JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Innleige:

Før måtte han gå dagar utan lønn og arbeid. No har innleigde Tomasz blitt fast tilsett

Då røyrleggar Tomasz (33) gjekk frå jobb i bemanningsbyrå til produksjonsbedrift, vart livet meir føreseieleg.
FASTE JOBBAR: Tillitsvald Jon Martin Langemyr (til venstre) jobbar for flest mogleg fast tilsette. Tomasz Krzysztof Szynkaruk er ein av dei nye tilsette i bedrifta.

FASTE JOBBAR: Tillitsvald Jon Martin Langemyr (til venstre) jobbar for flest mogleg fast tilsette. Tomasz Krzysztof Szynkaruk er ein av dei nye tilsette i bedrifta.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Fellesforbundet har avslutta ein eitt år lang kampanje for fleire faste jobbar.

– Sjølv når prosjektet er ferdig, veit eg at eg har jobb, seier Tomasz Krzysztof Szynkaruk.

Magasinet for fagorganiserte møter røyrleggaren på ein byggeplass i Nittedal. Szynkaruk har vore tilsett i bedrifta CM Mathiesen & Co sidan april i fjor. Bak seg hadde han fleire år som tilsett i bemanningsbyrå.

Kona og to barn er heime i Polen. For Szynkaruk var det viktig at arbeidsgivaren kunne gi ham moglegheit til å reise heim, i tillegg til at arbeidsgivaren er seriøs og kollegaene gode. Alt dette fann han hos den nye arbeidsgivaren sin, der han jobbar på anleggsprosjekt, tre veker på og ei veke av.

– Livet er meir føreseieleg. Eg veit at eg har arbeid og får betalt, seier han.

Med stillingsprosentar på 30 og 40 prosent i bemanningsbyrå måtte han ofte gå fleire dagar utan arbeid og lønn.

p

Nye innleigereglar

Det er eitt år sidan Fellesforbundet starta ei storstilt kampanje for fast tilsetting som nyleg er avslutta. Bakgrunnen var dei nye innleigereglane i arbeidsmiljølova frå 1. januar 2019:

Dersom ein skal leige inn utover arbeid av mellombels karakter og vikariat, må innleigebedrifta ha inngått ei landsomfattande tariffavtale, i tillegg til avtale med tillitsvald i bedrifta. Elles er innleiga ulovleg.

Kampanjen skulle styrke tillitsvalde i møte med arbeidsgivarar som ønsker å leige inn arbeidskraft, gjennom blant anna kurs og støtte frå forbundet. Målet var å bruke lova som ein reiskap til å få fleire fast tilsette.

Forbundet har no gjennomført ei undersøking blant tillitsvalde i byggebransjen og industrien, der innleigedelen er spesielt stor. 34 prosent av forbundet sine 1.500 tillitsvalde har delteke.

p

Fleire fast tilsette

Undersøkinga viser at seks av ti tillitsvalde har hatt møte med arbeidsgivaren om innleige. Omtrent 40 prosent av desse har fått gjennomslag for fleire fast tilsette.

Nesten halvparten har hatt innleige frå ei anna produksjonsbedrift, i staden for eit bemanningsbyrå. Samtidig har nærmare 60 prosent framleis hatt innleige frå bemanningsbyrå i bedrifta.

Sjølv om forbundet ikkje har tal å samanlikne med frå før dei starta kampanjen, meiner nestleiar Steinar Krogstad kampanjen har vore vellukka.

– Noko av det viktigaste er at vi har jobba saman som forbund, gjennom samarbeid mellom tillitsvalde, avdelingskontor og forbundet sentralt. Målet er å støtte opp om tillitsvalde og få fleire tilsette i produksjonsselskapa. For å få bukt med innleige og sosial dumping, må vi få delen fast tilsette opp, seier han til Magasinet.

Saka held fram under bildet.

SAMAN: Tillitsvalde må samarbeide om å få ned delen innleige og opp delen fast tilsette, meiner nestleiar Steinar Krogstad i Fellesforbundet.

SAMAN: Tillitsvalde må samarbeide om å få ned delen innleige og opp delen fast tilsette, meiner nestleiar Steinar Krogstad i Fellesforbundet.

Tormod Ytrehus

Rekruttering

Røyrleggarbedrifta CM Mathiesen & Co har ei lang tradisjon som organisert bedrift, med rundt 50 Fellesforbundet-medlemmer i ein klubb som har eksistert sidan 1948. Klubben og leiinga har ein god dialog om korleis dei kan tilsette flest mogleg, fortel tillitsvald Jon Martin Langemyr.

– Men det er ikkje alltid like lett å seie nei til innleige, seier han og viser til at rekrutteringa av fagarbeidarar til bransjen rett og slett er lågare enn etterspurnaden ute i bedriftene.

p

Med auka bruk av bemanningsbyrå utan tariffavtaler, er Langemyr redd rettane fagforeiningane har arbeidd fram gjennom hundre år, gradvis kjem til å forvitre.

Tidlegare bemanningstilsett Tomasz Krzysztof Szynkaruk melde seg inn i Fellesforbundet då han fekk ny jobb.

– Ein person si stemme forsvinn i mengda, men saman blir vi høyrd. I bemanningsbyråa visste vi ikkje at fagforeining var ei moglegheit ein gong, seier Szynkaruk.

Annonse
Annonse