JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

LO langar ut mot regjeringas planar om å selje seks statleg eigde selskap

– Regjeringa opprettheld sin ideologiske politikk med å selje fellesskapets verdiar, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen. Regjeringa forsikrar om at det ikkje skal skje på billegsal.
LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen.

LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen.

Ole Palmstrøm (arkivfoto)

tormod@lomedia.no

FriFagbevegelse.no skreiv onsdag om at staten i snitt har tent nesten 670 millionar kroner årleg på eigarskapet i seks selskap dei eig heilt eller delvis. Sjølv om selskapa går godt, har den sittande regjeringa slått fast at dei vil redusere eigarskapet i perioden.

Desse selskapa er i den såkalla kategori 1 av statens eigarskap: Entra, Mesta, Flytoget, Veterinærmedisinsk oppdragssenter, Ambita og Baneservice. Regjeringa har fullmakt til å selje heilt eller delvis alle selskap unntatt Flytoget.

Staten har tent 3,3 milliardar på desse selskapa dei siste fem åra. Likevel vil regjeringa selje

No langar LO ut mot regjeringas «ideologiske politikk med å selje unna fellesskapets verdiar».

LO: – Ideologisk politikk

– Vi registrerer at regjeringa vel å oppretthalde sin ideologiske politikk med å selje fellesskapets verdiar gjennom det statlege eigarskapet. Til trass for at regjeringa har møtt massiv motstand hittil, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen i ein e-post til FriFagbevegelse.no.

LO-leiaren kritiserer også utbyttepolitikken til den blåblå regjeringa. Totalt har dei tatt ut 3,3 milliardar kroner i utbytte dei siste fem åra.

– Samtidig som regjeringa har låst seg til å selje unna fellesskapets verdiar, bruker regjeringa flittig utbytte av det statlege eigarskapet for å saldere statsbudsjettet. LO forventar at regjeringa utøvar profesjonelt eigarskap og at dei fører ein føreseieleg utbyttepolitikk, seier Gabrielsen.

Fekk du med deg denne? Desse yrka har gått ned i løn

Resignasjonslinje

– Samtidig som staten investerer i eigedom i byar som Paris og London gjennom pensjonsfondet, sel regjeringa seg ned i eigedom i Norge med nedsal i Entra, seier LO-leiaren om selskapet som i fjor hadde ein marknadsverdi på 40 milliardar kroner.

Selskapet vart skilt ut frå Statsbygg i 2000 under Bondevik-regjeringa. I 2014 vart selskapet børsnotert og statens eigardel vart redusert til 49,7 prosent. I 2016 solgte staten fleire aksjer og eig no 33,4 prosent av selskapet.

– Regjeringa har valt ei resignasjonslinje når det gjeld å sikre eit godt og heilskapleg samferdsletilbod og tyr til å dele opp og sette ut forskjellige selskap, sjølv om eksempla frå andre land viser at resultatet gir eit dårlegare tilbod, meiner Gabrielsen.

To andre selskap på lista over selskap som skal seljast, er også skilt ut frå statlege forvaltingsorgan og etatar.

Det eine er Mesta AS, Norges største entreprenørselskap innanfor drift og vedlikehald av veg, som vart skilt ut frå Statens vegvesen i 2003. Dei hadde ein marknadsdel på 45 prosent i fjor.

Det andre er Baneservice AS, som vedlikeheld og byggar jernbane og vart skilt ut frå Jernbaneverket (no Bane Nor) i 2005. Eigarskapet vart då flytta frå Samferdsledepartementet til Næringsdepartementet.

– Uaktuelt med statleg billegsal

Statssekretær Daniel Bjarmann-Simonsen (H) avviser at ideologi ligg bak planane om nedsal i statleg eigarskap.

– Målet om statleg nedsal står, men eit ideologisk motivert billegsal er uaktuelt, fastslår statssekretæren i ein e-post til FriFagbevegelse.no.

– Regjeringa har vist at vi har ei pragmatisk tilnærming til eigarskapspolitikken, seier statssekretæren.

Han trekk fram regjeringas haldning til den varsla emisjonen i samband med Kongsberggruppa sitt oppkjøp av Rolls-Royce Marine. LO rykka ut med heilhjerta støtte til kjøpet, som staten bidrar med 2,5 milliardar til.

Regjeringas utgangspunkt er at staten fortsatt skal eige selskap det er ein «god grunn» til å eige. Dette omfattar selskap der det er viktig å halde på hovudkontorfunksjonar i Norge eller der andre samfunnsformål er viktige, i tråd med eigarskapspolitikken vedteke av Stortinget.

Altså ikkje dei seks selskapa i den såkalla kategori 1, der forretningsmessige mål er grunnen til at staten har eigarskap.

– For fire år sidan la vi fram den siste eigarskapsmeldinga, som vart breidt forankra i Stortinget. No ønsker vi å utvikle eigarskapspolitikken vidare. Målet er å få enda meir ut av fellesskapets verdiar investert i det statlege eigarskapet, seier Bjarmann-Simonsen.

Det var Høgre, Fremskrittspartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre som i 2015 sikra fleirtal for fullmakten til regjeringa om selje alle dei seks selskapa på lista, med unntak av Flytoget.

Staten øker utbyttet fra Statoil, Telenor, Statkraft og DNB

Disse selskapene skal Torbjørn Røe Isaksen selge

KrF vil selge seks statlige selskaper, men vente med salg av Flytoget

Warning
Annonse
Annonse