Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Seksuell trakassering opp i Høgsterett:
Det straffar seg å trakassere seksuelt. Fellesforbundet vil få bort siste rest av ukultur i mannsdominerte bransjar, og ombod Hanne Bjurstrøm ber arbeidsgivarane skjerpe seg.
I slutten av desember kom den såkalla metoo-dommen frå Høgsterett, som drøftar grensene for lovforbodet mot seksuell trakassering i likestillings- og diskrimineringslova. Tidlegare har det vore få rettsavgjerder å legge til grunn i sånne saker.
Ein ung, kvinneleg industrimekanikar vann fram og fekk medhald i at to eldre, mannlege kundar har brote lovforbodet mot seksuell trakassering og må betale til saman 35.000 kroner i oppreising.
Handlingane går blant anna ut på tafsing under genseren, kiling og klaps på rumpa. Høgsterett slår fast at hendingane oppfyller vilkåra for seksuell trakassering, altså seksuell merksemd som er uønskt og plagsom.
Arbeidsgivaren vart i lagmannsretten dømt til å betale 36.000 kroner i erstatning for tapt inntekt til kvinna som slutta i jobben, etter for dårleg handtering av saka. Bedrifta anka ikkje.
Bakgrunn: Kva er seksuell trakassering? No kjem metoo-dommen frå Høgsterett
Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm seier til Magasinet for fagorganiserte at ho er glad for dommen.
– Det er eit signal til arbeidsgivarane om at dette må ein ta veldig alvorleg og at det har konsekvensar å ikkje førebygge seksuell trakassering. Det er også eit signal til personane som opplever seksuell trakassering, om at ein bør og skal seie frå, seier Bjurstrøm.
Saka held fram under bildet.
Dommen er også viktig for Diskrimineringsnemnda som i fjor fekk myndigheit til å avgjere desse sakene, som eit kostnadsfritt lågterskeltilbod utanom domstolane.
– Samtidig er dommen tydeleg på at ein må gjere ei individuell vurdering i kvart tilfelle i forhold til kontekst og situasjon, seier Bjurstrøm.
Bjurstrøm er usikker på om det no kjem til å bli lettare å seie frå i og med at metoo-debatten allereie har rast i tre år, men understrekar:
– Vi har fått ein rettskraftig dom som er veldig tydeleg på arbeidsgivar sitt ansvar for å førebygge, at dei har erstatningsansvar dersom dei ikkje gjer det og at kundeforhold også er ramma av forbodet.
Ho seier arbeidsgivarane må undersøke risiko for seksuell trakassering, og at dei må samarbeide med fagforeiningane for å forankre arbeidet og sette det høgt på agendaen.
Fekk du med deg denne? Sjefen ble forelsket i Kathrine. Hun avviste ham og ble sagt opp
Kvinna er medlem i Fellesforbundet og forbundet har vore partshjelpar i retten. Forbundssekretær Steinar Krogstad meiner dommen er viktig for arbeidet mot seksuell trakassering i arbeidslivet.
– No må den synleggjerast sånn at både arbeidstakarar og arbeidsgivarar kjenner til dommen og kor grensene går, seier han til Magasinet.
Saka held fram under bildet.
Saman med NHO-foreiningane jobbar forbundet med rekruttering av kvinner til den mannsdominerte industrien og byggebransjen som manglar arbeidskraft.
– Vi kjenner til at mannsdominerte yrke har hatt eit historisk machoimage og ei haldning om at yrka ikkje passar for kvinnfolk. Vi har ein jobb å gjere for å legge til rette for damer, både fysisk tilrettelegging og endring av kultur, seier Krogstad.
– Eg meiner også at arbeidsmiljøet blir betre med eit mangfald, understrekar han.
Også ombod Bjurstrøm påpeikar at jentene må kjenne seg velkommen. Ho meiner ein må lage eit arbeidsmiljø der det er naturleg og ukomplisert for menn å reagere på oppførselen til mannlege kollegaer.
Krogstad seier veldig mange bransjar og bedrifter har gjort eit godt arbeid med å få bort sjåvinistisk prat, nakenkalendrar og klaps på rumpa.
– Men det overlever enkelte plassar, og då er det viktig at vi slår ned på det. No har dommen sett ein standard, og vi kan få bort siste rest av ukulturen, slår han fast.