JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ulikskapen i Norge blir større

LO bekymra for aukande forskjellar: – Vi risikerer ei kraftig svekking av den norske modellen

Forskjellane har auka meir enn dobbelt så mykje i Norge dei siste 30 åra, samanlikna med OECD-snittet.
LO peikar på svekka forhandlingsmakt for arbeidstakarane som ei mogleg forklaring på aukande ulikskap.

LO peikar på svekka forhandlingsmakt for arbeidstakarane som ei mogleg forklaring på aukande ulikskap.

Martin Guttormsen Slørdal (arkivfoto)

tormod@lomedia.no

Forskjellane i Norge aukar i mykje høgare tempo enn i dei andre OECD-landa.

Om forskjellane aukar i same takt som dei har gjort sidan 1986, vil det norske nivået på ulikskap nærme seg snittet for OECD. Det gjer LO bekymra.

«Vi risikerer da en kraftig svekkelse av den norske modellen,» heiter det i eit notat frå LOs samfunnspolitiske avdeling.

Lågtløna har berre hatt 3 prosent reallønsauke dei siste ti åra

Dobbelt så stor auke

Forskjellane i fordeling av inntekt har auka over dobbelt så mykje i Norge dei siste 30 åra, samanlikna med dei andre medlemslanda i OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling).

• I Norge har Gini-koeffisienten auka frå 0,21 i 1986 til 0,26 i 2016. Det er ein auke på 24 prosent.

• Snittet for OECD-landa har auka frå 0,29 til 0,32 i same periode. Det er ein auke på 10 prosent.

Gini-koeffisienten er eit mål på ulikskap. Når den er brukt på inntekt, tilsvarar ein verdi på 0 at alle har lik inntekt. Når verdien er 1, hamnar all inntekt hos éin person.

Dette er lønna i over 300 yrker

Svekka forhandlingsmakt

LO peikar på svekka forhandlingsmakt for arbeidstakarane som ei sannsynleg forklaring på aukande forskjellar.

– I landa der det er høg organisasjonsgrad er det låg ulikskap, seier Ellen Bakken, rådgivar i Samfunnspolitisk avdeling i LO.

Ho viser blant anna til konklusjonen i det internasjonale pengefondet (IMF) sin rapport og norske rapportar som viser liknande funn: Svekka forhandlingsmakt skuldast lågare organisasjonsgrad på arbeidstakarsida og auka konkurranse i arbeidsmarknaden.

I notatet sitt peikar LO også på utgreiinga frå Fordelingsutvalet, der forfattarane meiner at koordinerte lønsoppgjer og omfanget til velferdsstaten gjer forskjellane i inntekt mindre.

– Først og framst må vi ha ein omfordelande velferdsstat, noko vi i stor grad har. Eit samordna lønsoppgjer som løftar overenskomstane med dei lågaste løningane har også vore eit viktig reidskap for LO. Vi tenker at vi skal løfte dei som har minst mest. Det gjer vi best ved å ha eit organisert arbeidsliv, forklarer Bakken.

Norske toppsjefar tener ei vanleg norsk årsløn på under ein månad

Fagforeiningsfrådraget

For å få opp organisasjonsgraden peikar Bakken særleg på fagforeiningsfrådraget.

– Regjeringa vi har no, har haldt fagforeiningsfrådraget på same nivå som i 2013 – det har blitt dyrare å vere fagorganisert. Men vi må også bli flinkare til å vise folk verdien av å vere fagorganisert. Det står både på myndigheitene, arbeidsgivar- og arbeidstakarsida, seier Bakken.

Arbeids- og sosialdepartementet har inga tru på at å auke fagforeiningsfrådraget vil auke organisasjonsgraden.

«Å øke skattefradraget for fagforeningskontingenten er ingen snarvei til økt organisasjonsgrad. Organisasjonsgraden på arbeidstakersiden har falt over lengre tid – på tross av at de rødgrønne økte skattefradraget på kontingenten,» slår statssekretær Morten Bakke i departementet fast.

Dette tjener direktørene i Norges 100 største selskaper

Omfordelande skattesystem

LO-rådgivaren peikar også på skattesystemet som eit reidskap for å redusere forskjellane. Forskjellane i inntekt har auka kraftig dei åra det ikkje har vore utbytteskatt.

OECD anbefaler også å innrette skattesystemet meir omfordelande for å redusere forskjellane. Også «World Inequality Report 2018» anbefaler å skatte dei med mest inntekt og formue for å gjere forskjellane mindre.

– LO vil ha eit godt, omfordelande skattesystem. Dei som har mest må bidra mest. Det er lite som tyder på at regjeringa sine skattekutt bidrar til meir investeringar. Ein kunne i staden brukt desse ressursane til å skape meir og dele meir, seier Bakken.

Statssekretær Bakke hevdar på si side at regjeringas skattekutt bidrar til nettopp auka investeringar og nye jobbar.

«De siste tallene viser at antall helt arbeidsledige har falt 15 måneder på rad. På tross av en historisk oljekrise, er ledighetsnivået nå på det laveste nivået siden 2012. Målrettede tiltakspakker - i kombinasjon med satsing på næringsrettet forskning og innovasjon, samferdsel og vekstfremmende skattelettelser – har vært rett medisin,» slår statsråd Bakke fast, som også viser til at SSB anslår tydeleg vekst i investeringar dette året.

Men LO-rådgivar Bakken er ikkje einig i at regjeringa har fått fleire i arbeid:

«Fallet i arbeidsledigheten skyldes ikke først og fremst at flere har kommet i jobb, men at flere har trukket seg ut av arbeidsmarkedet. Dette kan tyde på at de har gitt opp å søke, og at det er mangel på jobber.»

Disse ti grafene viser Forskjells-Norge

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les meir om arbeidsliv på framsida vår

Warning
Annonse
Annonse