JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Svensk LO vil stramme inn streikeretten for å stoppe langvarig hamne-konflikt

Den svenske arbeidsministeren varslar lovendring. Målet er å stoppe konflikten på hamna i Gøteborg.
Forbundsstyremedlem Erik Helgeson i Hamnarbetarförbundet og avtalesekretær Torbjörn Johansson i svensk LO.

Forbundsstyremedlem Erik Helgeson i Hamnarbetarförbundet og avtalesekretær Torbjörn Johansson i svensk LO.

Björn Larsson Rosvall / TT / Scanpix og Svensk LO

tormod@lomedia.no

I byrjinga av juni la dei svenske arbeidstakarorganisasjonane LO, Saco, TCO og arbeidsgivarorganisasjonen Svensk Näringsliv (tilsvarande NHO i Norge) fram eit omdiskutert forslag om å endre medbestemmingslova som regulerer streikeretten.

Formålet er, ifølge partane, å sette ein stoppar for konfliktar som den på hamna i Gøteborg, der ei foreining som ikkje er part i ei tariffavtale går ut i streik, i tillegg til å beskytte den svenske tariffmodellen med svært få streikar.

Vänsterpartiet og Sverigedemokraterna ligger an til å bli valgvinnere, ifølge måling

Langvarig konflikt

Konflikten i Gøteborg hamn, APM Terminals Gothenburg, har pågått sidan 2016.

Frittståande Hamnarbetarförbundet er størst i havna, men det er LO-forbundet Svenska Transportarebetarförbundet som er part i tariffavtala som regulerer løns- og arbeidsvilkåra. Det har ført til ein situasjon der fagforeininga som med flest medlemmer ikkje har mykje dei skulle sagt på arbeidsplassen.

– Frå 1. april utenstengde arbeidsgivaren (Sveriges Hamnar, red.mrk.) oss frå alle hamner. Verneomboda våre får ikkje gjere oppgåvene sine, stille til val og medlemmer og tillitsvalde blir trakassert, seier forbundsstyremedlem Erik Helgeson i Hamnarbetarförbundet til FriFagbevegelse.no.

Ifølge Hamnarbetarförbundet har konflikten opphav i eit bytte av leiing på hamna i 2015. Då mista fagforeininga dei faglege rettane dei tidlegare hadde hatt, som verneomboda sine og deltaking i forhandlingar.

Ifølge arbeidsgivaren, respekterer ikkje forbundet at det ikkje er dei som har tariffavtalen. I løpet av tre år, har konflikten berre vakse seg større, med streikar, blokadar og lockoutar.

Havnearbeiderne vurderer anmeldelse og søksmål mot Oslo Havn

Dette er partane sitt forslag

Forbod mot arbeidskamp skal gjelde:

1 om formålet ikkje er å oppnå tariffavtale med fredsplikt

2 om fagforeininga ikkje har forhandla og tydeleg spesifisert alle sine krav for arbeidsgivaren før arbeidskampen

3 om fagforeininga kjem med nye krav under konflikten

4 om krava gjeld korleis eller om avtala skal gjelde i praksis

5 om arbeidskampen omfattar individuelle rettstvistar som kan avgjerast i domstolen

Lova spesifiserer at politiske streikar, sympatiaksjonar og blokadar framleis vil vere lovleg.

Alle desse fem krava, forutan det siste, gjeld berre for arbeidstakarane sine arbeidskampar, og er ikkje ei avgrensing i arbeidsgivarane si rett til for eksempel å gjennomføre lockout.

Les også om ein norsk forbundsleiar si åtvaring til svenskane nederst i saken.

Utgreiing om å avgrense streikeretten

– Den langvarige konflikten på Gøteborgs Hamn er eit eksempel på ein situasjon der den svenske modellen ikkje fungerer tilfredsstillande, meiner arbeidsminister Ylva Johansson (S).

Regjeringa sette derfor igang ei offentleg utgreiing av streikeretten i slutten av juni i fjor. Utgreiinga skulle sjå på om det er mogleg og ønskeleg å avgrense streikeretten og vart lagt fram 8. juni.

Slik vil valget i Sverige påvirke arbeidslivet

Forslag frå partane

Men før den tid vart partane nervøse for retninga utgreiinga gjekk i. Svensk LO, Saco, TCO og arbeidsgivarorganisasjonen Svenskt Näringsliv starta derfor i april arbeidet med eit nytt forslag og kom den offentlege utgreiinga i forkjøpet.

– No har vi funne ei balansert løysing. Det er eit kirurgisk inngrep som ikkje avgrensar lønsmottakarane sin demokratiske rett til å streike, sa LO-sekretær Torbjörn Johansson i ei pressemelding.

– Partane har blitt einige om korleis medbestemmingslova best kan endrast sånn at det blir tydeleg at eit selskap som er omfatta av ei tariffavtale kan rekne med fredsplikt, sa nestleiar Peter Jeppsson i Svenskt Näringsliv.

Den svenske arbeidsministeren varsla med ein gong at ho ville forfølge dette forslaget.

– Det er styrkande for den svenske modellen at partane har blitt einige og fremma eit så gjennomarbeida forslag, som etter mi meining verkar å vere fullt gjennomførleg, sa Johansson då forslaget vart lagt fram 5. juni.

Hamnarbetarförbundet var, ikkje overraskande, ikkje blant forbunda som la fram forslaget til lovendring.

Svensker og dansker får stadig mindre i sykelønn og ledighetstrygd

Tariffavtale med fredsplikt

I dag er det fritt fram for svenskane til å starte arbeidskampar, med mindre dei har inngått ei tariffavtale med fredsplikt.

I forslaget frå partane er det forbode for fagforeiningane å starte tariffstreikar som ikkje er for å teikne tariffavtale med fredsplikt.

Dette meiner Hamnarbetarförbundet er i strid med både europeiske konvensjonar og ILO-konvensjonar om organisasjonsrett, foreiningsfridom og retten til å føre kollektive forhandlingar.

Partane bak forslaget peikar derimot på at desse prinsippa er nedfelt i hovudavtala og dermed berre er ein formalisering av gjeldande praksis. Hamnarbetarförbundet meiner likevel det er forskjell på lovfesting og ei avtale som kan seiast opp.

Hamnarbetarforbundet peikar elles spesielt på fire problem med lovforslaget:

1 demokratiske problem i måten partane har behandla forslaget

2 risiko for ein auke i formelle rettslege innvendingar frå arbeidsgivarane som kan forseinke, forverre eller gjere arbeidskampar umoglege

3 risiko for tariffhopping gjennom at ein arbeidsgivar omdefinerer sine tilsette og byttar avtaleområde innanfor eller mellom dei fagorganiserte sine hovudorganisasjonar

4 risiko for at framveksten av arbeidsgivarkontrollerte så kalla gule fagforeiningar

1. Kva er dei demokratiske problema?

– Vi er overbeviste om at dette forslaget ikkje hadde sett dagens lys om det hadde gjennomgått ein demokratisk prosess innanfor arbeidstakarane sine organisasjonar, seier forbundsleier Eskil Rönér i Hamnarbetarförbundet i ei pressemelding.

– Dette er skitsnakk. Partane i den svenske modellen har laga eit forslag som blir behandla på normal måte, før det så kjem til å bli behandla i Riksdagen, svarer svensk LOs avtalesekretær, Torbjörn Johansson, når FriFagbevegelse.no legg fram kritikken.

Hamnarbetarförbundet reagerer også på at hovudorganisasjonane har laga eit lovforslag som er laga for avgrense deira moglegheiter, utan at forbundet har vore involvert.

I tillegg peikar dei på at organisasjonane bak forslaget viser til arbeidsdomstolen når det gjeld detaljspørsmål og uklare ting ved lova.

Forbundet meiner det er problematisk at det er nettopp dei same organisasjonane som er representert i domstolen. I Sverige er det arbeidsdomtolen som er første og siste instans i arbeidsretten og dommane set presedens for seinare saker.

Dommarane er utnemnd av hovudorganisasjonar på arbeidstakar- og arbeidsgivarsida, som set inn to dommarar kvar, i tillegg til at regjeringa set inn tre dommarar med juridisk bakgrunn.

– Det er i prinsippet to forbund som ikkje er med på forslaget: Hamnarbetarförbundet og Syndikalisterna. Vi kan ikkje spørre alle moglege organisasjonar om kva dei meiner, seier LOs Johansson til kritikken.

– Alle dei 14 medlemmene hos oss (LO-forbunda, red.mrk.) er for dette forslaget. Alle ønsker ikkje å endre konfliktreglane, og vi vil ha dei så inntakte som mogleg. Forslaget er på linje med hovudavtala og rettspraksis, seier Johansson.

2. Kva formalitetar kan stoppe streik?

– Lovforslaget inneber nye formelle hinder for avtalelause forbund, som gir arbeidsgivarane moglegheit til å utsette eller stoppe streik gjennom å vise til formalia, skriv Hamnarbetarförbundet.

Partane foreslår at det skal vere forbode for fagforeiningane å starte arbeidskamp om dei ikkje har forhandla og lagt fram krava sine i forkant. Det skal også vere ulovleg for fagforeiningane å legge fram krav under ein pågåande arbeidskamp.

– Problemet er at det verkar som krava skal vere detaljerte og at ein skal fremme ein konkret avtaletekst. Vi meiner vi må halde dette litt opent for å kunne legge til nye krav under forhandlingane og tilpasse krava under konfliktens gang, seier forbundsstyremedlem Erik Helgeson i Hamnarbetarförbundet til FriFagbevegelse.no.

LO-sekretær Johansson seier det stemmer at forslaget gjer det vanskelegare å streike for Hamnearbetarförbundet sitt vedkomande. Med dei nye reglane ville forbundet sine konfliktar blitt stoppa, seier han.

– Vi vil ikkje ha slike konfliktar i det svenske arbeidslivet – dei følger ikkje dei gjengse reglane. Når det gjeld LO-forbund, ser vi ikkje at dette inneber forandringar, sjølv om det er vanskeleg å sjå alt som kan hende i framtida, seier han.

Johansson understrekar at formålet med at ein skal legge fram alle krav, er at ein ikkje skal kunne gå ut i streik eller halde fram ein konflikt når ein for gjennomslag for desse krava.

Individuelle rettstvistar

Partane foreslår også forbod mot fagforeiningane sine arbeidskampar om dei omfattar individuelle rettstvistar som kan avgjerast i arbeidsdomstolen.

Hamnarbetarförbundet peikar på at det blir vanskeleg å avgjere kva som er individuelle tvistekrav og kva som er lovlege interessekrav. Dette kjem til å gjere det enklare for arbeidsgivarar å stille spørsmål ved krav og dryge ut konfliktar, meiner forbundet.

– Det betyr at mange fagforeiningar ikkje kjem til å våge å inkludere krav som ligg i gråsona, for då risikerer ein at heile konflikten blir utsette, seier Helgeson.

– Det er ikkje eg redd for i det heile. I Sverige kan du ikkje gå i konflikt for rettslege krav. Slik er det om du har tariffavtale. Du kan ikkje gå ut i streik i staden for å prøve lova rettsleg, seier LOs Johansson, som understrekar at dette er ei lovfesting av gjeldande praksis.

«Unormale krav»

Hamnarbetarförbundet peikar også på at det i forarbeidet til lovforslaget står at arbeidsdomstolen kan prøve krav om dei er «openbart avvikande frå kva som normalt gjeld i arbeidslivet», for å finne ut om arbeidskampen blir gjennomført for å få på plass tariffavtale eller ikkje.

Dette vil gi arbeidsgivarane moglegheit til å gjere arbeidskampar mindre effektive gjennom å forseinke dei i rettsprosessar, meiner forbundet.

– Om ein vil endre noko i arbeidslivet, må nokon gå først og stille krava som ikkje er normale, påpeikar Helgeson.

Johanssen viser til rettspraksisen som allereie finst i Sverige og at svenske tariffavtaler har enormt mange krav som kan definierast som «normale».

– Om ein skal finne på saker som er utanfor desse, skal ein ha stor fantasi. Det finst veldig mykje som er regulert. Eg har vanskeleg å forstå at ein finn på noko som er unormalt, seier han.

