JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Streik

Millionar av britar er ramma av jernbanestreik. Likevel er streikegeneralen blitt ei superstjerne

Mick Lynch har «feia golvet med politikarar og journalistar» under jernbanestreikane i Storbritannia, meiner tilhengarane.
NASJONALSKATT: Mick Lynch, generalsekretær i transportarbeidarforbundet RMT, er utropt som ny nasjonalskatt av britiske fans.

NASJONALSKATT: Mick Lynch, generalsekretær i transportarbeidarforbundet RMT, er utropt som ny nasjonalskatt av britiske fans.

NTB

Laurdag gjennomførte transportarbeidarforbundet RMT sin tredje streikedag i Storbritannia. Dei streikande protesterer mot lønningar og pensjonar som blir mindre verd i takt med stigande prisar.

Streikane har lamma togtrafikken når over 40.000 RMT-medlemmar har lagt ned arbeidet. Jernbanestreikane er dei største i Storbritannia på over 30 år. Og dei har ramma millionar av passasjerar.

Likevel har mange britar fått ein ny helt i den tidlegare ukjente generalsekretæren Mick Lynch i RMT.

Lynch har den siste veka turnert nasjonale tv-sendingar, for å svare på kritiske spørsmål frå journalistar og angrep frå politikarar i det konservative regjeringspartiet (britiske Høgre).

Millionar har sett klipp frå tv-sendingane som har gått viralt på sosiale medium.

– Mick Lynch har gjort meir for arbeidarar på to dagar enn Starmer (den britiske Arbeidarpartiet-leiaren, journ.mrk.) har gjort på to år, skriv ein kommentator i The Independent.

Her er nokre av klippa som mange britar har fått med seg dei siste dagane:

Skryt frå ekspertar

Lynch har «feia golvet med politikarar og journalistar», skriv kommentatoren som utropar han til ein ny nasjonalskatt.

Mick Lynch får skryt frå fleire kommentatorar og PR-ekspertar for å halde hovudet kaldt. Dei meiner han tolmodig avfeiar personlege og usaklege spørsmål. Og dei meiner han forklarer bakgrunnen for streikane på ein truverdig og tydeleg måte.

Det har han gjort med ein arbeidarklasse-dialekt som britane ikkje altfor ofte høyrer på nyheitssendingane. Den 60 år gamle elektrikaren har vakse opp i eit arbeidarklassestrøk i London.

– Eg vil verkeleg ikkje vere noko form for ikon. Jobben vår er å gjennomføre ein effektiv streik og forklare bodskapet vårt. Millionar av folk i dette landet opplever lågare levestandard og forverring av pensjonar. Vi aksepterer ikkje det, seier Lynch sjølv, ifølge The Guardian.

– Vi har ein veldig spesiell økonomisk situasjon i dette landet med full sysselsetting og minskande lønningar. Covid har vore eit røykteppe for at dei rike og mektige i dette landet har drive lønningane ned så langt dei kan.

Fleire kommentatorar og ekspertar meiner RMT har vunne kampen om opinionen, sjølv om dei ulike meiningsmålingane viser ulike resultat når det gjeld støtte til streikane.

Også skodespelaren Hugh Laurie har fått med seg Lynch sine tv-besøk:

Kan inspirere til streikesommar

Støtte frå passasjerane kan komme godt med for fagforbundet.

Lynch har åtvara om fleire streikar utover sommaren, om RMT og jernbaneselskapa ikkje klarer å forhandle fram ei løysing.

Tilbodet frå jernbaneselskapa skal vere 3 prosent lønnsvekst, mens prisane har stige med nesten 12 prosent det siste året. RMT krev 7 prosent lønnsvekst, på nivå med fjorårets prisvekst. Dei streikande protesterer også mot trugslar om oppseiingar og andre sparetiltak etter koronapandemien.

Fleire aviser har peika på at jernbanestreikane kan inspirere offentleg tilsette som sjukehustilsette og lærarar, til å streike for høgare lønn.

Statsminister Boris Johnson har på si side åtvara mot at høg lønnsvekst vil føre til høgare prisvekst og renter.

Jernbanen i Storbritannia er anbodsutsette sånn som i Norge, men under pandemien har staten garantert for innteninga til dei private selskapa. Det store jernbaneselskapet Network Rail er dessutan statleg eigd.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse