JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Minstelønn:

Millionar av britar tener under 93 kroner timen. Minstelønna må opp, krev britisk LO

Britisk LO, TUC, krev eit større lønnshopp for dei lågtlønna når den britiske minstelønna no fyllar 20 år.
llustrasjonsfoto.

llustrasjonsfoto.

Colourbox.com

tormod@lomedia.no

Måndag vart den britiske minstelønna heva, same dag som den sentrale delen av det norske lønnsoppgjeret i privat sektor kom i hamn. Rundt 2 millionar britar får no ein lønnsauke på 4,9 prosent. Det er ikkje nok, meiner arbeidstakarorganisasjonen TUC.

p

Ei lønn å leve av

Den britiske minstelønna aukar frå 7,83 til 8,21 britiske pund i timen. Dette utgjer ein auke frå omtrent 88,50 til 93 norske kroner.

I året er dette ein lønnsauke på 690 pund, eller omtrent 7800 norske kroner. Desse endringane gjeld for rundt 1,6 millionar britar, ifølge the Guardian.

Minstelønna er framleis under det som britane treng for å dekke levekostnader. Dette er 9 pund i timen og 10,50 pund i London, ifølge the Living Wage Foundation sine utrekningar.

– Rundt 6 millionar arbeidstakarar har no ei lønn som ikkje er til å leve av og slit med å halde hovudet over vatnet, seier direktøren i organisasjonen.

Ungdom er taparar

For dei mellom 18 og 20 år aukar lønna til omtrent 70 norske kroner, medan dei som er frå 21 til 24 år gammal no får 87 kroner i minstelønn. Endringane gjeld rundt 230.000 personar.

– Unge arbeidstakarar kjem framleis dårleg ut når det gjeld lønn. Rekningane deira er ikkje billegare, men dei må få få kvardagen til å gå rundt med mindre, seier generalsekretæren i britisk LO, TUC.

p

Minstelønna 20 år

Ifølge arbeidstakarorganisasjonen går unge arbeidstakarar glipp av 200 millionar pund i året ved at dei ikkje får ordinær minstelønn.

TUC krev at alle over 21 år får denne ordinære minstelønna. I tillegg meiner dei minstelønna bør hevast til 10 pund, som vil vere nok til å dekke levekostnadene til ein gjennomsnittleg brite.

Til forskjell frå Norge har Storbritannia altså ei lovfesta minstelønn som gjeld alle bransjar, som trådde i kraft for 20 år sidan måndag, på initiativ frå TUC og innført av Labour, Arbeidarpartiets søsterparti. Det er denne lønna som no er blitt justert.

Annonse
Annonse