JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Arbeidsinnvandring

Norsk arbeidsliv må bli meir som i Qatar, foreslår sjeføkonom

Import av midlertidige arbeidarar frå Afrika og Asia, med lengre arbeidsveke og lågare lønn. Sånn vil sjeføkonom Jan Ludvig Andreassen endre norsk arbeidsliv.
– Vi får for få barn. Da må vi bruke andres barn, seier sjeføkonom Jan Ludvig Andreassen i Eika Gruppen.

– Vi får for få barn. Da må vi bruke andres barn, seier sjeføkonom Jan Ludvig Andreassen i Eika Gruppen.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

has@lomedia.no

Norge bør la seg inspirere av Qatar som også er stinn av oljepengar: satse på import av midlertidige arbeidsinnvandrarar frå Afrika og Asia, med lågare lønn og lengre arbeidsdagar.

Det foreslår sjeføkonom Jan Ludvig Andreassen i Eika Gruppen, ein allianse mellom sjølvstendige lokalbankar.

Forslaget lanserte han på Industrikonferansen på Raufoss i slutten av oktober, og i blogginnlegget «Drømmen om å kunne ta i bruk andres barn», der han skildrar forslaga sine som ei endring av norsk arbeidsliv i «qatarsk retning».

Det fekk Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum til å lange ut mot sjeføkonomen frå talarstolen. Det blir verken produktivitet eller gode lokalsamfunn dersom arbeidslivet baserer seg på å fly inn og ut arbeidsinnvandrarar, sa han.

– Dette seier noko om kor fjerne samfunnsøkonomar utdanna på Blindern er.

Sjå også kritikken mot forslaget frå ein NTNU-professor lengre ned i saka.

Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum avviste kontant forslaga frå sjeføkonomen under Industrikonferansen på Raufoss.

Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum avviste kontant forslaga frå sjeføkonomen under Industrikonferansen på Raufoss.

Håvard Sæbø

Midlertidige arbeidarar frå Afrika og Asia, med lågare lønn og lengre arbeidsdag

Sjeføkonomen utdjupar forslaget sitt overfor Magasinet for fagorganiserte:

Han foreslår at midlertidige arbeidsinnvandrarar frå Afrika og Asia skal få jobbe i Norge på seks månader lange arbeidskontraktar, med 60 prosent av norsk lønn og moglegheit til å jobbe 60 timars arbeidsveke.

– Det eineste viatnemesarar som jobbar i landbruket klagar på, er at dei ikkje får jobbe nok, forklarer Andreassen.

Om lønnssystemet med to trinn seier han:

– Det gir norske arbeidarar moglegheit til å ha høgare lønn. Og vietnamesaren vil jobbe mykje og komme heim med mykje pengar.

Han har ikkje tru på eit qatarsk arbeidsliv, understrekar sjeføkonomen.

– Vi må ha eit arbeidsliv noko midt imellom det skandinaviske og det dei har i gulfstatane.

– Vi har altfor mykje oljepengar, og det er ikkje mogleg å bruke dei utan arbeidsinnvandring. Økonomien vår liknar meir på den i Qatar enn Sverige og Danmark.

Vi kan gløyme vekst i norsk økonomi utan meir arbeidsinnvandring, meiner Andreassen.

– Skal vi auke vårt forbruk vesentleg, noko vi har råd til, så må vi ta i bruk utanlandsk arbeidskraft.

Norsk industri, bygg og anlegg og landbruk er allereie heilt avhengig av utanlandsk arbeidskraft, påpeikar han. Også helsesektoren treng fleire og fleire tilsette mens vi får stadig fleire eldre.

– Vi får for få barn. Da må vi bruke andres barn.

– Vi har skumma fløten av den beste arbeidskrafta frå Aust-Europa. Og det kan vi ikkje gjere lenger, for no blir austeuropearane heime.

– Da må vi hente arbeidskrafta frå andre land med overskot av flinke folk.

Arbeidskraft: Hele verden mangler arbeidsfolk. Her er tre viktige grunner

Sjeføkonomen med stikk til fagrørsla

– Dette er nok kontroversielle forslag i fagrørsla.

– Det er forståeleg at fagrørsla er mot midlertidig arbeidsinnvandring som berebjelke for det norske samfunnet, meiner Andreassen.

Han viser til forslumming av tradisjonsrike handverksfag etter opninga for arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa. Han meiner også fleire utanfor arbeidslivet kan bli lokka inn dersom arbeidsgivarar blir desperate nok.

– Men om vi skal vere realistiske, så vil ikkje barna våre stå på samleband, seier han om jobbane i delane av arbeidslivet som manglar folk.

– Fagrørsla må få ei mindre naiv og meir realistisk tilnærming til norsk verkelegheit. Faktum er at vi kjem til å bli stadig meir avhengig av importert arbeidskraft, og da må vi finne på nye ordningar.

Faktasjekk: Dette vet vi om dødstallene fra forberedelsene til fotball-VM i Qatar

Professor: – Håplaust forslag

– Dette er eit fullstendig håplaust utspel, det må eg seie.

Det seier Monica Rolfsen, professor i organisasjon og leiing og dekan for Fakultetet for økonomi på NTNU. Ho deltok også på Industrikonferansen på Raufoss og beit seg merke i innlegget frå sjeføkonomen.

– Det kan godt hende vi treng arbeidsinnvandring. Men eg er einig med Jørn Eggum i at det må gjerast på ein måte som ikkje skaper forskjellar og ulikheit. Arbeidsinnvandrarar må ha same rettar som oss andre, seier ho til Magasinet.

Reaksjon: «Intet ønske om noe Qatar-liknende samfunn»

To hovudproblem

Det er to hovudproblem med forslaget frå Andreassen om massiv arbeidsinnvandring med folk på låge lønningar, meiner NTNU-professoren.

Det første problemet handlar om økonomi og konsekvensar for konkurransekrafta i norsk industri:

– Høge lønningar i industrien gjer det lønnsamt å jobbe smartare og ikkje sløse med arbeidstid. Det gjer at produktiviteten i norsk industri er på topp. Forslaget går tvert imot det som har vore vellukka innanfor industrien dei tjue-tredve siste åra – og det dei har gjort på Raufoss med høgt kvalifiserte operatørar.

– Industrien har brukt maskiner og utstyr til å gjere låginntektsjobbane, noko som har gjort norsk industri konkurransedyktig på verdsmarknaden, forklarer Rolfsen.

Det andre problemet er kva som skjer med demokratiet som følge av så store lønnsforskjellar og meir ulikheit:

– Det er berre å sjå på kva som foregår i USA med eit så polarisert samfunn. Ein viktig grunn er at det er så store forskjellar mellom dei som tener lite og mykje, at det har blitt eit a- og b-lag i arbeidslivet. Så høge lønnsforskjellar i Norge kan bli eit demokratisk problem på sikt.

– Forslaget er både økonomisk håplaust og demokratisk risikofylt. Så ein dårleg ide rett og slett, konkluderer NTNU-professoren.

Den norske modellen som konkurransefortrinn

Rolfsen har jobba mykje med den norske modellen som handlar om samarbeid og tillit innad i bedrifter, og legg til:

– Samarbeidet mellom tillitsvalte og bedriftsleiinga har vore eit viktig konkurransefortrinn i Norge. Gjennom a- og b-lag i arbeidslivet vil det også undergravast.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse