Lakseskatten
Fellesforbundet om lakseskatten: – Prosessen har ikkje vore god
Forbundssektretær i Fellesforbundet seier at den nye skatten på lakseoppdrett kom brått på, og at dei har vore kritisk til prosessen.
– Skatten kom brått på, utan involvering frå verken oss eller arbeidsgivarane, seier forbundssekretær Christian Justnes i Fellesforbundet.
Tormod Ytrehus
tormod@lomedia.no
Magasinet for fagorganiserte skreiv nyleg om folk på Frøya som fryktar for framtida på øya, på grunn av den nye grunnrenteskatten på lakseoppdrett som regjeringa har lagt fram.
Fellesforbundet organiserer lakserøktarane og tilsette hos leverandør- og servicebedrifter knytt til lakseoppdrett.
– Eg har ikkje noko problem med å forstå uroa på Frøya. Dette er noko som rammar arbeidsplassen til folk og familiemedlemmane deira, seier forbundssekretær Christian Justnes.
Kritisk til prosessen
Regjeringa lanserte lakseskatten på ein pressekonferanse 28. september.
– Skatten kom brått på, utan involvering frå verken oss eller arbeidsgivarane. Vi har vore kritisk til prosessen, den har ikkje vore god. Det er heller ikkje gunstig at skatten skal verke frå før den er vedtatt, seier Justnes.
Men finansminister Vedum har vore klar på at grunnrenteskatten skal bli innført no, med verknad frå 1. januar. Punktum.
Fellesforbundet har ikkje vore for grunnrenteskatt i havbruk tidlegare. Grunnrente er den ekstra inntekta som kjem frå eigarskapet til naturressursar, noko som kan føre til superprofitt. Olje- og kraftbransjen i Norge betaler allereie grunnrenteskatt.
Fellesforbundet meiner næringa er annleis enn oljeutvinning og kraftproduksjon, sida verdikjeda er lengre i lakseoppdrett. Det går to-tre år frå rogn til ferdig slakta fisk, med meir tilarbeiding og tilstøytande prosessar.
Forbundet er derimot einig i at næringa skal betale meir skatt.
– Grunnfilosofien vår er at alle skal yte etter evne, og havbruk er ei næring som tener enormt med pengar, seier forbundssekretæren.
Krava til Fellesforbundet
Når regjeringa skal innføre grunnrenteskatten, er Fellesforbundet opptatt av at den treff som tilsikta – og stiller desse krava:
• Det samla skattetrykket på næringa må bli som planlagt (opptil 3,8 milliardar).
• Også botnfrådraget må treffe etter intensjonane om å skjerme dei små bedriftene.
• Dei store investeringane som kjem i offshore havbruk må også kunne skrivast av på skatten.
• Prisfastsettinga på fisken (normprisen) må ta omsyn til laksen som blir selt på kontrakt.
• Vidareforedlinga av fisken må framleis kunne skje i Norge.
• Havbrukskommunane må iallfall ikkje komme dårlegare ut når det gjeld skatteinntekter.
– Vi må sikre vidare vekst og satsing på næringa som har vore ei suksesshistorie for Norge og lokalsamfunna langs kysten, seier Justnes.
Arbeidet til forbundet er ikkje ferdig enno, påpeikar han, før lovforslaget er lagt fram og vedtatt i Stortinget.
– Vi vil sette oss inn i proposisjonen og om nødvendig gjere det vi kan for å påverke modellen sånn at den i størst mogleg grad gjer at vi beheld og vidareutviklar ei av Distrikts-Norges viktigaste næringar, avsluttar forbundssekretæren.
Regjeringa svarer
«Havbruksnæringen er en fantastisk næring som over år er bygget opp av lokale gründere og hardt arbeid, og har vokst seg til en svært lønnsom næring», uttaler statssekretær Lars Vangen (Sp) i Finansdepartementet i ein epost til Magasinet.
«Regjeringen mener det er riktig at en større del av det store overskuddet skal komme lokalsamfunnene, kommunene og felleskapet til gode. Ved å innføre grunnrenteskatt for oppdrettsnæringen tar regjeringen nå viktige grep for å utvide en skattemodell som har tjent Norge godt i mange tiår.»
Grunnrenteskatten på havbruksnæringa har vore i den offentlege debatten i mange år, påpeikar statssekretæren. Han viser til det omfattande arbeidet til det statleg oppnemnde Havbrukskatteutvalet, lagt fram i 2019.
«Det har også vært et grundig utredningsarbeid i regjering før forslaget ble sendt på høring.»
Regjeringa har no fått inn over 450 innspel gjennom høyringa som vart avslutta 4. januar.
«Parallelt med høringen har vi møtt flere av aktørene og kommunene som har oppdrett, både på reise hos dem og i møter i departementet. Vi vil nå gå grundig gjennom alle innspill før vi legger frem et endelig lovforslag om grunnrenteskatt på havbruk i løpet av våren».
Les også: Kathrine avviste forelska sjef og ble sagt opp. Nå får hun 600.000 mindre i erstatning
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.