SAMARBEID OG KONFLIKT: Streik skapte samarbeidet i det norske arbeidslivet, og trugselen om streik held samfunnsmodellen vår oppe. Det meiner Isak Lekve, sosiolog og tilsett i DeFacto – Kunnskapssenter for fagorganiserte.
Håvard Sæbø
Arbeidsfolks maktmiddel
– Du bør vere stolt av å streike
Streik er ikkje berre demokrati i praksis, men også ein av grunnane til at Norge er verdas beste land å bu i, meiner forfattar.
tormod@lomedia.no
BERGEN: «Sånn rammar streiken deg.» Lønnsoppgjeret kjem kvar vår. Like sikkert er det at avisene slår opp overskrifter om korleis ein streik kan ramme deg i kvardagen. Men spørsmålet bør heller vere korleis ein streik tener deg.
Det meiner Isak Lekve. Han er sosiolog, og har brukt karrieren sin på å forske på maktforhold i arbeidslivet. Og no har han skrive pamfletten «Streik. Eller hemmeligheten bak den norske modellen» for Manifest Tankesmie og Forlag, retta mot fagorganiserte.
– Streik jamnar ut det skeive maktforholdet på arbeidsplassen ved å ramme arbeidsgivaren der det rammar hardast. Streik er demokratisk, og ein bør vere utruleg stolt av å streike, seier han.
Aktuelt: Når får du din nye lønn? Her er de viktigste datoene i lønnsoppgjøret 2021
Snu fortellinga
Det er to ting han ønsker å formidle til arbeidsfolk:
– Å snu fortellinga frå at streik rammar deg, til at den tener deg. Og å vende fortellinga frå at den norske modellen er noko alle støttar, til at den er eit resultat av interessekampar.
Kort sagt er «den norske modellen» er noko som stort sett alle meiner har vore suksessoppskrifta til at Norge år etter år blir kåra til verdas beste land å bu i. Eit organisert arbeidsliv er ifølge forskarane ein av ingrediensane. Men korleis har dette samarbeidet komme på plass? Der er ikkje alle einige.
– Det er eit skeivt maktforhold i arbeidslivet. Det veit alle som har skrive arbeidskontrakt, seier Lekve.
Mye lest: Sjekk snittlønna i over 350 yrker
Harde kampar
Det skeive maktforholdet var kanskje mest synleg før 1935. Det var året noverande LO og NHO vart einige om Hovudavtala, den delen av tariffavtalene som slår fast spelereglane mellom organiserte arbeidsgivarar og arbeidstakarar. Arbeidstakarar fekk medbestemming, mens arbeidsgivarane slapp streikar mellom tariffoppgjera. Dei femten åra i forkant var derimot prega av harde kampar mellom arbeidsgivarane og fagforeiningane, med mange og storstilte streikar og lockoutar.
– Fordi ingen vann, kom ein til ei felles innsikt om at samarbeid er betre, seier Lekve.
Sånn vart partane tvinga til forhandlingsbordet og samarbeid, og vi fekk dei andre ingrediensane i den norske modellen: trygg økonomisk styring, offentleg velferd og kompetente arbeidarar.
Fått med deg denne? 15 spørsmål og svar om ny pensjonskonto
Ein muskel
Isak Lekve sitt poeng er at streik skapte den norske modellen, at samarbeid og konflikt ikkje er motsetnader, og at trugselen om streik held samfunnsmodellen vår oppe.
Og nettopp trugsel, er eit nøkkelord.
– Eg har budd mykje i Frankrike som er kjend for streik, men ikkje for sosial rettferd. Det handlar ikkje om flest mogleg streikar, men om moglegheita til å streike. Dei som er sterkast, treng minst å streike, poengterer han, men legg til:
– Det er som ein muskel; ein må trene for å bli god. Det hadde ikkje vore så dumt om leiinga i LO litt oftare sa nei. Ein må sette makt bak krava av og til for å sikre maktbalansen, og vise at streik er eit verkemiddel. Det var sånn vi fekk den femte ferieveka, seier han og viser til storstreiken for 21 år sidan.
Sjølvtillit
Så arbeidsfolk skal ikkje ha dårleg samvit for å bruke streikevåpenet, meiner Lekve, sjølv om folk ikkje får tatt bussen til jobb som i fjor haust då bussjåførane la ned arbeidet.
– Ei ueinigheit krev to partar. Arbeidstakarar har ikkje skulda for streik, men det er deira verkemiddel.
– Først og fremst skal streikande ha sjølvtillit på at det dei gjer er rettferdig. Det er ikkje deira skuld at ein tredjepart blir ramma. Arbeidstakarar har ikkje styringsrett over arbeidet, og då er streik verkemiddelet for medbestemming og å fremme synspunktet sitt, seier han.
Og under buss-streiken var folk flest einig med sjåførane; ei meiningsmåling viste at åtte av ti nordmenn gav si støtte til dei streikande.