LO-sekretæren seier formålet er å hindre såkalla «utpressings-krav». Som eksempel, viser han til fagforeiningar i USA, der ein har gått til streik for reine pengeoverføringar til fagforeiningsleiarar.

3. Korleis blir det meir tariffhopping?

Partane har også foreslått at fagforeiningane sine arbeidskampar skal vere ulovlege om krava gjeld korleis avtala skal gjelde i praksis.

I dag kan fagforeiningane krevje at avtalevilkåra skal gjelde for sine eigne medlemmer om det er fleire tariffavtaler på arbeidsplassen, men ikkje krevje at dei skal gjelde andre foreiningar sine medlemmer.

Om arbeidsgivaren har bytta arbeidsgivarforeining, for å komme innunder ein billegare tariffavtale, har fagforeininga kunne sette i verk ein arbeidskamp når avtala løper ut.

Med partane sitt forslag kan ikkje fagforeininga starte ein arbeidskamp med krav om at tariffavtala skal gjelde eigne medlemmer.

Hamnarbetarförbundet er redd for at arbeidsgivarar no vil teikne tariffavtale med majoritetsforeininga på arbeidsplassen, men gjere vilkåra i tarrifavtala med minoritetsforeininga gjeldande for alle arbeidstakarane.

– Arbeidsgivaren kjem til å velje arveidsvilkåra til den motparten dei meiner er enklast å handtere, seier Helgeson.

– Det finst ingen gule fagforeiningar i Sverige. Arbeidsgivaren har aldri prøvd å starte eigne fagforeiningar. Vi ser ikkje denne risikoen, svarer Johansson kontant.

«Først inngåtte avtale»

Einaste moglegheit fagforeininga har, om det skulle oppstå ei gul fagforeining, er å gå til arbeidsdomstolen. Forbundet meiner det ikkje finst presedens for korleis ei slik sak vil ende.

Domstolen har utvikla eit prinsipp om at vilkåra i først ingåtte avtale skal gjelde alle arbeidstakarar om det er fleire tariffavtaler på arbeidsplassen og det er strid om kva avtale som skal gjelde.

Hamnarbetarförbundet peikar likevel på fleire uavklarte spørsmål: kva medlemstalet i fagforeiningane har å seie og kva definisjonen av først inngåtte avtale er. Skal ein sjå på først inngåtte avtale historisk eller i avtaleperioden?

Om den historiske definisjonen gjeld, er det dårleg nytt for Hamnarbetarförbundet, som er eit resultat av ei splitting i Transportarbetareförbundet på 70-talet og aldri har fått til å teikne tariffavtale.

Men forbundet meiner det også er dårleg nytt for kvitsnippsarbeidarane (dei som ikkje jobbar med manuelt arbeid), sidan dei fleste fagforeiningane deira også er etablert dei siste femti åra.

I tillegg er det uavklart kva som skjer i grensegangskonfliktar, der tilsette på same arbeidsplass i dag går under ulike tariffområde.

4. Korleis blir det fleire «gule fagforeiningar»?

Eit problem dukkar også opp om det oppstår nye bransjer, meiner Helgeson. Han tenker på såkalla gule fagforeiningar, som er kontrollert av arbeidsgivarane.

– Med lovforslaget kan ein blokkere fagforeininga med flest medlemmer og teikne avtale med gule fagforeiningar, sidan det ikkje finst nokon historikk for kven som var først på arbeidsplassen. Det kan vere ei foreining med eit fåtal medlemmer og ingen aktivitet, seier han.

Høg organisasjonsgrad og fri streikerett har ført til at gule fagforeiningar ikkje er vanleg i Sverige. Men med den nye lova er Hamnarbetarförbundet redd dei blir meir vanlege.

– Ein vinn jo ingenting på å teikne tariffavtaler med gule fagforeiningar når dei andre foreiningane har streikerett. Men dei kjem til å bli vanlegare når risikoen for arbeidsgivar blir mindre og fortenesta større, seier Helgeson.

Hamnarbetarförbundet: – Vi kan framleis streike

Hamnarbetarförbundet meiner dei har sitt på det reine om lovforslaget trår i kraft: Forbundet har retta tariffkrav mot og kalla inn motparten til både lokale og sentrale forhandlingar, men blitt avvist.

Dei er meir redd for det som står i forarbeidet, om at arbeidsdomstolen skal kunne avgjere om krava deira er truverdige med bakgrunn i fagforeiningas historie og om dei bruker å teikne tariffavtaler. Dette er noko forbundet aldri har klart.

– På kort sikt kjem det an på korleis vi klarer oss i retten. Vi meiner vi framleis kan gjennomføre arbeidskamper om vi unngår fallgruvene i prosessen med å etablere ei eiga avtale, seier forbundsstyremedlem Erik Helgeson.

– Problemet oppstår når vi har vunne avtala. I dag finst det sterke insentiv for arbeidsgivar til å etterleve den, men med det nye lovforslaget kjem vi til å hamne i domstolen med ein gong. Arbeidsgivaren kjem til å finne ein måte å spele fagforeiningane opp mot kvarandre, seier han.

Helgeson meiner lovendringane medfører ein mykje større risiko for dei små forbunda som har gode vilkår i tariffavtalene sine. Men han trur dei store LO-forbunda også ser at forslaget kan få farlege konsekvensar.

– Vår teori er at det innser farane for andre forbund med dette forslaget, men ikkje bryr seg fordi det er bra for deira eigen medlemstilvekst, seier han.

Dette er partane sitt forslag

Dette er forslaget til endringar i den svenske medbestemmingslova, omsette til norsk:

«Paragraf 41 d

Ein arbeidstakar får ikkje gjennomføre eller delta i arbeidskamp mot ein arbeidsgivar som allereie er bunden av ei tariffavtale for det aktuelle arbeidet

1. om handlinga ikkje har som mål å opprette ei tariffavtale som medfører fredsplikt mellom arbeidsgivaren og organisasjonen som har gjennomført arbeidskampen.

2. om arbeidstakarorganisasjonen ikkje har forhandla med arbeidsgivaren om dei krava som organisasjonen stiller

3. om arbeidstakarorganisasjonen, som vilkår for å stanse arbeidskampen, stiller andre krav enn dei som har vore formålet med forhandlingane

4. om krava slår fast kva rettsleg verknad ei tariffavtale mellom partane kjem til å få

Ved forhandlingar i samsvar med første ledd skal paragraf 10 i denne lova gjelde.

Plikta til å forhandle i samsvar med første ledd gjeld derimot ikkje dersom det har vore hinder for forhandlingar som ikkje arbeidstakarorganisasjonen har skuld i

Bestemmingane i denne paragraf skal ikkje gjelde i tilfella som er referert i paragraf 41 første ledd punkt 4 eller paragraf 41 tredje ledd

Paragraf 41 e

Arbeidsgivarar og arbeidstakarar får ikkje gjennomføre eller delta i ein arbeidskamp som har som mål å utøve press i pågåande individuelle tvistar om innhaldet eller bruksmåten av lov eller avtale.

Paragraf 44 Denne bestemminga gjeld ikkje i stiuasjonane omtala i paragraf 41 d»

Forbundsleiaren har ei åtvaring til svenskane

Det svenske tariffsystemet med landsdekkande avtaler har vore eit vern mot sosial dumping i hamnene, meiner det norske transportarbeidarforbundets leiar.

– Slik eg har forstått det vil endringane svekke det svenske systemet, gjennom at ein opnar for andre konkurrerande forbund innanfor tariffavtala til eit forbund, seier forbundsleiar Lars Johnsen i Norsk Transportarbeiderforbund (NTF) til FriFagbevegelse.no.

Splitt og hersk-taktikk

NTF organiserer dei norske kollegene til dei svenske hamnearbeidarane. Johnsen meiner svenskane no går i retning av eit norsk system og har ei åtvaring til svenskane.

– Det kan føre til at arbeidsgivar bruker ein splitt og hersk-taktikk, der ein set forbund opp mot kvarandre. Då har ein ei svekka fagrørsle, meiner Johnsen.

