JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kontingent

No skal arbeidslause betale mindre for Fellesforbundet-medlemskapet

Minstekontingenten blir nesten halvert.
Minstekontingenten skal gjere det enklare å halde på Fellesforbundet-medlemskapen når medlemmar i periodar er utan arbeid og har lågare inntekt.

Minstekontingenten skal gjere det enklare å halde på Fellesforbundet-medlemskapen når medlemmar i periodar er utan arbeid og har lågare inntekt.

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

Minstekontingenten i Fellesforbundet blir 1. juli redusert frå 198 kroner til 115 kroner per månad. Det vedtok forbundsstyret tysdag.

Medlemmar utan lønna arbeid skal betale minstekontingent.

10.000 medlemmar var registrerte på minstekontingent 1. april. Omtrent 60 prosent var uførepensjonistar eller pensjonistar, 20 prosent på arbeidsavklaring, 10 prosent arbeidslause og 10 prosent permitterte eller i permisjon.

Pensjon og trygd: Hva betyr lønnsoppgjøret for pensjonister og trygdede?

– Ei handsrekking

– Dagens minstekontingentsats var sett til ein viss del av ein fast kontingentsats som er tatt ut av vedtektene til forbundet. Det var derfor behov for å gjere ei ny vurdering av kva som skal leggast til grunn for nivået på minstekontingenten. No har forbundsstyret konkludert med kva kostnader som skal leggast til grunn, noko som har resultert i at kontingentsatsen blir betydeleg redusert, forklarer forbundssekretær Clas Delp

– Det vil seie at medlemmar som i framtida opplever å bli for eksempel permitterte, arbeidsledige eller mottakar av arbeidsavklaringspengar, kan behalde medlemskapen sin i forbundet til ein lågare pris. Det er med andre ord ei handsrekking til medlemmar som hamnar i ein situasjon der inntekta går ned.

Framtidige endringar

Kostnadene er dei obligatoriske forsikringane gjennom LOfavør – innbuforsikringa, grunnforsikringa og fritidsforsikringa – i tillegg til kostnadene knytt til fakturering.

Forbundsstyret har foreslått at minstekontingenten i framtida skal regulerast i tråd med kostnadene for dei obligatoriske forsikringane og administrasjon, og representantskapet skal ta endeleg stilling til det i juni.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse