JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Trondheimskonferansen:

Bør Norge seie opp EØS-avtala? Desse to er ueinige

Fellesforbundet ber regjeringa om ei utgreiing om alternative handelsavtaler, men det er framleis usemje om ein skal seie opp EØS-avtala eller ikkje.
UTGREIING: Kjem ei ny utgreiing av EØS-avtala til å ta for seg alternative handelsavtaler på ei truverdig måte? Fellesforbundet-nestleiar Steinar Krogstad og fagleg leiar Boye Ullmann i Nei til EU, har ulikt syn.

UTGREIING: Kjem ei ny utgreiing av EØS-avtala til å ta for seg alternative handelsavtaler på ei truverdig måte? Fellesforbundet-nestleiar Steinar Krogstad og fagleg leiar Boye Ullmann i Nei til EU, har ulikt syn.

Jan-Erik Østlie

tormod@lomedia.no

Fellesforbundet har no sluttført eit brev til regjeringa, der dei ber om ei norsk offentleg utgreiing av EØS-avtala som er svært omstridd internt i forbundet.

– Vi vil sjå på moglegheitsrommet og handlingsrommet for tiltak innanfor EØS-avtala, og vurdere andre avtaler med EU enn den vi har i dag. Det vil vi gjere ved å sjå på brexit, men også avtalene som blant anna Canada og Sveits har, opplyser nestleiar Steinar Krogstad i Fellesforbundet.

p

Hyllar ikkje EØS

Bakgrunnen er eit mykje omtalt vedtak på Fellesforbundet sitt landsmøte i oktober (sjå faktaboks). EØS-motstandarane ønska at formålet med ugreiinga skulle vere å erstatte EØS-avtala med ei anna frihandelsavtale.

EØS-tilhengarane vann til slutt fram etter ei jamn avstemming. På fremste benk, i forbundsleiinga, slapp dei jubelen laus. I eit forbund med medlemmer i bransjar som eksporterer varar, er mange redd for å miste tilgangen til EU sin indre marknad.

– Men eg hyllar ikkje EØS-avtala. Det er det ingen grunn til, for den forsterkar ein del utfordringar. Spørsmålet er om vi ville hatt dei same utfordringane med ei anna avtale, sa Fellesforbundet-nestleiaren under ein EØS-debatt før Trondheimskonferansen fredag.

På konferansen møtest store delar av EØS-motstandarane i fagrørsla, som ønsker å seie opp avtala for å få bukt med problema som mange fagforeiningar opplever at EU-reglar og uregulert arbeidsinnvandring medfører i norsk arbeidsliv.

Torpederer arbeidslivet

– Det organiserte arbeidslivet blir torpedert takka vere EØS-avtala, svarte Boye Ullmann, organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet og fagleg leiar i Nei til EU.

Han viste til fallande organisasjonsgrad og massive lovbrot i byggebransjen der ein opplever ein spesielt stor del kortvarig arbeidsinnvandring frå austeuropeiske EU-land. Bemanningsbransjen er verstingen.

Saka held fram under bildet.

Jan-Erik Østlie

Ullmann er skeptisk til ei ny utgreiing. Han peikar på at EØS-avtala har vore greia ut fleire gongar tidlegare, utan at alternative handelsavtaler har blitt vurdert på ein truverdig måte.

– No får vi sjå om dei tør å sjå på avtalene til Canada og Japan, som vi meiner er mykje betre enn den Norge har fått med EU, seier han til Magasinet for fagorganiserte.

Lover og reglar

Stridsspørsmålet i EØS-debatten, er om ein kan stoppe sosial dumping og arbeidslivskriminalitet innanfor avtala sine rammer og EU sine reglar om uregulert arbeidsinnvandring.

Fellesforbundet-nestleiaren meiner det er mogleg å motverke desse problema gjennom lovforslag på Stortinget og gjennom avtaler mellom partane i arbeidslivet. Men ein treng politisk fleirtal.

p

– Det er mange former for tilpassingar innanfor ulike land i EU-systemet. Då vi jobba med å regulere bemanningsbransjen, såg vi til andre land for å finne eksempel, sa han og viste til dei nye innleigereglane som dei raudgrøne fekk gjennom med KrF si støtte.

Dette er landsmøtet sitt vedtak

Fellesforbundet krev at regjeringa gjennomfører ei norsk, offentleg utgreiing av EØS-avtala. Utgreiinga skal vise alternativ til dagens avtale, som samtidig sikrar marknadsåtgang.

Forbundet vil ha meir kunnskap om:

• handlingsrommet i EØS, altså moglegheitene til å påverke EU-reglar og korleis dei blir innført i Norge

• makta i overvakingsorganet Esa og Efta-domstolen sin verkemåte, og om den fungerer formålstenleg på arbeidslivsområdet

• korleis det uorganiserte arbeidslivet, tariffavtalene si betydning og tiltak mot sosial dumping og useriøsitet i Norge kan utviklast og styrkast med dagens EØS-avtale

Annonse

Flere saker

Annonse

Dette er landsmøtet sitt vedtak

Fellesforbundet krev at regjeringa gjennomfører ei norsk, offentleg utgreiing av EØS-avtala. Utgreiinga skal vise alternativ til dagens avtale, som samtidig sikrar marknadsåtgang.

Forbundet vil ha meir kunnskap om:

• handlingsrommet i EØS, altså moglegheitene til å påverke EU-reglar og korleis dei blir innført i Norge

• makta i overvakingsorganet Esa og Efta-domstolen sin verkemåte, og om den fungerer formålstenleg på arbeidslivsområdet

• korleis det uorganiserte arbeidslivet, tariffavtalene si betydning og tiltak mot sosial dumping og useriøsitet i Norge kan utviklast og styrkast med dagens EØS-avtale