JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Arbeidarkultur

Jern- og Metall gav kunstverket «Generasjoner» til arbeidsgivarane: – Ungdommane skal jo bli her i Raufoss, ikkje flytte til Oslo

Gåva frå medlemmane i Raufoss Jern- og Metallarbeiderforening til Raufoss Industripark skal inspirere til 125 nye år med industrihistorie.
JUBILEUM: Raufoss Industripark fylte 125 år i fjor. Raufoss Jern- og Metallarbeiderforening klinka til med tidenes største gåve.

JUBILEUM: Raufoss Industripark fylte 125 år i fjor. Raufoss Jern- og Metallarbeiderforening klinka til med tidenes største gåve.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

has@lomedia.no

RAUFOSS: Veggmåleriet vart lagd i høve 125-års-jubileet i fjor. Det var ferdig i sommar, men vart avduka under den årlege Industrikonferansen i slutten av oktober.

Eller rettare sagt: Plaketten vart avduka. Det var litt vanskeleg å avduke det 70 kvadratmeter store kunstverket, humra fagforeiningsleiar Bjørn Sigurd Svingen.

– Dette er noko av det artigaste eg har jobba med på lang tid, sa han.

– Jo større gåve jo meir stas. Og denne er i særklasse den største eg har mottatt, sa direktør i Industriparken, Øivind Hansebråten.

STAS: Det er stas å motta ei så stor gåve frå industriarbeidarane, fortalte direktør i Raufoss Industripark, Øivind Hansebråten.

STAS: Det er stas å motta ei så stor gåve frå industriarbeidarane, fortalte direktør i Raufoss Industripark, Øivind Hansebråten.

Håvard Sæbø

Gåve til heile byen

– Vi har tradisjon for å gi jubileumsgåver, men vi hadde ein lang prosess for å forankre og diskutere om vi skulle gi ei så stor gåve til arbeidsgivarane, fortel Svingen til Magasinet.

Kvar av dei 2.500 medlemmane har bidratt med cirka 40 kroner.

– Men det er like mykje ei gåve til lokalbefolkninga, som medlemmane er stolte over, seier fagforeiningsleiaren.

Han forklarer at bygget er opent for publikum, synleg frå Raufoss sentrum og at veggmåleriet allereie har blitt eit populært foto-motiv.

– Det er så mange monument over nedlagt industri, men vi ville vise den levande industrien, fortel han.

Bestillinga var at måleriet skulle vise menneske, ikkje berre maskiner. Og det skulle vise «fortid, notid og framtid».

GENERASJONAR: Ein levande Raufoss-industri for nye og gamle generasjonar. Det er noko veggmaleriet «Generasjonar» skal symbolisere, fortel fagforeiningsleiar Bjørn Sigurd Svingen og kunstnar Simon Alfredo.

GENERASJONAR: Ein levande Raufoss-industri for nye og gamle generasjonar. Det er noko veggmaleriet «Generasjonar» skal symbolisere, fortel fagforeiningsleiar Bjørn Sigurd Svingen og kunstnar Simon Alfredo.

Håvard Sæbø

Generasjonar med industri

Kunstverket heiter «Generasjoner» og viser ei jente og bestefaren – som høvesvis skal og har jobba i industrien.

Også den legendariske Raufoss-mopeden, lokalprodusert på 50- og 60-talet, er med.

120 sprayboksar med maling gjekk med under arbeidet, fortel kunstnaren Simon Alfredo.

– For meg var Raufoss ei ufortalt historie, bortsett frå eit fotballag nede i divisjonane. Det har vore kjempeinteressant å finne ut kor mange som jobbar her og kor viktig industrien er for Innlandet.

– Raufoss skal vere ein industristad i hundre år til. Det skal måleriet symbolisere for generasjonane som kjem. Ungdommane skal jo bli her i Raufoss, ikkje flytte til Oslo, avsluttar Alfredo med eit smil.

Raufoss Industripark

Husar 50 bedrifter.

Omset for 12 mrd. i året, med ein eksportdel på 95 prosent.

Har 2.500 tilsette.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Raufoss Industripark

Husar 50 bedrifter.

Omset for 12 mrd. i året, med ein eksportdel på 95 prosent.

Har 2.500 tilsette.