– Det er problematisk at det er fleire partar innanfor ei avtale som arbeidsgivar kan spele opp mot kvarandre i tariffoppgjer, legg han til.

Han forklarer at vi har ei mykje sterkare avgrensing i streikeretten, samanlikna med svenskane.

– Lovendringa vil føre til store endringar i det svenske systemet, som er eit godt system for tariffpolitikk. Det kan også bli større endringar enn det vi ser i Norge i dag.

(Artikkelen held fram under bildet)

Forbundsleiar Lars Johnsen i Norsk Transportarbeiderforbund.

Forbundsleiar Lars Johnsen i Norsk Transportarbeiderforbund.

Martin Guttormsen Slørdal (arkivfoto)

Vern mot sosial dumping

Dei norske hamnearbeidarane har i likskap med svenskane vore i tøffe konfliktar.

– Det er angrep på hamnearbeidarar over heile verda. Ut frå ein arbeidsgivarståstad har hamnearbeidarane vore garantisten mot sosial dumping i sjøfarten, der dei har tatt kampen og solidarisk stilt opp for sjøfolk som ikkje har tariffavtale. Hamnearbeidarane har vore eit vern mot sosial dumping i hamnene, seier Johnsen.

I Sverige har søsterforbundet, Svenskt Transportarbetareförbund, ei tariffavtale som gjeld i alle hamner. Det har ført til mindre sosial dumping, meiner Johnsen.

– I Norge har vi fleire konkurrerande avtaler i hamnene. Det gjer at vi er meir pressa. Det er ingen tvil om at det blir utført sosial dumping i norske hamner, der skipets mannskap utfører hamnearbeidarane sitt arbeid. Dette har ein ikkje i Sverige. Ein ser også at hamnearbeidarane er meir pressa i andre land der ein opererer med fleire avtaler, seier forbundsleiaren.

– I Norge har arbeidsgivarane klart å slå kiler mellom dei ulike organisasjonane, med tanke på kva slags løns- og arbeidsvilkår som skal gjelde i hamnene. Det har opna for at bedriftene kan inngå avtaler med andre forbund som er betydeleg dårlegare enn Transportarbeidarforbundet har i våre landsdekkande tariffavtale.

– Det svenske systemet har på den andre sida ført til at ein dominerande part kan sperre for positive ting. Det er pluss og minus. I Norge har vi sett den negative sida, avsluttar Johnsen.

Annonse
Annonse

Dette er partane sitt forslag

Dette er forslaget til endringar i den svenske medbestemmingslova, omsette til norsk:

«Paragraf 41 d

Ein arbeidstakar får ikkje gjennomføre eller delta i arbeidskamp mot ein arbeidsgivar som allereie er bunden av ei tariffavtale for det aktuelle arbeidet

1. om handlinga ikkje har som mål å opprette ei tariffavtale som medfører fredsplikt mellom arbeidsgivaren og organisasjonen som har gjennomført arbeidskampen.

2. om arbeidstakarorganisasjonen ikkje har forhandla med arbeidsgivaren om dei krava som organisasjonen stiller

3. om arbeidstakarorganisasjonen, som vilkår for å stanse arbeidskampen, stiller andre krav enn dei som har vore formålet med forhandlingane

4. om krava slår fast kva rettsleg verknad ei tariffavtale mellom partane kjem til å få

Ved forhandlingar i samsvar med første ledd skal paragraf 10 i denne lova gjelde.

Plikta til å forhandle i samsvar med første ledd gjeld derimot ikkje dersom det har vore hinder for forhandlingar som ikkje arbeidstakarorganisasjonen har skuld i

Bestemmingane i denne paragraf skal ikkje gjelde i tilfella som er referert i paragraf 41 første ledd punkt 4 eller paragraf 41 tredje ledd

Paragraf 41 e

Arbeidsgivarar og arbeidstakarar får ikkje gjennomføre eller delta i ein arbeidskamp som har som mål å utøve press i pågåande individuelle tvistar om innhaldet eller bruksmåten av lov eller avtale.

Paragraf 44 Denne bestemminga gjeld ikkje i stiuasjonane omtala i paragraf 41 d»