har fått avleggarar utanfor landets grensar.
Den siste månaden har Frankrike stått i brann, i dei største demonstrasjonane sidan studentopprøret i 1968. Hundretusenvis av franskmenn har protestert mot dårlegare kår for franskmenn flest og president Emmanuel Macrons økonomiske reformar, blant anna med store demonstrasjonar og vegblokadar.
I utgangspunktet var det ein protest mot ein auke i drivstoffprisane, men utvikla seg til å bli ein langt breidare rørsle med støtte frå 70 prosent av befolkninga. Dei blir kalla «dei gule vestene» etter refleksvesten bilistar må ha i bilen.
Også her heime har facebookgruppa «Gule vester i Norge» fått nærmare 3.000 medlemmer. Der er det folk frå høgre- og venstresida. Facebookaktivistar av ulike slag bruker vesten som eit symbol for sine kampsaker. Til felles har dei at dei har «fått nok» av myndigheiter som ikkje lyttar og politikarar som ikkje tar befolkningas meiningar på alvor.
• Fransk fagbevegelse samler seg mot Macrons økonomiske politikk
På ein farleg veg?
– Dei gule vestane kan inspirere ulike folk, sidan prosjektet ikkje seier kva som er løysinga og korleis ein skal oppnå den. Dei gule vestane kan dermed utnyttast til å styrke høgreradikale si sak, for eksempel mot innvandring, seier Karim Essahli.
Han er internasjonalt ansvarleg i LO i Trondheim. Han er også fransk statsborgar og har følgt fransk fagrørsle og franske protestrørsler i mange år.
Han viser til at mange for eksempel har tatt på seg gule vestar når dei har demonstrert mot Marrakesh-avtala (FNs migrasjonsplattform). Denne har vekka stort engasjement her heime dei siste vekene, og fleire på høgresida meiner den dikterer norsk innvandringspolitikk.
Det å ikkje ha tydelege krav og løysingar kan vere ein farleg veg å gå, sidan ein då ikkje veit kor rørsla vil ende opp, meiner Essahli.
– Vi må vere forsiktig med kva vi vil vere med å formidle og støtte her heime. Fransk fagrørsle og bønder har protestert mot denne elenda lenge, men ikkje blitt høyrd. Fagrørsla vil at ein skal betale skatt, men at dei som har mest også skal betale mest. Vi må støtte dei som har definerte krav og løysingar etter å ha ført denne kampen i mange år, seier Essahli.
I Frankrike har fagrørsla hovudsakleg vald å støtte protestane indirekte. Den tredje største hovudorganisasjonen, trotskistiske FO, har gått lengst i direkte støtte og deltaking. Dei to største, CGT og CFDT, har gitt meir indirekte støtte. Sist fredag valde CGT å arrangere sin eigen demonstrasjon for å legge ytterlegare press på Macron, dagen før dei gule vestane demonstrerte for femte veke på rad.
• «De gule vestene» får gjennomslag mot Macron, men krever fortsatt presidentens avgang
Ei sosial rørsle
Kven er eigentleg desse gule vestane? Nettopp dette skaper forvirring, meiner Karim Essahli.
– I media blir det framstilt som at høgreekstreme står bak, men dei gule vestane er ein slags «arabisk vår», som ikkje er eit organ eller har ein klar agenda. Dermed oppstår det forvirring hos folk: Kven er dei og kva vil dei? Dråpa som fekk begeret til å renne over, var skattespørsmål. Men vi kjem ikkje unna å betrakte dei som ei fortsetting av sosiale rørsler som har haldt på lenge og som er ein del av misnøya mot Macrons politikk, seier han.
Den franske presidenten har innført ein nasjonal skattedugnad for å få ned klimagassutsleppa, som blant anna rammar bilistar og bønder, mange med veldig låg inntekt. Dette var utløysaren for protestane, forklarer Essahli. Men dette er ikkje alt dei kjempar for. Blant krava er tiltak mot arbeidsløyse og gjeninnføring av formue- og bustadskatt for dei rike.
Høgreradikale har, såvel som venstreradikale, uttrykt støtte til rørsla og bedd medlemmene sine delta i protestane, men Essahli meiner desse gruppene ikkje er drivkrafta.
– Vanlege franskmenn tek no på seg gule vestar, og blant vanlege folk er det sjølvsagt også både høgre- og venstreradikale, seier han.
(Saka held fram under bildet.)
Har Macron gitt etter?
Tidlegare førre veke ga presidenten etter og droppa avgiftsauken dei gule vestane kjempa mot, og varsla dessutan auke i minsteløna og andre tiltak for å betre vilkåra til franske arbeidsfolk. Fagforeiningane meiner det ikkje er nok.
– Macron set upopulære reformar på vent, men gir seg ikkje. Landet er tilbake til utgangspunktet, som er elendige forhold for franskmenn flest, seier Karim Essahli.
– Men Macron har jo erklært at minsteløna blir auka med 100 euro i månaden. Det er vel eit framsteg?
– Om du er veldig fattig, har det sjølvsagt betydning. Men det er framleis eit stort gap mellom krav og tiltak. Dei fleste i fagrørsla vil ha ei minsteløn på 1.800 euro. No er den på omtrent 1.200 euro (omtrent 11.700 norske kroner, red.mrk.). Dermed har han berre gitt hundre av seks hundre euro, og i tillegg kjem skatt. Mange i Frankrike har 200 euro igjen etter å ha betalt dei faste utgiftene sine. Då strekk ikkje auken til, svarer han.
Laurdag deltok berre halvparten så mange i protestane som veka før. Ifølge meiningsmålingar er det også færre franskmenn som vil at protestane skal fortsette. Likevel er presidenten framleis meir upopulær enn han nokon sinne har vore.
• Følg oss på Facebook