Just Eat i Danmark:
Danskane følger etter norske Foodora-syklistar: Kan få sin første tariffavtale for matbod
I første omgang skal dei tilsette i matleveringstenesta Just Eat få tariffavtale.
Tormod Ytrehus
tormod@lomedia.no
Det danske fagforbundet 3F og arbeidsgivarorganisasjonen Dansk Erhverv forhandlar no om ei bransjeavtale som skal sikre betre lønn- og arbeidsvilkår for boda som driv utlevering av mat. Det skriv den danske nettavisa A4 Arbejdsliv.
I første omgang vil ei sånn avtale gjelde matleveringstenesta Just Eat, ein av Foodora sine konkurrentar, sidan dei er einaste verksemd av denne typen som medlem i Dansk Erhverv.
p
Danskane følger dermed etter Norge, der Foodora-syklistane i slutten av september fekk på plass ei tariffavtale etter over ein månad i streik.
Bransjeavtale
Løysinga danskane siktar på er derimot annleis enn den norske. Foodora-syklistane har nemleg ein såkalla direkteavtale med arbeidsgivaren.
At det er ein direkteavtale, betyr at tariffavtala berre gjeld for éin bedrift. Ei bransjeavtale kan derimot brukast på mange ulike bedrifter i same bransje. Føresetnaden er at bedrifta er medlem i ein arbeidsgivarorganisasjon.
– Dersom Foodora hadde vore medlem i for eksempel Virke eller NHO kunne vi gått inn og laga ei avtale som hadde vore gjeldande for heile bransjen, forklarer forbundssekretær Dag-Einar Sivertsen i Fellesforbundet.
Grasrotorganisering
I motsetnad til danskane sin organisering av matleveringsbransjen ovanfrå, måtte det grasrotorganisering og streik til i Norge.
– Strategien vår er å verve tilsette og opporganisere i aktuelle bedrifter. Vi får ikkje oppretta tariffavtale dersom vi ikkje har medlemmer i bedriftene, seier Sivertsen.
p
Han viser til Foodora-streiken:
– Det var dei organiserte medlemmene som stod på sjølv og gjorde jobben, mens vi i forbundsleiinga hjelpte til med alle formalitetar som måtte til. Utan ei sterk lokal forankring som i Foodora, er det umogleg å inngå tariffavtaler.
Internasjonal interesse
Etter at tariffavtala var på plass i Foodora, har Fellesforbundet orientert fagforbund i utlandet om avtala, både gjennom den europeiske og internasjonale transportarbeidarføderasjonen.
– Eg vil nok tru at det er langt fleire land enn Danmark som ser med interesse på det vi klarte å få til i Norge, seier forbundssekretær Sivertsen.
– Det oppsiktsvekkande for mange at vi klarte å få til ein avtale innanfor den såkalla plattformøkonomien. Det er nok også derfor det er ein relativt stor internasjonal interesse, seier han.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.