Fagorganisering
Fleire tusen innleigde arbeidarar har blitt LO-medlem
Ingen tilsette i bemanningsselskap får jobbe på verftet utan å vere organiserte.
Fellesforbundet i Sunnhordland no har fleire tusen medlemmar som er innleigde.
Håvard Sæbø
Saken oppsummert
eline@lomedia.no
STORD: – Før var medlemmane veldig passive, men så byrja folk å sjå at det var mogleg å få resultat. Dei kunne få det betre, og dei kunne få hjelp.
Det seier Piotr Wierzbowski, klubbleiar i bemanningsbyrået Sec.
Han har rundt 400 medlemmar i klubben, og han er ikkje aleine om å leie store Fellesforbundet-klubbar med hovudsakeleg utanlandske arbeidarar på Stord.
Ei historisk stor straum av arbeidarar til eit verft som jobbar på spreng med fleire store prosjekt samtidig, har ført til at Fellesforbundet i Sunnhordland no har fleire tusen medlemmar som er innleigde.
Ingen tilsette i bemanningsselskap får jobbe på verftet på Kjøtteinen i Leirvik utan å vere organiserte.
Verkstadklubben krev tariffavtale og organisering for å gå med på rotasjonsordningar for pendlarar, og Aker Solutions følgjer opp.
Så langt er alt vel og bra. Spørsmålet er, korleis gjer ein medlemmane aktive og engasjerte?
Organisering av arbeidarar i bemanningsbyrå
Prosjekt i Avdeling 118 Sunnhordland for å organisere og bygge klubbar i bemanningsbyrå
Avdeling 57 i Nord-Rogaland har tilsvarande prosjekt med Remy Penev som tilsett
Målet er å engasjere medlemmane og styrke rolla til dei tillitsvalde
Gjer det sjølv
– Dei må bli i stand til å løyse sakene sine sjølve, og dei tillitsvalde må lære kva dei kan gjere for å vere synlege for medlemmane.
Det seier Amram Hadida, som jobbar fulltid med å organisere innleigde.
– Vi i fagforeininga må også bli betre på å inkludere desse medlemmane. Dei har krav på det same som andre, legg han til.
Som tidlegare klubbleiar for Verkstadklubben (dei fast tilsette) på verftet, er han godt kjent med dei utfordringane massiv innleige gjer for arbeidsvilkår og løn.
– Tilsette i bemanningsbyråa har ikkje same tryggleiken som faste. Det er ikkje sosial dumping, men det går stort sett på minsteløn, seier Hadida.
BODSKAP: – De må gjere det sjølv, er bodskapen frå Amram Hadida (lengst til høgre) til tillitsvalde (frå venstre) Piotr Wierzbowski og Kamil Zimny i Sec og Andrew Jones og Elisabeth Hennis i Subshore.
Håvard Sæbø
Glad for røysting
– Eg trur haldninga til fagforeininga er i ferd med å endre seg. Før sa mange at det var bortkasta pengar, medan no forstår fleire at fagforeininga kjemper for deira rettar, seier klubbleiar Wierzbowski.
Medlemmane som er innleigde har mange av dei same problema som andre medlemmar, som løn under sjukdom, oppseiing, tapt arbeidsforteneste og arbeidsklede.
Men den svake norske krona har gjort at løn skil seg ut som det absolutt viktigaste no, når løna dei får utbetalt er verdt mykje mindre enn før i valutaen i heimlandet.
Kan hende er det ein årsak til at så mange som 1000 utanlandske medlemmar deltok i uravstemminga etter lønsoppgjeret i fjor.
Så høg deltaking var noko heilt nytt. Sjølv om det blei ja-fleirtal i avstemminga totalt, stemte 55 prosent av dei innleigde nei.
Amram Hadida er veldig glad for at så mange valde å røyste, og seier det peiker på at ei endring er på veg blant desse medlemmane.
– Eg syns det stort sett er ei positiv haldning til det å vere organisert, seier Andrew Jones, klubbleiar i Subshore.
Han og nestleiar Elisabeth Hennis brukar mykje tid på å gå rundt og snakke med folk, og særleg når det er nytilsette.
– Ein kan sjå at det er skiljer i arbeidskulturen i ulike land og at nokre treng meir tid for å opne seg om ting som er relevante for klubben.
Til saman har dei to bemanningsbyråa fleire tilsette som er medlem i Fellesforbundet enn Verkstadklubben.
Etter snart 20 år i Noreg, tykkjer Piotr Wierzbowski og nestleiar Kamil Zimny at samarbeidet med verksemda er blitt betre. Dei blir sett og lytta til, som tillitsvalde.
Maratonløp
Hadida samanliknar arbeidet sitt med å springe maraton.
– Skulle eg prøve å løyse alle sakene medlemmane treng hjelp til, kunne eg halde på inn i æva. Min jobb er å vere ei støtte og å gje tillitsvalde dei verktøya dei treng for å gjere det sjølv.
Mantraet han gjentek og gjentek er at folk må engasjere seg for å få endra på situasjonen sin.
– Fagforeininga, det er dykk! Det er ikkje eit servicekontor, men eit fellesskap med sterke klubbar ein må vere med i og bidra til.

Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.