Felles avtale for elsparkesykkel-selskap i Bergen:
Elsparkesykkel-selskapet Ryde seier nei til krav om lønns- og arbeidsvilkår
Dei fem andre elsparkesykkel-selskapa i Bergen har sagt ja, men norske Ryde seier nei til ei ny avtale med kommunen.
Terje Pedersen / NTB
tormod@lomedia.no
Bergen kommune har lenge jobba med eit pilotprosjekt med felles reglar for selskapa som leiger ut elsparkesyklar i byen, men får ikkje norske Ryde Technology AS med på laget.
Ei av innvendingane frå Ryde, er til kravet frå kommunen om like bra lønns- og arbeidsvilkår som i den landsomfattande tariffavtala i bransjen, skriv Bergens Tidende som har fått innsyn i eit brev frå selskapet.
Tariffavtale for sykkelbud: Foodora-bud Erik (29) fikk større stilling ved hjelp av klubben: – Jeg føler at jeg endelig er i mål
Ryde skriv i brevet, som også Magasinet for fagorganiserte har sett, at kravet om arbeidsvilkår er ei verksemdsregulering, noko selskapet er prinsipielt mot i denne avtala.
– Vi fremmar sjølvsagt gode arbeidsvilkår for våre tilsette, og vi håpar at det kjem på plass ei tariffavtale for bransjen vår, seier Ryde-sjef Espen Rønneberg til Magasinet.
Han legg til at det er vanskeleg å signere ei avtale utan å vite kva tariffavtale som er gjeldande, og dermed kva selskapet forpliktar seg til.
– Alle operatørane som har signert på avtala har akseptert dette kravet, og vi har ikkje fått dei andre innvendingane frå dei andre, påpeikar miljøbyråd Thor Haakon Bakke i ein epost til Magasinet.
Byråden seier kravet om lønns- og arbeidsvilkår er vedtatt i bystyret, fordi det er viktig å bidra til seriøse og gode arbeidsvilkår for tilsette i bedrifter kommunen har avtale med. Vidare seier han det er opp til partane i arbeidslivet å seie kva tariffavtale som skal gjelde, ikkje kommunen eller byrådet.
– Vi veit at andre har valt å melde seg inn i Virke, så eg vil oppfordre Ryde til det same, seier Bakke.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.