Lønnsoppgjeret
Ny lovfesta minstelønn kjem ikkje før tidlegast i mai
Grunna seine lønnsoppgjer i fjor, blir den lovfesta minstelønna i ni bransjar vedtatt seinare enn vanleg. Men tilsette utan tariffavtale kan få eit ekstra stort lønnshopp om eit par månader.
LOVFESTA: Norge har ingen lovfesta minstelønn for alle arbeidstakarar, men på blant anna byggeplassar er minstelønna i tariffavtala såkalla allmenngjort.
Tormod Ytrehus
tormod@lomedia.no
Framleis lovfesta minstelønn i ni bransjar skulle etter planen bli vedtatt på eit møte måndag og tysdag, men grunna gravferda til LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen må det utsettast til 10. og 11. mai. Dermed blir den nye minstelønna frå både fjorårets og årets tariffoppgjer truleg lovfesta med verknad frå slutten av mai.
Når får du din nye lønn? Her er de viktigste datoene i lønnsoppgjøret 2021
Seinare enn normalt
LO og forbunda må kvart andre år krevje ny lovfesting av minstelønna og enkelte andre vilkår i tariffavtalene. Ifølge allmenngjeringslova gjeld nemleg den såkalla allmenngjeringa av tariffavtalene berre så lenge avtalene løper, som er mellom hovudoppgjera kvart andre år, med mindre partane krev eit nytt vedtak.
Normalt er eit hovudoppgjer ferdig på våren. Så har forbunda og LO ein månad på seg til å krevje ny allmenngjering, noko dei gjerne treng for å dokumentere behovet sånn lova krev. Deretter behandlar Tariffnemnda krava og sender utkast til forskrifter ut på høyring. Vanlegvis er prosessen ferdig på slutten av året, og den nye minstelønna blir gjort gjeldande rundt årsskiftet.
Grunnen til at den nye minstelønna enno ikkje er vedteken, fleire månader seinare enn vanleg, er at fjorårets hovudoppgjer som skulle starte i mars, vart utsette til august på grunn av koronasituasjonen.
Mens tilsette i bedrifter med tariffavtale fekk etterbetalt lønnstillegga sine frå 1. april i fjor, kan ikkje den lovfesta minstelønna gjelde før etter at tariffoppgjera er ferdig og nye forskrifter har trådd i kraft.
Hva står striden om i lønnsoppgjøret? Her får du innsikt
Slutten av mai
Avdelingsleiar Knut Bodding i LO representerer arbeidstakarsida i den statleg oppnemnde Tariffnemnda som vedtar allmenngjeringa.
– Allmenngjerings-vedtaket kjem på etterskot av når folk faktisk får lønnstillegg, sånn har det vore i alle år. Det er ein periode det vil vere skeive lønningar. Denne gongen har den vore ekstra lang, seier han til Magasinet for fagorganiserte.
Bodding seier dei nye satsane sannsynlegvis vil bli gjeldande frå slutten av mai, og at ein truleg vil oppjustere satsane etter årets mellomoppgjer i same slengen.
– Allmenngjeringa er uansett viktig. At det er litt forskjell ein periode, trur eg ikkje har store praktiske konsekvensar. Det kan vere nokre kroner i forskjell for dei som ikkje har tariffavtale, men det viktigaste er å sikre allmenngjeringa. Den er det beste middelet vi har mot sosial dumping, slår han fast.
Nedgang i reallønna er uaktuelt for LOs forbundsledere: – Jeg blir faktisk litt provosert av NHO
Ni bransjar
Allmenngjeringslova vart innført i 1994 då Norge vart omfatta av EUs frie flyt av arbeidskraft gjennom EØS-avtala. Lova skal sikre at arbeidsinnvandrarar har norske lønn- og arbeidsvilkår, og at dei norske vilkåra ikkje blir dårlegare som følge av konkurransen frå utanlandsk arbeidskraft. Den vart for første gong tatt i bruk før austuvidinga av EU frå 2004, og gjeld i dag innanfor ni bransjar:
• Byggfag (tariffavtala mellom Fellesforbundet og BNL)
• Skips- og verftsindustrien (Fellesforbundet og Norsk Industri)
• Jordbruk og gartneri (Fellesforbundet og NHO Mat og Drikke)
• Reinhaldsbedrifter (Arbeidsmandsforbundet og NHO Service og Handel)
• Fiskeindustribedrifter (NNN og Sjømat Norge)
• Elektrofag (EL og IT og Nelfo)
• Godstransport på veg (Fellesforbundet og NLF)
• Persontransport med turbil (Fellesforbundet og NHO Transport)
• Overnatting, servering og catering (Fellesforbundet og NHO Reiseliv)
NHO vil ha kutt i reallønna. Her er tallene som viser at norske bedrifter har fått det mye lettere de siste åra
Les også: Dette er snittlønna i over 350 yrker
Kim Tomas har en av Norges dårligst betalte jobber: – Lønna gjør noe med stoltheten vår
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.