Likelønsaksjonistar vart stoppa av Norges bank. No er dei tilbake med ny valuta
Kvinner tener 87 kroner for kvar hundrelapp ein mann tener. Likelønsaksjonen har løyst iallfall éin pengekrangel.
Likelønnsaksjonistene Rigmor Bjerche, nestleder i LO i Trondheim; Silje Salomonsen, leder i Trondheim SV; og Kari Kristensen, leder i Rødt Trøndelag.
Nils Heldal
tormod@lomedia.no
Den trondheimsbaserte Likelønsaksjonen har eksistert i litt over eitt år og jobbar for å sette lønnsforskjellen mellom kvinner og menn på dagsordenen. Eit av verkemiddela var «kvinnenes hundrelapp», med ein litt uvanleg valør. Den såg ut som ein vanleg hundrelapp, men var merka med 87 kroner.
Dette skulle symbolisere at kvinner i snitt tener 87 prosent av ein manns løn. Talet er henta frå Statistisk sentralbyrå si utrekning av gjennomsnittsløna til kvinner og menn, der deltidsansattes løn er regna om til kva dei ville fått om dei jobba heiltid.
– Kvinner tener i snitt mindre enn menn. Så er det mange grunnar til det og løysingar til kvar av dei grunnane. Her tenker vi at fagforeningar har kvar sine hovudsaker: Slik som heiltid/deltid, mangelen på kvinnelege leiarar og lønsforskjellane mellom offentleg og privat sektor. Hovudformålet vårt er å gjere folk bevisst på at dette er ein skeivskap mellom kjønna som alle må jobbe for å rette opp, seier likelønsaksjonist Silje Salomonsen til FriFagbevegelse.
Og det er nettopp i penganes verd, finansnæringa, lønsforskjellene mellom kjønna er størst av alle. Ein kvinneleg finansmeglar tener i snitt berre 56 prosent av ein manns løn.
Les også: I disse yrkene er lønnsforskjellene mellom kvinner og menn størst
Norges bank sette ned foten
I februar sette Norges bank ein stoppar for seddel-moroa. Aksjonistane fekk ei henvending frå sentralbanken, som har einerett på å utstede sedlar og myntar i Norge. Dei ba aksjonistane om å trekke tilbake kvinne-hundrelappen. Grunnen var at den likna for mykje på ein ordinær pengeseddel. FriFagbevegelse, som tidligere har skrive om aksjonen, vart også bedd om å fjerne bilde av hundrelappen, med tilvising til åndsverkslova og straffelova.
No er aksjonistane tilbake med ein ny kvinne-hundrelapp, rykande fersk frå trykkeriet til utdeling 8. mars. Denne gongen er designen godkjent av Norges bank på førehand. Tre kvinnesakskvinner – Betzy Kjelsberg, Rosa Luxemburg og Ellisif Wessel – er avbilda på sedlane.
Les også: Her er 8. mars-parolene landet rundt
Landsdekkande aksjon 24. oktober?
Initiativet til aksjonen kom på Trondheimskonferansen i fjor, der konferansen vedtok ei oppfordring til likeløns-aksjon. Raudt og SV i Trondheim slang seg på, og etter kvart hadde dei samla 24 organisasjonar i byen. Også i år har konferansen vedteke at Likelønsaksjonen må styrkast og vidareførast.
Aksjonen har i tillegg fått støtte fra flere av LOs regionar, som har sine regionskonferansar i desse dagar. I Trøndelag vedtok LO denne veka at dei støttar ei vidareføring av aksjonen og at dei oppfordrar forbund og lokalorganisasjonar til å slutte seg til ein landsdekkande aksjon på FN-dagen 24. oktober. LO i Hordaland har vedteke at dei oppfordrar alle fagforeiningar og lokalorganisasjonar til å ta initiativ og delta på markeringar i samband med Likelønsaksjonen. Det same gjorde LOs regionkonferanse i Rogaland denne veka.
Les også:
Disse fem likelønns-spørsmålene skal forskere finne svaret på
Vanlige lønnsforhandlinger klarer ikke å rette opp ulikelønna, mener sykepleier-lederen
Tre kvinnesakskvinner:
Betzy Kjelsberg var med på å stifte ei rekke kvinneforeiningar på slutten av det nittande århundre og var blant anna Norges første kvinnelege fabrikkinspektør. Rosa Luxemburg var ein revolusjonær politikar og fredsaktivist i Tyskland, fram til ho vart drepen i eit attentat i 1919. Ellisif Wessel var ein norsk forfattar og politikar, som var sentral i utviklinga av fagrørsla i Finnmark.
Kjelde: Store norske leksikon
Flere saker
Tre kvinnesakskvinner:
Betzy Kjelsberg var med på å stifte ei rekke kvinneforeiningar på slutten av det nittande århundre og var blant anna Norges første kvinnelege fabrikkinspektør. Rosa Luxemburg var ein revolusjonær politikar og fredsaktivist i Tyskland, fram til ho vart drepen i eit attentat i 1919. Ellisif Wessel var ein norsk forfattar og politikar, som var sentral i utviklinga av fagrørsla i Finnmark.
Kjelde: Store norske leksikon