Aktuelt: Nå starter lønnsoppgjøret i kommunesektoren. Mette Nord vil prioritere yrkene med lavest
Streik og den norske modellen
Mange og store streikar og lockoutar førte fram til Hovudavtala i 1935
Hovudavtala mellom LO og NHO slår fast spelereglane for samarbeidet mellom organiserte arbeidsgivarar og arbeidstakarar
Eit organisert arbeidsliv er ein av delane i suksessoppskrifta «den norske modellen», saman med trygg økonomisk styring, offentleg velferd (Fafo) og kompetanse (LO)
Streik og den norske modellen
Mange og store streikar og lockoutar førte fram til Hovudavtala i 1935
Hovudavtala mellom LO og NHO slår fast spelereglane for samarbeidet mellom organiserte arbeidsgivarar og arbeidstakarar
Eit organisert arbeidsliv er ein av delane i suksessoppskrifta «den norske modellen», saman med trygg økonomisk styring, offentleg velferd (Fafo) og kompetanse (LO)
Mest lest
Leder i Fellesforbundet, Jørn Eggum, har tidligere argumentert for at uføre skal ha rettigheter i en AFP-ordning. Det har vedtaket på Fellesforbundets landsmøte satt en stopper for.
Håvard Sæbø
Det blir ingen AFP-pensjon for uføre, slår Eggum fast
Tore Kristiansen / VG
Fersk måling: Nedtur for Høyre og Erna Solberg
Målet med møtet på Stortinget er å høre hva Teslas norske ledelse mener om et organisert arbeidsliv.
Nam Y. Huh / AP / NTB
Tesla Norge innkalles til hastemøte på Stortinget
Fra lønnsoppgjøret 2023. (Arkivbilde)
Tormod Ytrehus
De avgjorde din nye lønn. Se hva toppene i arbeidslivet tjener
I august 2017 fjernet Forsvaret et tillegg som ansatte med undervisningsplikt hadde, kalt «skoletillegget». 10. mars 2023 vant offiserene over Forsvaret i lagmannsretten, noe som resulterte i utbetalinger på 100 millioner kroner.
Sebastian Christiansen / Forsvaret
Over 400 i Forsvaret får nå etterbetalt store summer
På kaotiske dager med snø er det viktig å si ifra til arbeidsgiver hvis du ikke rekker fram i tide.
Ole Palmstrøm
Forsinka på jobb fordi det er snø? Dette er reglene
Jonas Gahr Støre og resten av Ap-ledelsen vil lytte til folket når de nå skal utvikle ny politikk.
Jan-Erik Østlie
Ap ber om hjelp. Nå kan du si din mening
Ole Palmstrøm
FHI-ansatte beholder jobben. – Nå kan jeg ta jul med senkede skuldre
Yara-direktør og president i NHO, Svein Tore Holsether, er suveren vinner på inntektstoppen blant arbeidsgivere og fagforeningsledere.
REUTERS/Victora Klesty
Sjekk inntekten til over 130 topper i arbeidslivet
Erlend Angelo
Catos epost diskutert i Høyesterett: – Helt uvirkelig at det havnet her
NY RAPPORT: Fagbladet har fått innsyn i en spørreundersøkelse som 221 av landets 260 Nav-kontorer har svart på.
Ørn E. Borgen / NTB
Regjeringen lovet et «rausere» Nav. Her er fasiten
Plutselig dukker ikke lønna opp som avtalt. Da er det greit å vite hvilke steg man må ta.
Colourbox
Seks råd til folk som ikke har fått lønna de har krav på
BESKYTTELSE: Ettersom Xofigo er en radioaktiv medisin, må den pakkes godt inn og fraktes trygt.
Espen Solli
Medisinen de lager her, skal redde pasienter over hele verden
TRIVES: Kommunen har kjøpt opp én bolig i hver blokk i dette området. – Det er dritlurt, for da blir det ikke så mye spetakkel, sier Berit.
Berit Baumberger
Skitbyen-Berit med ti råd til Nav
FÅR DET VERRE: Arbeidsledige som blir sanksjonert får enda strammere økonomi, mener Nav-forskerne.
Illustrasjonsfoto: Colourbox
Strengere regler for arbeidsledige virket ikke etter hensikten
Nav skal fra 1. juli 2024 hjelpe mottakere av sosialhjelp med telefonregninga eller bussbillett hjem til familien.
Colourbox
Folk på sosialhjelp får mer. Se hva det betyr her
Brannpersonellet på Avinors flyplasser må vente på kommunalt brannvesen.
Anne Marthe Vestre Berge
Brannfolk får ikke redde passasjerer fra røykfylte fly: – Jeg frykter at liv skal gå tapt
Barnetrygden øker med 2400 kroner i året for barn over seks år.
Martin Guttormsen Slørdal
Enige om statsbudsjettet: Øker barnetrygden og minstesatsen for uføre
– Dette med rus og alkohol er fortsatt tabulagt og oppleves av mange som noe privat, sier rådgiver i Akan kompetansesenter.
Sissel M. Rasmussen
Drikker du for mye med kollegaene dine?
Arild Martinsen (55) er bekymret for pensjonen: – Ingen kunne forestilt seg at endringene skulle skje så fort.
Ylva Lie Bjerke