JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Israelsk domstol vil konfiskere og selje norsk hjelpebåt

Ein israelsk dom pålegg israelske myndigheiter å konfiskere og selje den norske hjelpebåten som er på veg til Gaza. – Absurd, seier Ship to Gaza Norway.
Her legg Kårstein til kai i Oslo i mai, på veg til Gaza for å bryte den israelske maritime blokaden. Båten skal donerast til fiskarane og har også med seg medisinsk materiell til innbyggarane.

Her legg Kårstein til kai i Oslo i mai, på veg til Gaza for å bryte den israelske maritime blokaden. Båten skal donerast til fiskarane og har også med seg medisinsk materiell til innbyggarane.

Tormod Ytrehus (arkivfoto)

tormod@lomedia.no

Båten «Kårstein» er no i Palermo, på veg til Gaza for å bryte den israelske maritime blokaden, lasta med medisinsk utstyr til innbyggarane. Båten segla frå Norge med støtte frå norsk fagrørsle og fleire LO-forbund.

No har ein israelsk domstol bestemt at myndigheitene skal konfiskere den norske båten, saman med den svenske båten «Freedom».

Båtane skal seljast og pengane bli gitt til israelske terrorofre som kompensasjon, skriv israelske Jerusalem Post om dommen som vart avsagd 11. juli. Båtane er verdt mellom 700.000 og 1.500.000 norske kroner, ifølge avisa.

– Det er typisk at dei prøver all verdas, absurde juridiske grunnlag for å prøve å stoppe oss, seier Torstein Dahle, leiar for Ship to Gaza, organisasjonen bak det norske bidraget til «fredsflotiljen», til FriFagbevegelse.no.

Aktivistane sitt krav er at palestinarane skal få reise fritt ut og inn av Gaza.

Kokken Lasse kastar loss for å bryte blokaden av Gaza

Imøtegår dommen

I retten vart det argumentert med at båtane sannsynlegvis kjem til å hamne i Hamas sine hender og bli brukt til å angripe israelske marinefartøy.

Ifølge rettsdokumenta får organisasjonen lov til å imøtegå dommen før den endelege rettsordren blir gitt.

– Vi vil sjølvsagt svare på dommen rettsleg i israel, men den er absurd. Den manglar eit kvart seriøst haldepunkt. Båtane skal gis til fiskarane sin organisasjon, seier Dahle.

Mikkel skal utfordre den israelske marinen: – Barna mine kommer til å savne meg. Samtidig tror jeg de forstår hvorfor jeg gjør dette

Usikkert om dommen blir ståande

Dommaren har ikkje sagt korleis myndigheitene skal konfiskere skipa. Jerusalem Post skriv at det er usikkert om dommen står om den blir anka, sidan israelsk høgsterett i 2016 skreiv ut ein dom som hindra myndigheitene frå å konfiskere det svenske skipet Estelle.

– Vi veit ikkje korleis dei vil bruke dommen, om dei vil prøve å stoppe båtane eller rett og slett ta dei frå oss, seier Dahle, som opplyser om at dei har engasjert ein israelsk advokat.

– For første gong vil flotilje-organisatorane finne ut at det er ein pris å betale for provokasjonane deira, systematiske brot på internasjonal lov og for å støtte terroristorganisasjonar, seier leiaren for Shurat Hadin Israel Law Center, organisasjonen som tok saka til retten.

LO fordømmer Israels «uforholdsmessige maktbruk» på grensen til Gaza

Søkelys på Gaza

I dag, måndag, legg båten til kai i Palermo på Sicilia, der alle som skal vere med på siste strekning møtest.

Der får dei blant anna opplæring i å utøve ikkje-valdeleg motstand «hvis/når israelske marinesoldater ulovlig border båtene våre», skriv Ship to Gaza på heimesidene sine.

Båten segla ut frå Bergen 30. april og har sidan då vore innom norske og europeiske hamner for å sette søkelys på blokaden av Gaza og skjebnen til dei 2 millionar innbyggarane.

– Dei mange israelske drapa på demonstrerande og protesterande menneske i Gaza har opprørt folk, og oppslutninga om Freedom Flotillas besøk har vore større enn venta i dei ulike hamnebyane, opplyser organisasjonen.

Les også:

LO-tillitsvalgte med på seilas til Gaza for å bryte den israelske blokaden

LO-lederen i Palestina er tiltalt for økonomiske misligheter. Norsk LO krever penger tilbake fra palestinsk LO

Israel deporterte LO-tillitsvalgte Mohammed Malik

Fakta om Gaza

• Gazastripa er på størrelse med Hamar kommune og heim for om lag 2 millionar palestinarar. 1,3 millionar av dei er registrert som flyktningar eller etterkommarar av palestinarar som vart drivne på flukt då staten Israel vart oppretta i 1948.

• Området vart okkupert av Israel under seksdagarskrigen i 1967, men gitt tilbake til palestinarane i 2005. Israel kontrollerer framleis luftrommet og kysten utanfor, samt grensa med unntak av Rafah-overgangen til Egypt.

• I 2006 vann den islamistiske rørsla Hamas valet i dei palestinske områda, men fekk ikkje kontroll over dei Fatah-kontrollerte sikkerheitsstyrkane på Gazastripa.

• I 2007 kom det til væpna strid som enda med at Hamas jaga dei palestinske sikkerheitsstyrkane ut av enklaven.

• Israel innførte etter dette ein streng blokade av området, og væpna palestinske grupper har svart med å skyte tusenvis av heimelagde rakettar mot det sørlege Israel.

• Israel har det siste tiåret gjennomført tre store militæroffensivar mot enklaven, som har kosta tusenvis av palestinarar livet og forårsaka store materielle øydeleggingar.

• Enklaven er no utan elektrisitet store delar av døgnet, 95 prosent av vatnet er udrikkeleg og offentlege tenester blir stadig dårlegare.

• Arbeidsløysa er på rundt 50 prosent, og 80 prosent av innbyggarane er avhengige av matvarehjelp utanfrå.

• Palestinarane sin president, Fatah-leiar Mahmoud Abbas, oppløyste den Hamas-dominerte regjeringa, men Hamas held fram å styre på Gazastripa.

Kjelde: NTB

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse