Fagforeiningsleiar: – Ingen tvil om at Trond Giske er rett person
Fleire Fellesforbundet-tillitsvalde skildrar han som dyktig, lyttande og god til å snakke for seg.
– Trond har alltid blitt oppfatta som ein god representant for oss på grasrota, seier Roar Abrahamsen, Ap-medlem og leiar for den største fagforeininga i Fellesforbundet, avdeling 5 i Bergen.
Brian Cliff Olguin
tormod@lomedia.no
– Vi har følt at han har vore vår mann, snakka vår sak spesielt opp mot oslomiljøet i partiet og i saker som gjeld fagrørsla. Skal vi ha ei betre framtid innanfor rørsla, er det ingen tvil om at Trond Giske er rett person.
Det seier Bjørn Inge Fossmo, leiar for Fellesforbundet avdeling 12 i Trøndelag og mangeårig medlem i Arbeidarpartiet.
Storm rundt leiarval
Den siste tida har det storma rundt leiarvalet i Trøndelag Ap, etter at Trond Giske vart innstilt som ny fylkesleiar. Etter at fleire tidlegare og noverande AUF-arar fortalde om opplevingar med Giske og ein ukultur i partiet, valde Trøndelag AUF å vrake støtta til den samrøystes innstillinga.
Valkomiteen skal etter planen levere eit nytt forslag i ettermiddag, før årsmøtet laurdag.
• Kjell Werner kommenterer: «Ap må leve med Giske»
Støtte frå tillitsvalde
– Har historiene frå AUF-arar dei siste dagane endra situasjonen?
– Nei, for det har komme fram såpass mykje tidlegare. Sjølv om Adressa har pressa fram ei sak rett før valet, påverkar det ikkje haldningane og tankane mine rundt dette. Om Trond blir valt i morgon, får dei som ikkje handterer det melde seg ut av partiet, seier Bjørn Inge Fossmo.
Saka held fram under bildet.
Bjørn Inge Fossmo, leiar for Fellesforbundet avdeling 12 i Trøndelag.
Ole Martin Wold
Fleire har rykka ut med støtte til den tidlegare Ap-nestleiaren. Magasinet for fagorganiserte har snakka med ei rekke tillitsvalde i Fellesforbundet, og spurt kvifor dei meiner Giske er ein god kandidat.
Kontakt med grasrota
– Trond har alltid blitt oppfatta som ein god representant for oss på grasrota, og ein god representant for fagrørsla. Og så har han gjort dumme ting og tatt sin straff.
Det seier Roar Abrahamsen, Ap-medlem og leiar for den største fagforeininga i Fellesforbundet, avdeling 5 i Bergen. Han trekker fram Giske sin periode som næringsminister og jobben han gjorde for industrien.
– Han stilte alltid opp. Vi har hatt nok politikarar som hamnar i Oslo, og så er all kontakt broten, seier Abrahamsen.
Saka held fram under bildet.
Roar Abrahamsen, leiar i Fellesforbundet avdeling 5 i Bergen.
Håvard Sæbø
Lytta til fagrørsla
Arild Håvik, leiar for Fellesforbundet avdeling 25 Stavanger og omland, melde seg ut frå Ap i fjor etter tjue år i partiet, med oljepolitikken som grunngiving.
Han seier bråket rundt Giske ikkje gjer det freistande å vende tilbake.
– Eg oppfattar han som ein dyktig politikar som forstår arbeidslivet. Då han var næringsminister, lytta han til fagforeininga. Det er viktig for ein politikar å lytte til dei som har skoa på, seier Håvik.
Saka held fram under bildet.
Arild Håvik, leiar i Fellesforbundet avdeling 12 i Stavanger.
Håvard Sæbø
Det same seier Jack Narve Sæther, lokalpolitikar for Ap og leiar i Møre og Romsdal Transportarbeiderforening, avdeling 20 i Fellesforbundet.
– Eg kjenner han som ein rivande dyktig politikar, lyttande og kunnskapsrik, som har formidla vidare tilbakemeldingar frå fagrørsla, seier han.
Forståeleg og folkeleg
– Han har ein god evne til å snakke tydeleg sånn at folk forstår kva han seier, seier Håvik i Stavanger.
Også Lene Myhrvold, sentral ungdomssekretær i Fellesforbundet og lokalpolitikar for Ap på Raufoss, skildrar Giske som forståeleg og folkeleg. Samtidig understrekar ho:
– Denne saka er vanskeleg fordi Trond har den bagasjen han har. Ein skal ikkje sette seg sjølv framfor partiet, men samtidig er spørsmålet når du har gjort opp for deg og er tilgitt. Eg er opptatt av at alle skal bli varetatt, både varslarane og Trond som blir varsla mot, seier ho.
I tillegg til fortellingane frå AUF-arar, har partiet mottatt eit nytt varsel mot Giske om ei hending i 2014.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.